Språkleg mangfald

Ei av dei miljøskapande sidene ved stadnamna er det språklege mangfaldet dei står for. Dersom ein har samla stadnamn frå eit lokalmiljø, vil ein sjå at dei representerer ei mengd ulike ord og former. Som døme på ein slik namnebundel kan nemnast Byrkjeflot, Bås, Kvelvet, Rossvoll, Skutull, Skådnasete, Tussen, Tveitane, Veisane i Ullensvang. Lokalfolk flest kan ikkje seie så mykje om kva desse namna tyder, men det er namn som dei kjenner og nyttar, og dei er ein del av den språklege rikdomen i dette lokalsamfunnet.

Same namn i mange kommunar

Sjølv om mange kommunar har utnytta dette lokale språklege mangfaldet i den nye namnsetjinga, er det ein del namn og namneledd som går igjen. Særleg er det vanleg å bruke -gate og -veg som sisteledd i adressenamna. Dessutan har ord med liknande tyding, som -stig, -gang, -far, -allé, -ring, -sving, blitt tekne i bruk i aukande grad. Som førsteledd (utmerkingsledd) i slike nye namn førekjem ofte eldre stadnamn, t.d. Førlandsringen (Strand), Salhussvingen (Bergen), men ein vil sjå at ei stor mengd av norske tettstader har namn av typen Kirkegata, Storgata, Stasjonsvegen, Industrivegen. Desse namna kan vere representative nok for kvart enkelt lokalsamfunn etter som dei fortel noko om staden, men ser ein dei ut frå eit ønske om språkleg mangfald og lokal variasjon i landsmålestokk, vil ein fort konstatere at det dreiar seg om ein einsformig praksis. Også innan gruppenamna finn ein dei same typane representerte i mange kommunar.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter