Frå tale til skrift

I vårt samfunn er det skrivne ordet – anten det gjeld stadnamn eller anna språk – ein føresetnad for effektiv kommunikasjon og meiningsutveksling. Men skriftmålet er sekundært i høve til talemålet. Talemålet eller dialekten er den opphavlege uttrykksforma, den som skriftmålet byggjer på.

Gjennom tidene har talemålet endra seg mykje, frå eit eldre germansk og nordisk mål til gammalnorsk, mellomnorsk og moderne norsk. Alt tidleg tok det til å kløyve seg i dialektar, som har utvikla seg på ulike måtar. Kvar generasjon har lært målet slik det har vore tala på staden ved det aktuelle tidspunktet. Sjølv etter at skriftmålet kom i bruk, vart stadnamna hovudsakleg nytta i målføreform. Det gjeld framleis ei mengd heilt lokale namn på innmark og utmark rundt om i landet. Men meir brukte namn blir i aukande grad uttala etter skriftbiletet.

Skrifthistorikk

Kunsten å skrive med latinske bokstavar er ikkje meir enn ikring 1000 år gammal. (Runeskrifta går attende til det 3. hundreåret e.Kr.). Dei eldste skriftlege døma på stadnamn her i landet er frå slutten av 1100-talet (nokre få førekjem tidlegare i runeinnskrifter). Seinare flyt kjeldene rikare, og frå slutten av 1300-talet og utetter ligg det føre eit rikt materiale av namneformer i diplom (brev/dokument), jordebøker, skattemanntal og andre dokument. Fram til ikring 1500 er målet i dei skrivne kjeldene hovudsakleg norsk (gammalnorsk, mellomnorsk). Deretter tek dansk språk og skriftmønster over. Men korkje den førreformatoriske skrifttradisjonen eller dansken i hundreåra etter reformasjonen stod for noka fast norm.

Skiftande skrivemåtar

Medan dialektane har endra seg etter måten lite dei siste hundreåra og fram til midten av 1900-talet, vil ein finne mange ulike og avvikande skriftformer i dei etterreformatoriske kjeldene. Eit namn som Skjæsar (Lom) er t.d. skrive Skedssehr, Skiedtzar på 1500-talet, Skiøeser, Schiedtzer på 1600-talet og Skiedser på 1700-talet. Dette er skriftformer som er førte i pennen av danske embetsmenn. Skrivarane hadde som regel liten kunnskap om norske språkforhold og skreiv namna etter eit meir eller mindre vaklande dansk skriftmønster. Ofte vart det nytta mange ekstrabokstavar. Ikkje sjeldan vart relativt gjennomsiktige namn mistydde. Døme på slike villeiande skrivemåtar frå dansketida er Husaker for Hausåker (Vestre Slidre), skrive a Hausakre på 1300-talet, men Hussager på 1500-talet. Denne siste skrivemåten ligg til grunn for slektsnamnet Husager, Husaker. Førsteleddet går attende på eit ord haus, 'rund fjellformasjon', og ikkje på hus, som ein kunne tru av slektsnamnet. Namnet Ense i Ski, av eldre Einarshaug, har både som slektsnamn og til dels som stadnamn fått den mistydde forma Endsjø. Eit anna døme på det skrifthistoriske «virvaret» finn ein ved Mele (Osterøy) som er skrive i over 25 variantar, t.d. Mehle, Mæhle, Mehlum, Mellem osv. Namnet kjem av mel m. 'sand- og grussamling'.

Stadnamn og slektsnamn

Ein stor del av dei norske slektsnamna har opphav i gards- og bruksnamn. Slektsnamna blir ofte skrivne slik som gards- og bruksnamna, men ofte òg ulikt av di slektsnamna i stor grad har opphav i alderdomlege skrivemåtar etter dokument frå 16-17-1800-talet. At folk som har slektsnamn etter ein gard, ønskjer at gardsnamnet skal skrivast på same måte som slektsnamnet, er forståeleg. Men her er det viktig å hugse på at gardsnamnet oftast er langt eldre enn dei skriftformene ein finn i gamle dokument, og at det er dialektuttalen som representerer den eldste forma av di han er overlevert i ubroten tradisjon opp til vår tid. Men dialektuttalen må i ein viss grad normerast etter moderne rettskrivingsprinsipp og rettskrivingsreglar, og det er det som blir gjort når den offisielle skrivemåten blir fastsett, sjølv om det også blir teke omsyn til innarbeidd skrifttradisjon. 

Ein bør med andre ord skilje mellom skrivemåten av slektsnamn, som er regulerte ved lov 7. juni 2002 om personnavn, og skrivemåten av gardsnamn, bruksnamn og stadnamn i det heile, som skal fastsetjast etter lov om stadnamn. Ein grunn til denne ulike handsaminga av stadnamn i høve til personnamn er at stadnamna kan sjåast på som ei felleseige, medan personnamna er knytte til det einskilde mennesket og den einskilde slekta og såleis kjem inn under personvernet. 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:22.06.2011 | Oppdatert:14.01.2021