Kva tyder stadnamnet?

Dei aller fleste stadnamna har ei opphavleg beskrivande tyding, men som vi har peikt på ovanfor, fungerer dei først og fremst som ei adresse eller ein referanse til ein stad. Ein treng ikkje vite at t.d. Tromsø tyder noko slikt som «øya i straumen» – alle veit at det dreiar seg om ein viss by i Nord-Noreg. Til og med namn som inneheld ord som er daglegdagse, t.d. Nesodden, Mo, Vik nyttar ein utan å tenkje på kva dei tyder.

Det at den opphavlege tydinga ikkje er så viktig for den daglege bruken av stadnamn, har gjort at namna lettare kan ha blitt nedslitne enn ordtilfanget elles. Ense (Ski) går t.d. tilbake på eit eldre Einarshaugr,  skrive af Einarshaugi ca. 1400. Ekle (Strinda) er skrive af Eiklidhe ca. 1435, Kallåk (fleire stader) er kortform av Kaldåker. Men ofte er ei meir ordhistorisk form halden oppe i skrivemåten, sjølv om lydlovene i målføret har «herja» med namnet, t.d. Meråker, uttala «Mårråk», Oppsal fleire stader (av eldre Uppsalir), uttala «Oksol», «Oksøl», «Ofsol» (i austnorsk med «tjukk l»).

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter