Kor langt rekk eit stadnamn?

Ei side ved stadnamna som lova ikkje går nærare inn på, er kva funksjon eit namn har, og kor stort område den namngjevne lokaliteten femner om. Ved namn på administrative inndelingar, adresseeiningar, poststader, parkar, anlegg, institusjonar o.l. er namneobjektet i utgangspunktet klart definert og avgrensa. Det same gjeld namn på eigedomar. Derimot er det ei mengd større og mindre namngjevne lokalitetar som ikkje er nøyaktig avgrensa. Ofte finst det heller ikkje i lokal bruk klare avgrensingar – t.d. kan eit fjell ha ulik utstrekning etter kven som nyttar det. Det er såleis ikkje så lett å dra grensene for eit fjellområde som Børgefjell eller eit høgdedrag som Holmenkollåsen. Stort sett fungerer slike namn med stor nok presisjon, og kartprodusentane nøyer seg med å plassere namnet så nokolunde i sentrum av lokaliteten på kartet. Derimot vil Børgefjell brukt i områdenamnet Børgefjell nasjonalpark ha ei klar avgrensing.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:22.06.2011 | Oppdatert:14.01.2021