Kva er eit stadnamn?

Eit stadnamn kan definerast som eit språkleg uttrykk som hjå ei større eller mindre gruppe menneske utløyser førestellinga om ein viss lokalitet. Eller sagt enklare, eit stadnamn identifiserer eller peikar ut ein viss stad. I lov om stadnamn er stadnamn definert som «namn på geografiske punkt, liner og område som kan kartfestast». Grensa mellom stadnamn og andre namnegrupper som institusjonsnamn og namn på verksemder er flytande. Denne framstillinga kjem inn på stadnamn i vid samanheng og tek i prinsippet opp alle namnegrupper som refererer til fast lokaliserte objekt.

Funksjon

Når eit stadnamn blir nemnt, vil dei fleste som kjenner det, vite kva stad det er tale om. Ein kan seie at stadnamna fungerer som merkelappar i omgivnaden vår – eller adresser.

Når to bønder er blitt samde om å møtast på Haustlegene for å sanke sauer, fungerer dette namnet som ei adresse for dei – på same måte som Hagegata 23 gjer det for tusenvis av oslofolk som skal levere inn sjølvmelding (Oslo likningskontor ligg der).

Men det er ein vesentleg skilnad på desse to stadnamna. Det første er kjent og brukt av nokre få, og det har ikkje nokon «offisiell» status så lenge det ikkje står på kart eller i andre offentlege publikasjonar. Det andre har derimot mange brukarar, og det har gått inn i det offisielle adressenamnsystemet i kommunen. Men dersom det skulle kome eit byggjefelt på t.d. Haustlegene, er det ikkje noko i vegen for at dette namnet kunne nyttast i adressetildelinga og slik få offisiell karakter.

Det er såleis som adresse stadnamn er mest aktuelle for folk flest. Men ein kan og sjå på dei frå ein kulturhistorisk eller språkvitskapleg synsvinkel: Kva tyder namn? Kva fortel dei om? Kva lydleg og grammatisk form har dei?

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter