Stadnamn som adresse

Som det er framheva tidlegare, er det adressefunksjonen som er det viktigaste ved stadnamn. Ut frå dette kunne ein hevde at namn som representerte det mest effektive orienteringssystemet, ville vere å føretrekkje.

Nummernamn

I USA er «nummernamn» svært utbreidde i adressesystemet, noko som delvis heng saman med den rektangulære oppdelinga av grunneigedomar og dermed av tettstadene. På Manhattan i New York er dette systemet særleg langt utvikla. Her er dei store langsgåande gatene kalla First Avenue, Second Avenue osv. til Twelth Avenue, og dei tversgåande gatene East 1st Street, East 2nd Street, West 3rd Street osv. til 218 (nokre avenyar og gater har «vanlege» namn i tillegg til nummernamn). Eit slikt rektangulært system kan vere lett orientere seg etter, særleg når gatenettet er kvadratisk. Også i norske tettstader finn ein innslag av slike «tal»-namn, t.d. Gate 1, Gate 2 til Gate 7 i Måløy. Men den norske topografien og norsk tettstadregulering ligg ikkje i same grad til rette for eit slikt system som t.d. i USA.

Retningsnamn

Vanlegare er det å skilje mellom eit par eller nokre få gater ved hjelp retningsord, t.d. Nordregata, Søregata, Øvrevegen, Nedrevegen. Når ein er i Nedrevegen, er det lett å tenkje seg kvar Øvrevegen ligg. Og når ein leitar etter namn som Hamnegata eller Fiskerkroken, kan ein truleg kome på rett lei om ein søkjer mot sjøen.

Gruppenamn

Ein annan måte å lette orienteringa på er å knyte namn med ein felles tydingskrins til visse område i tettstaden, gjerne kalla gruppenamn eller kategorinamn. Ein vil då vite at vegar med t.d. plantenamn finst i eitt område og vegar med dyrenamn i eit anna. Dette namngjevingsprinsippet er svært utbreidd ved adressetildelinga i heile landet.

Ei slags gruppenamngjeving er og representert ved relasjonsnamn som Rudsbakken, Rudssaga, Rudsvegen. Her er dei nye namna laga i relasjon til eit eldre, allment kjent namn Rud. Når ein møter slike namnegrupper, vil ein vite at ein er i nærleiken av Rud. For å unngå samanblanding av namn med same førsteledd bør ein helst ikkje nytte meir enn nokre få relasjonsnamn til same primærnamnet.

Dei større byane har sjølvsagt fleire problem å hanskast med når det gjeld adressetildelinga enn dei mindre tettstadene og dei grisgrendte stroka. Gruppenamn kan då vere lette å ty til, samstundes som dei har praktiske fordelar. Både brannvesen, ambulansar, drosjar, vareleverandørar og andre som skal til dei aktuelle adressene, vil ofte ha stor nytte av at adressenamna blir organiserte med tanke på ei mest mogeleg effektiv orientering. Ein må likevel vurdere nøye kva slags namnegrupper ein innfører, og ikkje minst må ein vurdere dei kulturelle og miljømessige ulempene som slik namngjeving kan innebere. Ei ulempe ved gruppenamna er at dei ofte ikkje har noka naturleg tilknyting til området slik tradisjonelle stadnamn har. Namn som Trompeten og Månestrålen er bokstavleg tala henta ut or lufta. Rett nok blir slike namn helst nytta i dei største busetnadskonsentrasjonane der meir nærliggjande namn er «oppbrukte».

Individuelle stadnamn

Dei fleste tradisjonelle stadnamna har vakse fram på sjølvstendig grunnlag, altså utan nokon tilsikta gruppesamanheng. Men det hindrar ikkje at også slike namn kan ha orienterande innhald. Ofte inneheld namna ord som på ein instruktiv måte forklarar kva som er særmerkt for staden, t.d. om det er høgt, bratt eller flatt. Namn som Brattkollen, Grøndalen, Eikemo, Sjonarhaugen (til sjon '(ut)syn'), Elvebakken, Furuholmen, Kløfta, Stasjonsvegen er døme på namn som avspeglar eitt eller fleire særmerke ved staden. Rett nok kan det hende at somme slike særmerke er mindre synlege i dag; kanskje er det ikkje lenger nokon eikeskog på Eikemo.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:22.06.2011 | Oppdatert:14.01.2021