Namn blir borte – og nye kjem til

Talet på stadnamn er ikkje stabilt. Mange namn som har vore i bruk tidlegare, er borte i dag, eller er i ferd med å gå i gløymeboka. Men nye namn kjem til etter kvart som dei trengst. Vi kan rekne med at eit samfunn har så mange namn som det heile tida har bruk for. Endringane i namnelandskapet heng saman med endringane i levevilkår og busetnad og dermed med utnyttingsformene av naturen. Dei menneskelege aktivitetane i dag krev til dels andre namn enn dei som har vore nytta tidlegare. Medan det norske namnelandskapet for eit par generasjonar sidan var prega av ei ekstensiv ressursutnytting, først og fremst gjennom husdyrhaldet, er primærnæringane i dag spesialiserte og konsentrerte om langt mindre areal. Hundretusenvis av stadnamn som vart nytta i første halvdel av dette hundreåret, er no ofte ikkje meir enn eit passivt namnegods, om dei då ikkje er heilt gløymde.

Om tapet av eldre namn er dramatisk i dag, er det på den andre sida ein sterk vokster av nye stadnamn i samfunnet. Der det tidlegare var uproduktive utmarksområde med få eller ingen namn, kan det i dag vere friluftsanlegg med nye namn.

Ei slik veksling mellom gamle og nye namn har det alltid vore, sjølv om dei ytre endringane skjer snøggare og er meir omfattande i dag enn tidlegare. Både vikingtida og høgmellomalderen var ei ekspansjonstid med aukande folketal og nyrydding, og mange nye stadnamn vart tekne i bruk. Nedgangstidene i seinmellomalderen førte til at mange gardar og heile bygdelag vart lagde øyde, og mange stadnamn vart gløymde. Seinare vart mange nedlagde gardar og plassar tekne oppatt, ofte med nye namn som Øydegarden, Øgarden, Aune.

Endringar i næringsstrukturen

Stadnamn som er nytta av mange i eit samfunn, har større sjanse til å overleve enn namn som er brukte av nokre få. Ein stor prosent av det samla stadnamntilfanget i landet gjeld namn som berre er kjende i dei små namnekrinsane i dei tradisjonelle jordbruks-, fiskar- og fangstmiljøa, og då helst av den eldre generasjonen. Fram til midten av vårt hundreår var ein stor del av dette tilfanget i levande bruk. Seinare er det gradvis blitt eit passivt og til dels gløymt tilfang. Utviklinga av samfunnet dei siste tiåra med mekanisering i jordbruk, skogbruk og fiske, endra bruksstruktur og fråflytting har gripe særleg radikalt inn i stadnamntradisjonen.

Nye stadnamn

Frå å vere eit typisk bonde- og fiskarsamfunn har Noreg på eit par mannsaldrar endra seg til ein industri- og høgteknologinasjon med fleire og fleire som bur i tettstader. Nyregulering, byggjeverksemd og anlegg på land og sjø har skapt grunnlag for ei mengd nye stadnamn. Særleg stor har tilvoksteren vore når det gjeld namn på vegar, gater og anlegg av ymse slag. Turisme og fritidsaktivitetar har skapt sine namn. Også i dei tradisjonelle næringane har nye namn kome til – skapte ut frå dagens behov, t.d. E11, Per Gynt-vegen, Bulldosarteigen, Campingplassen, Kioskkroken. Ein god del nye namn, særleg på forretningar, serveringsstader o.l. er på engelsk og andre framandspråk, t.d. butikken BigO (av Storo 'den store garden ved åa, elva'), forretningssenteret City Syd, restauranten Pizzeria Vina del Mar.

«Fine» og «stygge» namn

Både norske og utanlandske namn blir ofte vurderte ut frå om dei er «fine» eller «stygge», særleg når det er aktuelt å gje nye namn. Adressenamn som Huk aveny og Ullern terrasse har gjerne hatt større prestisje enn namn som Guttua og Brattbakken. Somme oppfattar eldre skrivemåtar som Woxen og Wiik som «finare» enn rettskrivingsformene Voksen og Vik. Slike haldningar er subjektive og har ikkje språkleg grunnlag, men i somme høve kan ein korrekt målførebasert skrivemåte gje uheldige assosiasjonar, t.d. Daustad i Vestnes, der den eldre og meir «nøytrale» skriftforma Daugstad er innført. Hovudprinsippet ved namnsetjinga er å nytte nedarva lokale namn, normert på grunnlag av dialekten, men ein bør unngå å nytte namneformer som kan vekkje uheldige assosiasjonar, utan at ein av den grunn prøver å skape kunstige namn.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter