Dryl ballen inn i tjukkasen

AV MAREN BØ, frilansjournalist og idrettspedagog

Maren BøEg hadde ein gong ein gymlærar som samla på gymord. Han likte spesielt dei orda som handla om å skyte ballen hardt, og helst i mål. Kvar time ramsa han opp: dryle, blure, druse, kline, smelle, dure, fyre, måke og sikkert mange fleire. For ein nørd, tenkte eg då. Så vart eg gymlærar, og plutseleg samla eg på gymord sjølv.

Det er ikkje vanskeleg å forstå at det finst mange språklege uttrykk for det å skyte ballen i mål. For det er ikkje mykje som slår kjensla av å kline til skikkeleg, slik at fotballen treff reint på foten og susar inn i kassa.

Erling Braut Haaland, fotballproffen frå Jæren, snakkar ofte om korleis han dryler ballen i mål. Når han i intervju gjentekne gonger blir spurt om kvifor ditt og kva datt han tenkte og kjente idet han fyrte laus, svarer Erling nøkternt at det berre var å dryla te. Så få ord for så mange kjensler.

Eit anna artig gymord, som blir brukt i heile landet, er tjukkas. Namnet passar så fint til madrassen, for han er jo tjukk. Tjukk og elska, i motsetning til den hata bukken. Så snart gymlæraren nærmar seg strikken som held tjukkasen på plass, startar ei iling i forsamlinga. Dei aller minste klarer ikkje å halde kroppen i ro og berre kjenne på lufttrykket den tunge madrassen gjev frå seg når han dundrar i golvet. For dei litt eldre er tjukkasen perfekt til kroppsleg flørting, eller berre til å nyte livet på med ei skadd tå.

Men til poenget: Tenk å kalle eit pedagogisk verkemiddel for tjukkas. Det hadde ikkje kome på tale i dag. I ordboka mi er tjukkas forklart som «ein tjukk landingsmadrass i sprangøvingar», og som det meir openberre, «ein tjukk gut eller mann». Omgrepet er naturlegvis forbode å bruke om medelevar, så her må ein halde tunga beint i munnen.

Forresten er det heller ingen som kallar dei tynne mattene for tynnasane. Eg har prøvd, men det slo ikkje an. Og slik krasjar tjukkasen og tynnasen med norsk kultur. For her til lands skryter vi støtt av kor tynne vi har blitt. Det motsette er det berre bestemora mi som snakkar om. Tynnas står då heller ikkje i ordboka.

Det viktige er uansett at ein ikkje forvekslar dei to tydingane av tjukkas. Elles kan det å be elevane trene på å dryle ballen inn i tjukkasen kome feil av stad.

---

PS: Eg er klar over at eg brukar omgrepet gym og ikkje kroppsøving her, men det er ei anna språkhistorie.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter