Hurra for Nöörje!

No image

Nöörje, Norga, Vuodna og Norja. Noreg har fått offisielle namn på dei samiske språka og kvensk.

Stortinget gjorde vedtak om dette 4. mai, etter ein prosess som også Språkrådet har vore involvert i. Det å gje råd om kvenske stadnamn er ei av oppgåvene til Språkrådet.

Dei offisielle namna er:

Språk    
Nynorsk Noreg Kongeriket Noreg
Bokmål Norge Kongeriket Norge
Sørsamisk Nöörje Nöörjen gånkarïjhke
Nordsamisk Norga Norgga gonagasriika
Lulesamisk Vuodna Vuona gånågisrijkka
Kvensk Norja Norjan kuninkhaanvaltakunta

Fleirspråklege skilt på riksgrensa

Mangelen på offisielle samiske namn på Noreg har hindra Statens vegvesen i å skilte på samisk ved riksgrensa. Regjeringa har derfor bedt Statens vegvesen om å sikre fleirspråkleg skilting på riksgrensa frå Engerdal kommune i Innlandet og nordover til Pasvik i Sør-Varanger kommune i Troms og Finnmark.

Første gong på kvensk

Forslag til vedtak av offisielle namn på Kongeriket Noreg blei fremja av regjeringa i Prop. 118 S (2020–2021). Dokumentet finst på www.regjeringa.no på norsk, nordsamisk og kvensk. Det er første gong eit offisielt regjeringsdokument er omsett til kvensk. Sidan dokumentet skulle omsetjast, måtte det lagast ein del ny terminologi på kvensk.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:24.08.2021 | Oppdatert:22.03.2022