Utfordr engelsk!

Direktør i Språkrådet Åse Wetås

Heilt sidan det fyrste norske universitetet vart stifta i Christiania i 1811, har høgare utdanning i Noreg vore eit fleirspråkleg domene. Slik må det vera, for Noreg er nær knytt til resten av verda, og forskinga går på tvers av landegrensene.

Men dei siste åra har det blitt mindre språkleg mangfald i sektoren. Aukande bruk av engelsk går ut over norsk og andre språk. Denne utviklinga uroar meg. Kven andre enn dei norske utdanningsinstitusjonane skal rusta studentane, arbeidslivet og samfunnet med eit godt, norsk fagspråk?

Heldigvis er ikkje eg den einaste som er uroleg. For å unngå at norsk blir trengt heilt ut frå akademia, har universitet og høgskular sidan 2010 hatt eit lovpålagt ansvar for å halda ved like og vidareutvikla norsk fagspråk. Kunnskapsdepartementet har slått fast at dette ansvaret inneber at institusjonane må laga eigne språkstrategiar.

Kor godt fungerer eigentleg desse strategiane? Det har vi fått svar på i ein fersk rapport frå Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku). Nesten alle institusjonane har eller er i ferd med å skaffa seg språkstrategiar. Dikus inntrykk er likevel at språkstrategiane i liten grad er strategisk viktige for institusjonane.

Eg er oppteken av at språkarbeidet ikkje skal handsamast isolert og som ei tilleggsoppgåve for institusjonane. Tvert imot – godt språk er den beste reiskapen for å nå andre mål. Difor har eg lyst til å utfordra institusjonane til å satsa på norsk fagspråk både når dei skal løysa samfunnsoppdraget sitt, og når dei skal nå andre visjonar og mål. Utfordr alt!


Signatur
Åse Wetås
direktør i Språkrådet

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter