Spår større språkmangfald

No image

I kva grad blir språkpolitikken og språklova eit tema i valkampen denne hausten? Vi har bede politisk kommentator Jens Kihl om å ta ein titt i spåkula.

AV SIGRID SØRUMGÅRD BOTHEIM

– Eg trur ikkje at fylkeskommunal nynorskplikt er blant temaa på den store partileiardebatten siste kvelden før valnatta. Men det er ikkje så viktig. Dei som er opptekne av språkpolitikk, har fått tid og rom til å arbeide med språklova. Det er svært bra. Med språklova finst det eit rammeverk som styrkjer dei språklege rettane til innbyggjarane, seier Jens Kihl i Bergens Tidende.

Eg brenn for god rettskriving, men eg trur det er mykje viktigare å løfte språkmangfaldet.

Den 12. mai 2020 la kulturminister Abid Raja fram språklova for Stortinget, og den 8. april 2021 vart lova einstemmig vedteken. Det er med andre ord brei politisk semje om å styrkje norsk språk på alle samfunnsområde og i alle delar av samfunnslivet i Noreg. Samtidig har det vore ein del debatt rundt dei ulike paragrafane i språklova.

Blant anna meiner Arbeidarpartiet at språklova vil svekkje nynorsken, og at lova bør ha sterkare tiltak for å slå attende mot påverknaden frå engelsk. Framstegspartiet meiner at sidemål i skulen bør vera valfritt, og at språklova er eit fint høve til å gje elevane denne valfridomen. Dei raudgrøne partia ynskjer at regjeringa skal koma med forslag om kva sanksjonar som bør gjelde ved brot på språklova. Og Høgre synest at det er viktig at språklova tek omsyn til sjølvråderetten i fylkeskommunane.

Merksemda og debattane rundt språklova har ført til at fleire parti har sett språkpolitiske saker på agendaen, meiner Kihl.

– Noko av det mest interessante som har skjedd, er den fornya språkpolitiske interessa i Arbeidarpartiet. Tidlegare hadde dei knapt noko i programmet sitt om nynorsk og bokmål, men nå har dei fått inn fleire formuleringar om språk og målformer. Dei borgarlege partia har laga ei samlande språklov med ein sterk formålsparagraf. Dei raudgrøne har sagt at dei ikkje er nøgde med alle punkt, og dei prøver å stramme til nokre av føresegnene. Vi har med andre ord fått eit godt fundament, men fleire av paragrafane i lova vart svekte undervegs i arbeidet, for eksempel kravet om at kvar enkelt tilsett i staten skal meistre båe målformer. Nå prøver opposisjonen å justere lova meir i den retninga dei ynskjer.

Koronaen har gjort det offentlege meir inkluderande

Det er fleire hendingar i det siste som har gjort språkpolitikken aktuell. Kihl meiner at koronaen har endra Noreg som språksamfunn. Det siste året har mange sett at kommunikasjonen med forvaltninga handlar om meir enn at offentleg informasjon skal vera tilgjengeleg. Ein har måtta gå meir aktivt ut for å nå fram til alle.

– Før kunne det offentlege seia at dei hadde informert etter boka. Men nå har vi vore avhengige av at all informasjon må nå fram til heile folket. Den klarspråkskompetansen som helsetoppane og regjeringa har vist, har vore imponerande, spør du meg. Koronaen har vore ein vekkjar for språkarbeidet i offentleg sektor, og eg trur at mange har vorte opptekne av å forstå språkmangfaldet.

Eg har vakse opp med bokmål som opplæringsspråk utan eigentleg å få med meg at ein burde ha fordommar mot nynorsk.

Kihl peiker på at informasjon har vorte omsett til både nye og gamle minoritetsspråk, og han ser at dei teiknspråktolka pressekonferansane har hatt mykje å seia.

– Nå har fleire av dei politiske partia begynt å teiknspråktolke landsmøtetalane sine. Det er eit tydeleg eksempel på at språkmangfaldet blir teke på alvor.

Guten som skreiv så mykje

Jens Kihl | Foto: BTKihl seier at han sjølv har vakse opp i ein familie med stort mangfald. På familiesamlingar kunne han høyre både samiske språk og ulike dialektar. Med ein far frå Namdalen lærte Kihl å setja pris på nordtrøndersk kultur.

– Eg har vakse opp med bokmål som opplæringsspråk utan eigentleg å få med meg at ein burde ha fordommar mot nynorsk. I 7. klasse fekk alle i klassa velja ei bok som vi skulle lesa i norsken. Eg fann Guten som song så stygt av Torvald Sund i bokhylla heime. Læraren kunne nesten ikkje tru at eg frivillig hadde valt ei bok på nynorsk. Eg kunne like godt ha valt Mein Kampf!

Ord og skriving har alltid vore ei stor interesse for Kihl, og norsk var favorittfaget. Han kan skilte med ein tidleg journalistisk debut. Allereie som barneskuleelev starta han aviser som Ullevål Times, Avisa Briljant (der alle i redaksjonen hadde briller) og Under korpslua.

– Eg har heile tida hatt gode norsklærarar som har gjeve elevane stor kreativ fridom. Eg er bekymra for at skulen i dag har vorte for rigid, det er så store krav til dokumentasjon og testing. Elevar er ulike, og dei kan ikkje lære alt på den same måten. Eg håpar vi kan sleppe elevane og lærarane litt meir fri.

Språkpolitikk, takk

Språkpolitikk er ikkje eit ukjent felt for Jens Kihl. Han har mellom anna vore leiar i Norsk Målungdom og nestleiar i Noregs Mållag. Men korleis har det seg at ein osloværing har engasjert seg i målsaka? Kihl fortel at han eigentleg ikkje var kjempeengasjert i målsaka som ungdom, aller mest var han ein motstandar av nynorskmotstanden.

– Venner verva meg til målungdommen, og etter nokre år vart eg valt som leiar i organisasjonen. Da eg vart klappa inn som leiar, tenkte eg at eg aldri kunne gå attende til å skrive bokmål, for da svikta eg alle som sat i salen. Det løftet har eg halde, og det har eg aldri angra på. I tillegg til at nynorsk er veleigna til å kommunisere på, likar eg den antielitistiske, demokratiske tanken som ligg bak.

Du valde nynorsk som hovudmål da du var vidaregåandeelev på Oslo katedralskole. Nokre vil kanskje innvende at det er ein viss elitisme over det?

– Det er kult å tora å vera annleis, men det er ikkje nødvendigvis elitistisk. Ein vil neppe meine at det er elitistisk å vera med i Natur og ungdom, for eksempel. Dessutan var arbeidet i målungdommen svært lite luksuriøst. Vi overnatta på gymsalgolv, vi tok nattbussen til Odda, vi krangla om kvar einaste krone for å halde budsjettet. Nå, derimot, er eg ein fyr som kan bli plassert i meiningseliten. Eg kan skilja meg ut ved å vera ein av dei synlege nynorskingane i kommentariatet.

Meir mangfald i media

Kihl har bakgrunn både frå organisasjonslivet og politikken, men dei siste åra er det journalistikken han har levd av. I 2018 vart han tilsett som politisk kommentator i Bergens Tidende, etter fleire år som politisk journalist i Klassekampen.

Korleis står det til med språkpolitikken i din eigen bransje?

– NRK er den viktigaste språkaktøren i media. I løpet av dei siste åra har det skjedd mykje i NRK. Nynorskkravet har gått frå å vera ein klamp om foten til å bli noko dei ynskjer å nå. Tidlegare i år opna NRK for å bruke nordsamisk som reportasjespråk i sportsnyheitene, det vil nok påverke andre sektorar. Den heilskaplege politikken i språklova trur eg vil prege mediebransjen vidare.

Har de journalistar endra måten de skriv om språkpolitikk på?

– Eg ser at media handsamar språk meir i samanheng med identitet og politikk enn før. Tidlegare har saker om språk ofte handla om rettskriving og om skilnaden på «lenger» og «lengre». Eg brenn for god rettskriving, men eg trur det er mykje viktigare å løfte språkmangfaldet.

Kihl meiner at det kjem ein generasjon med unge journalistar som ynskjer endringar i Medie-Noreg.

– I mange tiår har ikkje redaktørane i dei store mediehusa gjeve nynorsken nokon plass. Men nå kjem det unge journalistar i 20-åra som ber om å få denne plassen. «Opprøret» kjem nedanfrå, og eg trur det heng saman med at det blir utdanna journalistar ved Nynorsk mediesenter og Nynorsk avissenter i Førde. Ved sida av NRK Flere vil eg seia at desse er dei viktigaste utdanningsinstitusjonane i Noreg. Her blir det utdanna journalistar som insisterer på å bruke sitt eige språk, og dette opprøret må redaktørstanden vera førebudd på. Ungdommens djervskap reddar oss alle. Igjen!

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:24.08.2021 | Oppdatert:22.03.2022