Ordskrivaren

No image

Om du i dei siste førti åra har slått opp i ei ordbok, er det ikkje usannsynleg at Tor Guttu har hatt eit ord med i oppslaget. Han er nemleg leksikograf – ein av dei som samlar nye og gamle ord frå A til Å og set dei inn i ein samanheng.

AV ERLEND LØNNUM

Leksikografi handlar om det å lage leksikon i den opphavlege tydinga av ordet: ordbøker. Er leksikografi gresk for deg, har du heilt rett, for på gresk tyder lexis ’ord’ og graphein ’skrive’ – i alle fall om ein skal tru Tor Guttu og hans Norsk Ordbok med 1000 illustrasjoner og Norsk Riksmålsordbok. Og det er det all grunn til, for det er ikkje mange her til lands som veit meir om orda våre enn han. Så blei han då også heidra med Kongens fortenestmedalje tidlegare i år.

Tor Guttu er leksikograf og språkvetar og har vore redaktør for fleire norske ordbøker. Han er no hovudredaktør for Det Norske Akademis Store Ordbok (NAOB).

Ordbøker opp og i mente

– Eg har alltid hatt ein trong til å utforske vårt næraste medium for kommunikasjon: språk. Og det har laga seg slik at eg har fått høve til å drive med språkarbeid, først og fremst med ord, seier Guttu.

Han har i ei årrekkje redigert nokre av dei viktigaste ordlistene og ordbøkene for bokmål/riksmål, som Riksmålsordboken, Norsk rettskrivningsordbok, Norsk rimleksikon og Norsk illustrert ordbok. Krona på verket set han i desse tider med Det Norske Akademis Store Ordbok (NAOB), ei modernisert og utvida vidareføring av Norsk Riksmålsordbok (NRO), som kom ut i fire band mellom 1937 og 1957 og med to tilleggsband i 1995.

NAOB blir publisert som nettutgåve om tre år, i regi av Kunnskapsforlaget og Det Norske Akademi for Språk og Litteratur. Det er førebels uvisst om det òg kjem ei papirutgåve. Guttu har vore med i prosjektet på full tid frå 2006, då han nettopp hadde pensjonert seg frå stillinga ved Universitetet i Oslo.

– Vi oppdaterer, reviderer og supplerer Norsk Riksmålsordbok i vid forstand. Vi føyer til nye tydingar der dei høyrer heime, og skriv nye artiklar om nye fenomen. Hovudoppslagsorda, definisjonane og dei sjølvlaga ordbruksdøma skriv vi på moderat bokmål. Vi viser til hovudoppslaga frå andre former, både normerte og unormerte, som det er grunn til å ha med. Dessutan gir vi berre dei moderate bøyingsformene, forklarer hovudredaktøren.

– Vi gir opplysning om uttale ved alle usamansette ord, og det er langt meir enn i NRO. Ordbokkomiteen i Det Norske Akademi drøfter ord som ikkje står i uttaleordbøkene til Berulfsen og Vanvik, og som ikkje har uttaleopplysning i NRO. Det same gjeld ord der det ikkje er samsvar mellom dei tre verka. Vi meiner vi er på trygg grunn når både sørlandsk, sørvestlandsk, trøndersk og austlandsk standarduttale kjem til orde i komiteen.

NAOB er i det heile godt forspent med ekspertar når dei kvalitetssikrar dei mange tusen ordbokartiklane. Ved sida av sjølve redaktørane, som er nordistar, germanistar, romanistar og realistar, har redaksjonen god tilgang til ekspertise utanfor «huset», særleg hos medlemene i Akademiet, på fagfelt som jus, idéhistorie, politikk, journalistikk, litteraturvitskap og klassisk filologi.

Nyord og nybruk

Nye ord og uttrykk og ord med ny tyding har ein særskild plass i ordbokarbeidet. I løpet av året samlar NAOB inn symbolske 2014 nyord, ved hjelp av dugnadsånda til eit språkinteressert publikum. Blant ordbokdebutantane er ord som aleinetid og innestemme, ekstremvêr og pappapermisjon, nettbrett og skjermdump.

– Det er alltid interessant med nyord og nye bruksområde. I kartlegginga av det norske språket er det verdifullt å følgje med på slike endringar. Men det er nesten så vi har for mange ord å velje mellom, seier Guttu, som var medredaktør for ordboka Nyord i norsk frå 2012.

Guttu har også tidlegare sysla med nyord, då han tok til orde for å inkludere oppimot 900 nyvinningar i redigeringa av Riksmålsordboken i tida rundt 1970. Forslag som baluba, eplenikkers, lårhøne og premieidiot blei riktig nok ikkje tatt med den gongen, men dei har nok modna, for vi finn dei i Bokmålsordboka og Nynorskordboka i dag.

–Eg er ikkje så streng når det gjeld ordtilfanget i ordbøkene, snarare litt folkeleg, for vi kan seie noko om kva vi meiner om ordet, om det er «uheldig», «nedsettende», «muntlig», «dialektalt» eller anna. Eg vil ha ei fast og tradisjonell norm for rettskriving og bøying i normalstilen, seier ordbokforfattaren.

Litterær forankring

NRO er ei litterær ordbok, og det blir også NAOB. Redaktørane har stor hjelp av Nasjonalbibliotekets bokhylla.no og Leksikografisk bokmålskorpus på Universitetet i Oslo. Dei dreg i tillegg inn andre kjelder, først og fremst dei store databasane med avisspråk.

– Vi skulle gjerne hatt betre tid til å leite fram døme frå moderne skjønnlitteratur. Ikkje det at sjølve tydinga av orda, og bruksmåten, alltid har endra seg så mykje på eit par generasjonar. Det gjeld meir det ein kan kalle «verda»: miljøet og samanhengen som dømet syner, fortel Guttu.

– Vi er varsame med å stryke noko frå NRO. Det kan vere eit og anna einskilddøme, det som fagfolk kallar hapax legomenon, ord som tvillaust har vore brukt berre ein gong. Det er med ein del slike ord frå Henrik Wergeland. Dei er i regelen merkte «poetisk» eller «sjelden», og ingen ville finne på å leite etter dei eller bruke dei om att. Men dei får oftast bli ståande.

Arbeidsam forenkling

I ordbokkrinsar har ein gjerne blitt kritisert om ein tyr til Google for å finne ut kor mykje brukte ord er. Men Guttu og co. har stor nytte av søkjetenestene.

– Vi har stått på vårt, for det er så mykje lettare å google seg fram til svara, så lenge ein tar resultata med ei klype salt og brukar sunn fornuft, for ein finn sjølvsagt mykje rart òg. Nettsøking er uansett ein relevant metode i arbeidet vårt. Då kan ein mellom anna sjå at det er mange ord som ikkje er så utryddingstrua som mange vil ha det til. Skriveglade private nettskrivarar nyttar til dømes litterære ord og vendingar som dei kan ha frå vekeblad og annan kiosklitteratur. Slike ord døyr altså ikkje så brått. Så utviklinga går langsamare enn ein skulle tru, vedgår Guttu.

Ei forenkling av anna slag gjeld strukturen i ordboka. Der NRO opererer med opptil seks–sju tydingsnivå, delte inn i romartal, arabiske tal og store og små bokstavar, har NAOB vedtatt å halde seg til tre nivå.

– Vi må omkalfatre og samanfatte ein del av artiklane. Stort sett går det greitt, men dei artiklane som går over sju–åtte sider, blir det mykje arbeid med. Men vi skal klare det òg, lover Guttu.

Tidkrevjande er også forklaringane på opphavet til alle orda: etymologien.

– Det blir meir etymologi i NAOB enn i NRO, både for heimlege ord og framandord. I motsetning til i NRO opplyser vi om den norrøne forma til alle heimeord som kjem direkte frå norrønt. Og vi er omhyggjelege med å fortelje kva som kjem av austnordisk påverknad, altså dansk, for det må med i ei så grundig ordbok som NAOB. Vi er derimot ikkje så ambisiøse som vi var i byrjinga, for det tar mykje tid å redigere etymologiar, særleg reint teknisk, fortel Guttu.

Kvifor ordbøker?

– Eg har alltid interessert meg for kvar orda våre kjem frå, kva dei tyder, korleis ein bøyer dei, og ikkje minst korleis ein brukar dei. Og då har ordbøker lege hjartet mitt nærare enn grammatikkar. Det er difor heilt framifrå at det er ein god marknad for bøker om språk, og då særskilt for dei som handlar om overflata av språka og ikkje berre om grammatikk og syntaks. Det er ikkje minst suksessen Norsk etymologisk ordbok eit døme på, seier Guttu.

Eigentleg ønskte han å bli musikkforskar, men så lytta han til professor Trygve Knudsen, som lokka med at ein kandidat med norsk språkleg hovudfag «er verd sin vekt i gull». Og etter det gjekk det av seg sjølv. Han skreiv så hovudfagsoppgåve om preposisjonar i dagboka til historikaren Absalon Pedersson Beyer, og det viste seg å bli starten på ein innhaldsrik ordbokkarriere.

– Eg hugsar godt at eg studerte grundig dei tunge artiklane om preposisjonar i Ordbog over det danske Sprog og Norsk Riksmålsordbok. Det blei den første utdanninga mi i leksikografi. Då eg var ferdig utdanna i 1964, dukka det opp noko så uvanleg som i ei fast stilling ved Det norske litterære ordboksverk. Og den stillinga fikk eg, minnest Guttu, idet han siterer Herman Wildenvey for å få fram kor tilfeldige og gledelege ting kan vere i livet: «Jeg er skyllet inn i verden av en solflom, det er saken!»

Og nettopp solflom finn ein i NRO, «(mest litt.) flom av sollys», med døme frå forteljingane til Hans Aanrud. Så får vi sjå om leksikografane i NAOB lèt ordet lyse opp også i det nye verket, når den tida kjem.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter