Alf Prøysen – stolt dialektbrukar?

No image

Opnar du kjeften utanfor mjøsbygdene, og kjem det eit «je» og eit «itte» over leppene, kan du vera trygg på at somme tenkjer: «Prøysenmål!» Mannen og målet synest uskiljelege, og det fell lett å tru at Prøysen var ein uredd og rakrygga dialektbrukar. Men var det slik?

AV KRISTIN FRIDTUN

Me spolar tilbake til seinhausten 1944. Den tretti år gamle fjøsrøktaren Alf Prøysen er komen i kontakt med bokhandlar August Johan Vig, som etlar seg til å skipa eit lite forlag så snart krigen er over. Vig har fått lesa eit par av forteljingane Prøysen har skrive, og dei må ha vekt nyfikna hans, for han spør om forfattaren har fleire tekster. Han får forteljinga «Fanget», og vedlagt er eit lite brev frå Prøysen. Der står det mellom anna: «Hvis De synes sproget virker ufærdig og hemmende skal jeg forsøke å rette på det så langt råd er. Men jeg synes selv at jeg får sagt mest når jeg bruker det sproget.»

Røysta losnar

Just på denne tida er Prøysen nær ved å finna «røysta si». Han skriv seg fram mot den særmerkte språkforma som berre er hans. Han har baska og bala lenge, prøvt og prøvt på nytt, han har skrive riksmål, stramt bokmål, litt lausare bokmål, kav nynorsk, nynorsk med innslag av dialekt. Det losnar ikkje før han vågar å gje talemålet størst rom, nokre forteljingar på dialekt kjem på prent i ulike magasin. Framleis er språket noko famlande, det «skurrar» litt her og der.

Våren 1945 får han endeleg sving på sakene – no sit det! Vig vil gje ut forteljingane, og debutboka Dørstokken heme kjem ut same året. Men det tek ikkje av før eit par år seinare, då Prøysen sameinar saftig mjøsmål med sprelske folkelivsskildringar i viseform. Folk vert reint galne, dei kan plent ikkje få nok av «Husmannspolka» og «Hæin Lars er på Hamar med slakt». Frå då av er Prøysen og mjøsdialekta som klistra saman: Det er mest uråd å tenkja på den eine utan å tenkja på den andre.

Ikkje rekande på ei fjøl

Frå avsnitta over kan me dra nokre slutningar. For det fyrste: Det sterkt dialektprega skriftmålet til Prøysen var ikkje mynta ut på éin dag. I det heile er det ein seigliva myte at diktaren Prøysen kom fiks ferdig rett frå grisehuset, skreiv raskt og lett utan hovudbrot, mestsom verka kom rekande på ei fjøl. I røynda låg det mykje arbeid bak. Fyrst var det dei mange åra på leit etter høveleg språkform, dinest var det å tyggja og smaka seg fram til dei rette formuleringane, få rima til å sitja, gje tekstene liv og driv.

For det andre: Utsegna i brevet han skreiv til Vig, røper at Prøysen var usikker på kva folk kom til å tykkja om målet hans. Det er ei flytande grense mellom forklaring og orsaking her: «Men jeg synes selv at jeg får sagt mest …»

Tvilen hans var velgrunna. Alle veit at talemåla i mjøsbygdene ikkje gjeld for å vera blant dei mest høgvyrde og elegante målføra våre. Tvert om: Vanlege merkelappar er bondsk, sidrumpa og komisk, i beste fall koseleg, traust og harmlaus. Jan Erik Vold har skrive om det flotte faktum at odelsguten Tarjei Vesaas «fra det høye Telemark med landets vakreste talemål (mener mange)» hyste stor vyrdnad for husmannsguten «fra Mjøsbygdene med landets styggeste (mener noen)».

Kor som er: Prøysen var fullt klar over at han nytta eit lågstatusmål, eit mål som var så bondsk at folk kjende teven av kumøk berre dei høyrde je og itte. Det er tvillaust ei av dei største bragdene til Prøysen at han makta å gjera dette «sidrumpa» og ofte låtteleggjorde talemålet om til eit feiande friskt og fullt ut brukande litterært skriftmål.

Ei rekkje register

Rett nok var det ikkje berre i skrift Prøysen nytta dette målet. Alle som har høyrt barnetimane hans, kan sanna at han tala skikkeleg mjøsmål òg, med dativ og det heile. Det var ikkje noka sjølvfylgje at Prøysen «tala breitt» i radio – og han tala i alle fall ikkje breitt offentleg før han visste at det var trygt. Det tok tid.

Etter krigen slutta han som griskokk og freista livberga seg som kunstnar. Det vart nokre trælete år i kvilelaus redsle: Han ottast at han ikkje skulle greia det, at han kom til å hamna i grisehuset att. Magne Lindholm har skildra dei språklege fylgjene av denne redsla i «Eplekarten og samfunnets tvang» frå 1994:

Siden han egentlig er en griskokk på flukt opptrer Prøysen forkledt som bymann. Han går med kunstnerisk silkeskjerf og glattkjemmet hår à la sitt store idol Ernst Rolf. Ut fra halsen i silkeskjerfet strømmer det et overforfinet riksmål. Husmannsgutten fra tjukkeste Ringsaker gjør som så mange andre bondegutter i dialektundertrykkelsens mest totalitære tid. Han kvitrer som en liten fugl og uttaler vokalene spissere enn noen riksmålsmann fra Oslo vest.

Prøysen slapp å spissa vokalane resten av livet, men endå han gjorde stor lukke med viser og stubbar på dialekt, gjekk han ikkje tvert tilbake til målet hennar mor. Elin Prøysen har fortalt at far hennar til vanleg prata eit litt breitt austlandsk talemål. Dialekta kom fram i visse jobbsamanhengar – og når han var i lag med foreldra sine og andre som tala same målet. I visse intervju prata han temmeleg «pent». Med andre ord var den munnlege språkbruken til Prøysen samansett og skiftande.

Rett i kvefsebolet

Han skifta mellom ulike mål og former i skrift òg. Visene og forteljingane han skreiv for ungar, er på bokmål, med nokre små innslag av dialekt. I tekstene for vaksne heldt han seg godt utanfor rettskrivinga. Det slapp han ikkje lett unna med! Dessutan hadde han uforvarande stukke gitarfingrane sine inn i eit kvefsebol: språkstriden på 50-talet, den ofselege kampen mot samnorsk.

Det er ikkje heilt gale å seia at Prøysen skreiv ei eiga form for samnorsk. Han nytta a-endingar så det gauv, hoppa mellom høgstil og lågstil i same verset, blanda bokmål og nynorsk og dialekt. Nynorsk? Ja, for i svært mange tilfelle er det fullt samsvar mellom dialektformene og nynorsk (t.d. åleine, vassbytte, skulen, kjem, tenkje). At det er mykje nynorsk i mjøsmålet – og hjå Prøysen – er ei kjensgjerning mange hedmarkingar har vondt for å svelgja.

Prøysen sjølv var godt kjend med likskapane. Ein av dei næraste venene hans, Knut Fjæstad, har skrive at dei tidlege nynorskeksperimenta til Prøysen vart ein naturleg overgang til det å skriva på dialekt. Det var nok for framandt for han å skriva på nynorsk, men kanskje var nynorsken, slik Fjæstad skriv, ein døropnar for dialekta.

Men støtt var det nokon som lasta og pirka på språket hans. Dei sukka og bar seg fordi han nytta ulike former og skrivemåtar om einannan, men han heldt fram med å skriva som før – og han kunne ta att. I eit underhaldningsprogram på 50-talet ville han ha publikum med på ein leik, og med ertande røyst ropa han ut mot salen: «Nå leker vi at jeg har lov til å snakke en blanding av riksmål og samnorsk og nynorsk og dialekt, og så er det ingen som blir sinte for det, leker vi!»Ha

Alt ihoplagt: Lite peikar mot at Prøysen var stolt av dialekta si, men det er forsvarleg å hevda at han var glad i henne. Ho var no det språket han fekk sagt mest med. Verksemda hans har utan tvil styrkt den språklege ryggrada til mang ein hedmarking.

 

-- Kristin Fridtun er skribent og forfattar.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter