Klipp

HellbilliesDet starta med Hellbillies. For meir enn 20 år sidan satsa ålingane på lokalt tekstinnhald

på hallingdialekt. Seinare har fleire kome etter, med Stein Torleif Bjella, Bøygard og Daniel Kvammen i spissen. Alle syng på talemålet sitt, eit talemål som no blir spreidd over heile landet via landsdekkjande radiokanalar, store festivalar og konsertscener. I kvar ei omtale

står det presisert at dei syng på halling. Det har vorte eit varemerke for dei, til og med eit kvalitetsstempel.

Student og songar Kjersti A. Bakken i Hallingdølen

***

Bergens Tidendes Siri Økland intervjuet Jon Fosse. Den versjonen som ble distribuert til bergenserne, et folkeslag som ikke engang anerkjenner det grammatikalske hunkjønn, var skrevet på nynorsk. Slik var det også i Aftenbladet og Adresseavisen. Fosse lød som seg selv. No vil eg følgja lysta mi, sa han. Følgja lysta og ikkje lenger skriva drama. I Aftenposten sa han: «Nå vil jeg gjøre det jeg selv har lyst til». Fra dikter til rosablogger.

Kommentator Sven Egil Omdal i Stavanger Aftenblad

***

– Det norske språket er altfor rikt til å komme inn i en så liten ordbok.

Yann de Caprona, forfattar av den 2,5 kilo tunge Norsk etymologisk ordbok,
intervjua i Aftenposten

***

Språkrådet sin siste tilstandsrapport slår fast at dei fleste nynorskbrukarar normalt ikkje kan nytta nynorsk i arbeidet, viss dei jobbar i næringslivet. Nynorskjournalistar får normalt heller ikkje nytta nynorsk i dei riksdekkjande avisene. Når det skjer, har kommentarfelta gjerne tilbakemeldingar som «jeg hater nynorsk, hun skulle heller skrivd på svensk».

Kommentator Ann Kr. van Zjip Nilsen i Vårt Land

***

Om lag 90 % av alle uteksaminerte kandidatar frå universiteta i Noreg får sitt arbeid her i landet når dei kjem ut. Det er eit paradoks at ein stor del av desse fagfolka ikkje har fått tileigna seg eit norsk fagspråk til bruk i arbeidet sitt og til bruk i formidlinga av kunnskapen sin til norske samfunnsborgarar.

Professor emeritus Martin Skjekkeland i Fædrelandsvennen

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter