Studentar vil ha norsk fagspråk

No image

– Skal vi studentar våge å utforske og ta standpunkt i faget vårt, må vi vere godt språkleg rusta. Difor treng vi eit levande norsk fagspråk, og det gjeld både bokmål og nynorsk, seier Eigil Hole Lønning.

AV OLE VÅGE

Eigil Hole Lønning studerer på masternivå i lærarutdanninga og er for tida fag- og forskingspolitisk ansvarleg i Norsk studentorganisasjon (NSO). Han brenn for at studentane skal kunne uttrykkje seg på sitt eige språk og si eiga målform.

– Det handlar om identitet og det å kjenne seg att i språket, men òg om fagleg meistring, seier Lønning.

I mange fag er mykje av pensumlitteraturen på engelsk. Studentar vert ofte overlatne til seg sjølve når dei skal lære seg fagspråket, anten det er engelsk eller norsk. Det vert endå vanskelegare for nynorskstudentar, sidan det finst så få læreverk på målforma deira, meiner Lønning.

– I akademia er det ikkje lenger tabu å snakke om tilrettelegging for studentar. Utdanningsinstitusjonane må syte for at det finst lærebøker på norsk, og for at det vert utvikla oppdatert norsk og engelsk fagterminologi i termbasar for studentar.

Etterlyser handlekraft

Eigil Hole Lønning har om lag 230 000 studentar med seg når han etterlyser handlekraft hos utdanningsinstitusjonane i akademia. Sentralstyret til Norsk studentorganisasjon vedtok i haust ein resolusjon for norsk fagspråk.

– Vi i NSO meiner at utdanningsinstitusjonane må vise i praksis at dei tek på alvor det ansvaret dei etter lova har for å vedlikehalde og utvikle norsk fagspråk. Akademikarar må samarbeide på tvers av institusjonane i sektoren for å lage felles terminologi på begge målformer. Det må vere rom for både norsk og engelsk, nynorsk og bokmål, ikkje berre eitt språk eller éi målform, seier Lønning.

NSO ønskjer dessutan at det vert oppretta eit nasjonalt senter for norsk som språk og fagspråk i sektoren. I dag finst ikkje noko slikt.

– Vi vonar at dei som er ansvarlege, vil lytte til oss, men det er nok eit stykke å gå enno. Skal institusjonane ta ansvaret på alvor, må Kunnskapsdepartementet sende tydelege signal.

NSO skriv i resolusjonen at det trengst ei finansieringsordning som gjer det mogleg for faggrupper å utvikle fleirspråklege termlister på nye område. Det er det fleire som meiner.  

Studentar utviklar fagterminologi

– Vi må ha ei overordna, stabil støtteordning for faggrupper som ønskjer å utvikle fleirspråklege termlister, seier Johanne Haugland, doktorgradsstipendiat i matematikk ved NTNU.

Då ho var masterstudent, tok ho og fleire medstudentar initiativ til eit termprosjekt som resulterte i ei omfattande termliste for matematikk. Lista inneheld no fleire tusen termar på engelsk, bokmål og nynorsk.

– Som student var eg irritert over dårlege og manglande omsetjingar av fagtermar i undervisinga. Det vart verre og verre i studieforløpet, særleg på masternivå. Ofte opplevde vi at faglærarar ikkje kjende til norsk terminologi i fagstoffet det vart undervist i, seier Haugland.

På bachelornivå var undervisinga på norsk, men med få unntak var lærebøkene på engelsk. På masternivå føregjekk alt stort sett på engelsk. Var det ein eller to internasjonale studentar til stades, vart undervisingsspråket engelsk.

Byrden med å vedlikehalde norsk fagspråk vert dimed lagd på studentane når undervising og pensumlitteratur er på engelsk.

– Ein del av medstudentane mine føretrekkjer å svare på engelsk på eksamen fordi dei ikkje møter nok norsk i undervisinga eller pensum, seier Haugland.

Då Haugland og medstudentane hennar presenterte termprosjektet for fagmiljøet, vart det godt motteke. Fagfolk frå NTNU, Universitetet i Agder og Universitetet i Oslo bidreg til å utvikle termlista, og prosjektet er forankra hos Norsk matematikkråd. På denne måten vert termlista nyttig for heile fagmiljøet, ikkje berre lokalt på ein lærestad.

Det er viktig for meg å kunne snakke og skrive om faget mitt på norsk, trass i at forskingsfeltet mitt i stor grad er internasjonalt orientert. Difor har eg vorte ein pådrivar for dette terminologiarbeidet.

Arbeidslivet treng norsk fagspråk

Fleire undersøkingar stør Johanne Haugland og Eigil Hole Lønning når dei strekar under behovet for å meistre norsk fagspråk.

I ei undersøking som Nordisk institutt for studiar av innovasjon, forsking og utdanning (NIFU) gjorde i fjor, kom det fram at ni av ti studentar i økonomi skal ut i eit norsk arbeidsliv. Fire av fem norske studentar i utlandet vender tilbake til Noreg når dei er ferdig utdanna. Alt tyder dimed på at studentane skal ut i eit arbeidsliv der norsk fagspråk er rådande.

Hausten 2018 presenterte Næringslivets hovudorganisasjon (NHO) den årlege kartlegginga av kva kompetanse næringslivet etterspør. Ifølgje NHOs såkalla kompetansebarometer kjem norsk språk høgst på lista. Heile 80 prosent av verksemdene rangerer norsk, både munnleg og skriftleg, som viktig. Halvparten av dei meiner at framandspråk er viktig.

– Signala frå NSO og erfaringane frå matematikkstudentane syner kor viktig det er at akademia tek norsk fagspråk på alvor, seier Åse Wetås, direktør i Språkrådet. – Når næringslivet gjev så tydelege signal om behova sine, må utdanningsinstitusjonane kome på banen, ikkje gøyme seg bak festtaler.

Wetås peikar på at det er heilt naturleg at studentane òg skal kunne meistre engelsk fagspråk, men ho er uroleg over at norsk fagspråk mistar fotfeste i fleire fag i universitets- og høgskulesektoren. Difor trengst det tilrettelegging og støttetiltak, slik at studentane kan møte tilstrekkeleg norsk fagspråk i undervisinga til at dei språklege behova i arbeidslivet vert dekte.

– Språkrådet bidreg til fleire einskildprosjekt som utviklar termlister for studentar, men vi forventar at sektoren sjølv får på plass ei eiga, fast ordning som finansierer viktige termprosjekt, slik studentane foreslår. Ordninga bør forankrast på tvers av lærestadane, gjerne i Universitets- og høgskolerådet eller Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning, seier Wetås.

– Lærestadane bør lytte til studentane når dei etterlyser meir norsk. Det er dei som skal forvalte fagspråket vårt i framtida.

Termlister

Desse faggruppene utviklar fleirspråklege termlister for studentar innanfor fag det vert undervist i ved universitet og høgskular:

  • astronomi
  • bibliotek- og informasjonsvitskap
  • celle- og molekylærbiologi
  • kjemi
  • kjønnsforsking
  • klima
  • kryptovaluta og blokkjedeteknologi
  • lingvistikk
  • matematikk
Vegvisar for språkval
Språkrådet har i samarbeid med universitets- og høgskulesektoren utvikla ein vegvisar for språkval i sektoren, som inneheld ti punkt med konkrete råd om bruk av norsk og engelsk i undervising, forsking og administrasjon.

 

-- Ole Våge er seniorrådgjevar i Språkrådet.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter