Skjelvande, halvfast masse i form

Da eg fortalde at eg hadde fått arbeid i Språkrådet, kravde dei tre nevøane mine sporenstreks at eg måtte gå i gang med ei omfattande lobbyverksemd for å erstatte ordet gelé med dilderpudding. Ordet har ei tradisjonsrik historie i den sørumgårdbotheimske heimen, men familien har ikkje greidd å spreie bruken nok til at det har blitt eit oppslagsord i ordboka.

AV SIGRID SØRUMGÅRD BOTHEIM, journalist

Sigrid Sørumgård Botheim | Foto: Erlend Lønnum

Samtidig gjev Nynorskordboka oss ei viss støtte i skildringa av ordet gelé: «gjennomsiktig, halvfast og didrande masse av innkokt og avkjølt kraft eller særleg av bær- og fruktsaft brukt til dessert eller liknande». (Ja, det er mi utheving.)

Gelé kjem frå fransk gelée og har røter i det latinske ordet gelare, som betyr å fryse. Ordet skildrar dermed prosessen som skal til for at gelé skal bli gelé: Han må frysast. Dette synest eg er litt lite kreativt. Det er mange andre matrettar som må gjennom den same nedfrysinga, og ordet seier lite om dei særeigne kvalitetane ved geleen.

Ordet dilderpudding, derimot, vitnar om dei livskraftige eigenskapane retten har. Alle har vel opplevd å søle gelé på bordet fordi han dildrar seg av skeia. Eg tippar mange også har fryda seg over den halvfaste puddingkonsistensen ved å sile geleen utførleg mellom tennene. Å dildre er også eit ord med opphav i norrønt. Ved å nytte dilderpudding kan vi byggje både språkleg og kulinarisk sjølvtillit.

Nokre føler kanskje behov for å påpeike at puddingen stammar frå det engelske språket, men det meiner eg blir for pirkete. Ikkje ver ein pudding, da. Dessutan har puddingen blitt ein del av det norske kjøkenet med rettar som blodpudding og fiskepudding, som verkar omtrent like erketradisjonelle som smalahove og rakfisk.

Det som er litt trist, er at Språkrådet ikkje har fullmakt til å godkjenne nye ord. «Når Språkrådet får framlegg til eit nytt ord, brukar vi å oppmode innsendaren om å begynne å bruke ordet, spreie det og gjere det kjent, gjerne også i skrift», står det på nettsidene til arbeidsgjevaren min. Ein skal ikkje leike med maten, men dette er altså mitt forsøk på å spreie dilderpuddingen og gjera han kjent i skrift.

Eg trur dei fleste er einige i at ei «skjelvande, halvfast masse i form» er ei meir presis skildring av gelé enn «eitt eller anna uvisst som er nedkjølt». Ikkje sant? Kjære språkbrukar, ansvaret ligg nå hjå deg.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter