Kva er eit stadnamn?

No image

Det enkle svaret er at det er namnet på ein stad, men svaret blir eit heilt anna om me legg til oss menneske i likninga.

AV GØRIL GROV SØRDAL

I mi nye bok om stadnamn viser eg at stadnamn er mykje meir enn namn på stader: Dei fortel òg mykje om oss menneske, for det er me som lagar dei, det er me som brukar dei, og det er me som elskar og hatar dei.

Namnetap gjer vondt

Elsk og hat høyrest kan hende litt valdsamt ut, men då eg for nokre år sidan laga TV-serien Nomino for NRK, skjøna eg fort at me har sterke kjensler for stadnamna våre. Ikkje til dagleg, då tenkjer me ikkje over dei, men når stadnamna våre er i fare, vaknar krigaren i oss. Sjå berre på misnøya med dei nye fylkesnamna.

Over store deler av landet må folk forsone seg med at fylkesnamna me voks opp med, snart blir historie, og når me ikkje lenger er østfoldingar, hordalendingar og hedmarkingar, kva er me då? Når desse namna blir borte, misser me som kjem derifrå, ein del av identiteten vår.

Her i vest, der eg kjem ifrå, fekk me aldri tid til å kjenne på saknet etter Hordaland og Sogn og Fjordane. Det nye fylkesnamnet stal showet, og innbyggjarar i Rogaland og i Møre og Romsdal protesterte, med rette, på at dei to fylka i midten stakk av med regionnamnet Vestland.

Stadnamna er som oksygen; me tek dei for gitt til dei er i ferd med å forsvinne, og då er det med eitt heilt krise. På 1920-talet, då stortingspolitikarane vedtok at Kristiania og Trondhjem skulle endre namn til Oslo og Nidaros, blei innbyggjarane rasande, og berre eitt av bynamna overlevde protestane.

Stadnamna er som oksygen; me tek dei for gitt til dei er i ferd med å forsvinne, og då er det med eitt heilt krise.

Andre namneendringar går mykje fredelegare for seg. Skal tru kor mange sørlendingar som veit at dei for nokre få generasjonar sidan var vestlendingar? Agder-fylka var ein del av Vestlandet fram til diktaren Vilhelm Krag gjorde namnet Sørlandet populært tidleg på 1900-talet. Sørlandet olboga seg opp og fram, Vestlandet trekte seg vestover, og i 1913 døypte Stortinget om Vestlandsbanen til Sørlandsbanen. I dag er det vel ingen sørlendingar som saknar tilværet som vestlendingar, og ingen saknar namna på dei gamle amta, som Smaalenenes Amt, Søndre Bergenhus amt og Kristians Amt. Om 100 år er vel alt gløymt, men tapet av fylkesnamna våre skjer no, og det gjer vondt.

Stadnamn har makt

Stadnamn har ei eiga form for makt, og dei kan gjere oss menneske makteslause. Ta vesle Flemsøya/Skuløya på Sunnmøre, ei lita øy med 500 innbyggjarar og to sidestilte øynamn. Øya har hatt to namn i fleire hundreår, og dynamikken mellom øynamna endra seg fyrst på 1800-talet, då øya fekk rutebåt, post og telegraf. Desse institusjonane låg på den delen av øya der namnet Flemsøya blei brukt, så både rutebåtstoppet, postopneriet og telegrafstasjonen fekk namnet Flemsøen. Då nokre engasjerte sjeler frå den andre sida av øya såg at Flemsøya blei meir og meir dominerande, kravde dei at postnamnet skulle endrast til Skuløya. Resultatet blei ein vond namnestrid der ingen av partane vann fram. Konflikten blei nemleg så betent at Poststyrelsen i Handelsdepartementet valde å bruke eit gardsnamn i staden for å velje eitt av øynamna, så sidan 1922 har postnamnet vore Longva.

Den langvarige namnestriden delte det vesle samfunnet i to, og hundre år seinare er øynamna framleis eit sårt tema. Namnestriden dukkar innimellom opp i debattar, vittige sjeler ertar øyfolket for at dei bur på Skråstrekøya, og ironisk nok kan kampen for Skuløya for 100 år sidan føre til at begge øynamna går ut av daglegtalen. I dag meiner nemleg mange av innbyggjarane at det er så tungvint med to ulike namn på heimstaden at stadig fleire seier at dei kjem frå Longva. Slik kan det gå.

Mor Mette Krogsæther seier ho kjem frå Flemsøya, men dottera Hanne seier ho kjem frå Longva. Foto: Gøril Grov Sørdal

Namna fortel historier

Stadnamna våre er ein viktig del av identiteten vår, men dei har òg mykje anna rart å fortelje oss. Då eg skulle skrive boka mi, leita eg etter namn som gøymer på ei historie, og gjett om eg fann! Stadnamna våre fortel om drap og tragediar, fyllekøyring og pølsekoking, fornorsking og tvang, om kongar, husmenn og soldatar, budeier, emigrantar og hanseatar.

Drapet på ein postmeister i Kragerø i 1694 er opphavet til Knivstikkersmauet, Raset i Verdal oppstod etter naturkatastrofen i 1893 som tok 116 liv, Møhlenpris i Bergen har namn etter mannen som i 1695 introduserte papirpengar for mistruiske nordmenn, ein ung sogning som i 1907 forsvann i USA, lever vidare i stadnamnet Minnesota i Feios, og garden til Ole i Leksvik som i 1814 kjempa mot sjølvaste Napoleon, heiter sjølvsagt Waterloo.

I lia over barndomsheimen min i Sogn ligg Kristidalen, som har namn etter budeia som blei drepen der oppe for fleire hundre år sidan. Ingen hugsar kva drapsmannen heitte. Slike stadnamn er minnesmerke over dei som kom før oss. Me lever korte liv, men stadnamna blir att. Me likar tydelegvis å lage stadnamn, for nye minnesmerke kjem stadig til. I Trondheim ligg Northugsvingen, der ein viss skiløpar køyrde utfor med bil i 2014. I Karasjok ligg Kjell Sæther roggi, Kjellsgropa, etter ein uheldig hobbyfotograf som i 2015 køyrde snøskuteren sin fast mot Finnmarkviddas einaste gjerdestolpe. Desse to namna blir kanskje døgnfluger, men det kan òg hende at dei blir brukte og slår rot.

Eg vil driste meg til å hevde at stadnamn kan fortelje noko om mentaliteten til eit lokalsamfunn.

Men eg fann meir. I tillegg til fasinerande enkelthistorier om folk og hendingar fann eg historia om Noreg. Eg lærte at politikarane i det sjølvstendige Noreg endra Kristiania, Fredrikshald og Fredriksvern til Oslo, Halden og Stavern for å kvitte seg med restane etter dansketida, og eg skjøna kvifor Solbakken blei ein superhit under nasjonalromantikken. Eg blei sjokkert over at nye vegskilt med namn som Bådåddjo (Bodø) og Gáivuona suohkan (Kåfjord kommune) blir vandaliserte, og eg krympa meg då eg lærte at samiske og kvenske stadnamn blei viska vekk under fornorskinga. Eg blei trist av historia om Tausholmen, ein holme i Modalen der gjenstridige unge tauser, eller jenter, blei sette ut for å kome på betre tankar. I 1837 sat 25 år gamle Anna Gulleiksdotter på Tausholmen i tre døgn før ho gjekk med på å gifte seg med friaren far hennar hadde sett seg ut, ein 47 år gamal enkemann med sju born. Eg blei fasinert av at Svartedauden viser att i namn som Øygard, Øydegard, Øyjord og Aune, og at bibelske stadnamn som Gosen, Galilea og Jeriko ligg side om side med dei norrøne gudane i Ullevål, Nærøyfjorden og Tysnes. Eg lærte at namnet på mi eiga heimbygd, Vik i Sogn, er eit svært gamalt gardsnamn, og at stadnamn som Vik, Nes og Dal fortel om dei aller fyrste norske gardane. Tanken på at bøndene som fyrst rydda jorda i heimbygda mi, òg brukte namnet Vik, får det til å krible i meg.

Namna viser mentaliteten

Til slutt vil eg driste meg til å hevde at stadnamn kan fortelje noko om mentaliteten til eit lokalsamfunn. Ta Risør. Då eg fyrst høyrde stadnamnet Der bikkja beit mannen, trudde eg det var ein fleip, men då eg kjøpte ei bok om stadnamn i Risør kommune, fann eg perler som Der bestefar fekk hesten over seg, Der Ola møtte bjørnen, Den svarte streken, Duken inni holet og Naken og kledd. I Risør er tydelegvis stadnamn som Der bikkja beit mannen regelen, ikkje unntaket. Kva kan så desse stadnamna fortelje oss om folket som både lagar dei og brukar dei? Vel, er ein travel og rappkjefta, tek ein seg ikkje tid til å seie Tante Annes blåbærplass og Stykket under Mosters vindøyer. Har ein bråhast, kortar ein vel ned slike lange namn, kan hende til Blåbærplassen og Mosters? Om eg skal tippe, trur eg innbyggjarane i Risør er presise og rolege folk med god diksjon og mykje humor. Korleis elles kan stadnamn som Steinen som kom fra himmelen og Trill tømmer i bekk overleve? Slike stadnamn gjer livet verdt å leve for ein stadnamnentusiast.

Namna er minnesmerke

Så kva er eit stadnamn? Visst er stadnamna våre namn på stader, men dei er òg minnesmerke over personar og epokar. Stadnamn er både noko me tek for gitt, og noko som er viktig for oss. Nokre av dei er eit problem, andre gonger er dei noko me er stolte av, eller noko som gjer oss flaue. Stadnamna er ein del av oss, og me er ein del av dei, og eit stadnamn kan få fram både det beste og det verste i oss. Stadnamna fortel dessutan at me som lagar dei og brukar dei, både er fleipete og kreative, varme og nostalgiske, idealistiske og engasjerte, omsynslause og rasistiske. Dei viser at me går i flokk, og at me er ein gjeng med ulogiske stabeisar.

Stadnamna våre er som edelsteinar med mange fasettar, og om me snur og vender på dei, ser me at dei blenkjer i ulike nyansar frå andre vinklar.

Har du ein dårleg dag, veit eg kva som vil få deg i godt humør att. Gå inn på www.norgeskart.no, zoom deg inn, og etter ein dose med Setersetersetra og Vatnvatnet, Blindtarmen og Bedringens vei, Pølsesvingen, Svartfitta, Latræva, Rompeporten, Spermbanken, Møkkalasset og Brokaskiten, blir dagen din garantert litt lysare.

Eg er sikker på at du blir full av spørsmål, det blei i alle fall eg, så nokre av svara finn du i boka mi. Andre må du finne ut av sjølv. Berre set i gang, det er absolutt verdt det.

 

-- Gøril Grov Sørdal er journalist og programleiar i NRK og kom hausten 2018 ut med boka Nomino. Historia om norske stadnamn.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter