Kråker og kollbøtter

No image

Nokon stuper kråke, andre slår kollbøtte. Er det to sider av same sak?

Ja, det er to synonym med ulikt geografisk opphav.

Det rare med kollbøtte er at det korkje kjem av substantivet bøtte/bytte eller uttrykket i koll ‘på hovudet’. Ordet kjem frå fransk culbuter, av cul ‘bakpart’ og buter ‘støyte imot’, og er i slekt med norsk baute ‘slå’ og engelsk beat. Men ein kan vel seie at cul har knytt seg til koll ‘hovud’ seinare. I alle fall handlar det om å gå hovudstups (jf. bokmål hodekulls). Ordet er gammalt i litteraturen her til lands, men truleg ikkje like gammalt i dialektane. I dansk og norsk er kol(l)bøtte ei gymnastisk øving så vel som rulling i samband med eit fall e.l.

Stupe kråke er gammalt i norsk talemål, men i bokheimen ser vi det fyrst hjå Asbjørnsen og Moe i 1852: «Så var det en dag den største løven jaget en hare, og den var blind, for rett som det var, løp den på både stokk og stein, og til sist rente den imot en furulegg, så den stupte kråke bortetter bakken like ned i en tjernpytt.» Ordlaget måtte forklarast for danske lesarar.

Elles er det særleg born som stuper kråke i litteraturen i tiåra etter, men stupinga er ofte kontrollert nok. Det ser ut til at kollbøtteslåinga stengjer for kråkestupinga i gymnastikkbøkene. Men det snur seg i 1920-åra, etter som norske ord og uttrykk vinn fram.

Det finst nok ingen systematisk skilnad mellom omgrepa, endå å stupe kråke vel inneheld ei jamføring med kråkerørsler, som ikkje er vidare elegante.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter