Språkbrukaren: Miniforskaren

«Sei ’melk’, mamma!» «Mjelk.» «Neeei, melk!» (Fnising) «Sei ’melk’, pappa!» «Mjølk!» «Neeeei, du sa feil! Det heiter MELK!»

AV AUDHILD GREGORIUSDOTTER ROTEVATN, journalist

Det er språkdiskusjon kring frukostbordet. Treåringen, som for nokre månader sidan flytta frå Oslo til Ålesund, er i ferd med å finne ein ny språkidentitet. Med ei mor frå Volda, ein far oppvaksen i Trøndelag, besteforeldre frå Hardanger, Trysil, Volda og Ørsta (ja, det er ein skilnad) og slekt og vener frå heile landet susar dialektane over bordet og gjennom telefonrøyret. Og i den nye barnehagen snakkar dei annleis enn i den gamle barnehagen. Språkleiken er det artigaste ho veit. Og ho har oppdaga det stiligaste med norske dialektar: den store rikdomen i nyansar i små og enkle ord.

Rim og regler, songar og forteljingar – det er i barnehagen språkøyret får si viktigaste trening. Eittåringen som vert send i barnehagen, kan kanskje tre–fire ord når barnet vert skilt frå mamma og pappa, og dermed er det barnehagepersonalet som er den viktigaste påverkaren. Endeleg har debatten om barnehagespråket kome for fullt. Nynorsk er for lite integrert i kvardagen til barnehagane, seier direktøren ved Nynorsk kultursentrum, Ottar Grepstad. Grepstad fortel skrekkhistorier om førskulelærarar som omset nynorske barnebøker til bokmål under høgtlesing. Dette er ein viktig debatt. Barnehagen er også ein læreinstitusjon.

Born har eit fantastisk språkøyre. Dei snappar opp små skilnader i uttale og dialekt og elskar å rette på foreldra. Rim og regler er artig, og dei lærer raskt. «Kva heiter barnehagen din», spurde bestemor treåringen. «Borgundvegen barnehage hei, hei, hei», sa treåringen. Ho har lært namnet på barnehagen gjennom «kampropet» frå 17. mai-toget og trur at «hei, hei, hei» er ein del av namnet. Så hardt sit regla frå 17. mai. Alle hugsar vi remser frå barndomen, og har du lært deg Fadervår på nynorsk, luggar det i heile kroppen når det kjem ein bokmålsprest. Kven sa at det ikkje er noko religiøst med språk?

Sjølv måtte eg ha ei regle for at eg skulle kome meg gjennom matteeksamen på ungdomsskulen. Utan «Mannen i månen kan smile og le, ringen rundt hovudet er pi ganger d. Viss du skal finne fjeset til mannen, brukar du formelen: pi r i annen» hadde det vorte ein stygg ein på vitnemålet.

Å vere vitne til at born finn det språklege sjølvet, er fantastisk. Når forsvinn undringa og språkgleda for dei fleste vaksne? Problemstillinga minner meg om eit spørsmål filosofen og klatraren Arne Næss senior fekk frå ein journalist. «Når starta du å klatre?» spurde journalisten. Arne Næss såg forundra ut. «Eg har aldri starta å klatre. Det er berre du som har slutta.»

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter