Lyden av teikneseriar

BOO! sa nevøen, han skulle skremme onkel Donald og onkel Skrue i Donald Duck & Co 12/2008. Og dermed er teikneseriespråkutviklinga godt i gang.

AV OLAV NORHEIM

Det heiter ikkje lenger BØ, det heiter BOO no. Til og med når Donald skal skremmast på norsk. Då blir språkspørsmålet: Kva skjer med det norske teikneseriespråket? Korleis ser det ut no?

Teikneserien er eit internasjonalt medium med eit internasjonalt skriftleg og munnleg språk, særleg USAsk, som føredøme og dels som bruksspråk. Her i landet har vi dessutan eit eige norsk teikneseriespråk, som i hovudsak er bokmål.

BLAM-idealet

Teikneseriens språk (utanom teikningane) er mest tekst og noko symbol. Når  nokon søv, er det stort sett ZZZZZZ, anten trøyttingen heiter Donald eller Smørbukk. Språklege ideal, rolleforståing, sjanger, redaksjonelle og grafiske stordriftsfordelar og -avgrensingar avgjer om eit dunk i ein teikneserie heiter dunk, doink, crack eller sock. Ofte er utbrotet eller lydeffekten ein del av ei ferdiglaga fargeteikning. Då får dei ikkje endra CRUNCH til SKRALL. Då endrar dei radt ikkje BOO til BØ heller, sjølv om bokstavane ligg lettvint til i ei boble utanfor sjølve teikninga og dermed kan endrast.

CLICK CLACK

Det er som Oliwia Szymańska forvitneleg skriv om teikneserielydar i Språknytt 2/2008: Nokre lydar er mindre enn andre, og derfor har dei i i seg. PIV, klynkar ein ynkeleg Pluto. Ein modig hund voffar WOARF! Men det er ikkje heilt eintydig: Når hjelparen til Fantomet låser opp døra i fangeholet, høyrer vi, nei ser vi, eit CLICK! Når same venen like etter låser opp handjerna, kjem eit CLACK! (Fantomet 24/2007).

KVEK! KVEVEK!

I Hundremeterskogen kvekkar frosken KVEKK! KVEKK! KVEVEKK! Når vi veit at frosken seier kvekk, er det moro for målgruppa, og endå meir moro når vi skjønar at det står kvevekk (Ole Brumm og vennene hans 7/2008). Steinen som Ole Brumm og Tigergutt skal dytte ned frå Vippetoppen, lagar lyden BULDRE! når han trillar, og PLASK! når han fer tvers over elva, og BLOM! når han råkar stakkars Tussi. Den vesle reven Ville i Bamse – verdens sterkeste bjørn (8/2008) ropar GISP! når døra seier GNISS! og KNIRK! Dette er lydeffektar på eit språk vi oppfattar som norsk, altså slik vi er vande med. Målgruppa er småungar.

Sa det PANG?

Når Mikke og Langbein er så uheldige at dei spring rett på kvarandre i skogen, ser vi gule stjerner og lyden THUD! Steinen som Langbein dyttar ned mot bandittbilen, lagar lyden CRUNCH! Skytarane til lensmann Fiks gir frå seg to store BLAM BLAM! Ringer telefonen til onkel Skrue, seier det RIIING! Punkterer bilen til B-gjengen, eller ein dei like gjerne kan ha stole, seier det PANG! (Donald Duck & Co 14/2007 og 12/2008). Både norske lydar og engelskspråklege USA-lydar er då å sjå, mest av det siste. Noko har hendt. I Mikke Mus i 1986 sa skogen konsekvent KNEKK KNAKK STAMP TRAMP når elgen kom trampande. Ville skogen ha sagt det same i haust?

Sa det pang? Bangen er på veg fram. Pangen er på veg bakover, etter mi noko uvitskaplege og lystbetonte teikneserielesing. Vi er frå gamalt av eit hardført og velartikulert p-folk nord for Sørlandet, ikkje b-folk, men lydar og lydforståing og bokstavfunksjonar endrar seg etter kvart. Spennande. Vi får lesa Donald att om eitt og ti og 20 år og sjå kva slags lydar revolveren til lensmann Fiks lagar då.

GLEFS, RAP, NAM på norsk

Så langt omsette seriar. No to norske: Lyden og synet av KRÆSJ, DUNK og KRAKK møter oss når riddar Timian slår inn døra i Ridderne av Dor nr. 5 av den norske teikneserieskaparen InkaLill. I Kollektivet 2/2008 av Torbjørn Lien utfaldar dei seg i både JAFS, SLAFS, TYGG, YUM, GNAFL, GOML, UUMA, GLEFS, RAP, NAM, TYGG, SMATT når Mounir og Magda er ute og et på date. Norsk humor og norsk slafsing.

Heller ikkje i teikneserieverda er det slik at «sånn er det bare» i språkvegen, slik majoritetskulturistar har lett for å tru om mykje. Bak kvart eit bang og pang og blam som kjem på trykk, ligg det ei holdning og ei handling og ei språkstyring. Det kan vera grafisktekniske og økonomiske tilhøve som ligg bak, tankar og tankeløyse inni hovudet på teikneserieskaparen eller ein redaktør – eller teikneseriehumor.

 

-- Olav Norheim er skribent.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter