Norsk teiknspråk – eit levande minoritetsspråk

I Stortingsmelding nr. 35 (2007–2008) godkjenner departementet norsk teiknspråk som fullverdig språk og seier at det overordna offentlege ansvaret skal bli forankra i lovverket.

AV ODD-INGE SCHRÖDER

Dei fleste primærbrukarar av teiknspråk (om lag 5000) er døve, men ei mengd høyrande kan òg teiknspråk. Dei kan vera foreldre til døve, lærarar, tolkar, prestar osb., så ei kvalifisert gissing er at bortimot 20 000 i Noreg nyttar dette språket i større eller mindre grad.

Kva er teiknspråk?

I innføringsbøker i språkvitskap står det at teiknspråka er allment aksepterte som språk. Det er altså ein språktype der ein nyttar hendene til ulike utformingar, rørsler og plasseringar på kroppen eller framfor kroppen. Samstundes går augnebryn opp eller ned, og blikk og munnrørsler vekslar. Teiknspråka er visuelt-gestuelle språksystem, talespråka auditivt-vokale. Nemningane seier noko om kva for sans ein oppfattar språket med, og kva for fysiske middel ein nyttar til å uttrykke seg. Talespråka nyttar røyst/ikkje-røyst, teiknspråka hendene. Båe er kroppspråk i mikro- og makroform.

I teiknspråk er det to former for munnrørsler: eigne rørsler (eigne munnstillingar eller mouth gestures) og lån frå norsk talespråk (ordbilete eller mouthing). Ordbilete er det ein kan lesa på leppene, og 30-40 % av språkljodane kan ein sjå på leppene. I røynda er ordbileta skifta etter reglane til teiknspråket på line med at nordmenn flest uttaler det franske ordet entrecote etter norske reglar og ikkje etter franske. Eit døme er teiknet rolig hjå dei vaksne døve, som mykje formelt kan ha ordbilete /roli/ nesten som det kan kviskrast på norsk. I meir uformelle samanheng vert det /oo´ii/.

Eit anna hjelpemiddel er eit handalfabet, som nyttar hendene til å gje att dei grafiske symbola i skriftspråket. Handalfabetet kan danna bru mellom talespråket og teiknspråket, men handalfabet er ikkje det sentrale i eit teiknspråk, det ligg i periferien. Å nytta handalfabetet for mykje er eit merke på at ein ikkje kan nok teiknspråk.

Kvifor er det dialektar og andre skilnader?

Avstand, undervisningsmetodar og haldningar til språk og dei døve kan forklåra dialekt og andre skilnader i teiknspråket. Patologisk eller audiosentrisk er den døve ein avvikar frå norma: Han kan ikkje høyra og ikkje tala skikkeleg, av di han ikkje høyrer seg sjølv tala. Det kan på godt og vondt føra til haldningar til dei døve, undervisninga av dei og spørsmålet om kva for eit språk dei skal og lyt nytta. Døve i grupper kommuniserer visuelt. Ein har 2400 år gamle døme på at døve nytta teiknspråk. Det er deira måte å overvinna kommunikasjonsproblema på. Språkvitskapen ser på teiknspråk ikkje som eit «handikappa» språk, men som eit naturleg, spontant utvikla og rikt språk.

Historia til norsk teiknspråk

Norsk teiknspråk har vore nytta sidan 1815, då den første døve læraren, Andreas Christian Møller, underviste fire døve elevar privat i Trondheim. Han hadde gått på den fyrste døveskulen i København. Mykje av teiknspråket var nok henta frå dansk teiknspråk. Slektskapet kan me sjå den dag i dag. Møller nytta teiknspråk med handalfabet, så elevane lærte å lesa, skriva og rekna og nytta teiknspråk. Undervisninga var såleis tospråkleg. Av di undervisningstida var så stutt,  lærde dei aller fleste døve ikkje å tala. Seinare kom talemetoden, som ikkje nytta teiknspråk i undervisninga, og difor vart eittspråkleg. Men teiknspråk levde vidare i internat på døveskulane, i døveforeiningar og i døvekyrkjer i Noreg. Ei lang undertrykking av teiknspråk i skulane var fyrst stoppa på 1970-talet.

To språktypar

Ein fekk eit språkstrev hjå fleire døve med meir ordbilete på munnen og syntaks så nær norsk som mogleg. Teiknspråket skulle liggja så nær norsk talespråk som råd. Denne haldninga førde til to typar språkleg framføring: «vanleg teiknspråk» med ein rik morfologisk struktur og eigen syntaks og «ordentleg teiknspråk», som er ei blandingsform. I mange år var pidginforma i høgsetet: di nærare norsk, di betre. I dag er det vel heller slik at dei som har teiknspråk som sitt andre eller tredje språk – dvs. høyrande, integrerte og dei som vert døve i vaksen alder – har ei pidginform.

Dialektar

I 1848 fekk Kristiania den første døveskulen. Han var bygd på blandingsmetoden: Fyrst skulle ein nytta teikn til dei små døve elevane og så gå over til talemetode. Det påverka teiknspråket i Sør-Noreg. Lenge kunne ein sjå det på valet av teikn. Teiknføringa i nord var større enn i sør. På mange måtar var ho meir malerisk og rikare på metaforar.

Eg hadde ein onkel, fødd 1900, som gjekk på døveskulen i Trondheim. Han flytta til Oslo, men heile livet nytta han trondheimsdialekten. Ein gong vart han snakka til rette av husfar i døveforeininga i Kristiania. Dialekten hans var «støytande» og ikkje passande for den «rolege og kultiverte» dialekten i Oslo! Det er sers lite forsking kring dialekt i norsk teiknspråk. Eg og mange andre døve har kunnskapar som ikkje er komne på prent.

Norsk teiknspråk i dag

Det er meir kontakt enn før mellom døve gjennom reiser, flytting, årlege kulturdagar og konferansar, så dialektskilnadene er mindre no enn for 50–70 år sidan. Mange har ein viss vørdnad for trondheimsdialekten som eit døme på «ekte» teiknspråk.

Døve innvandrarar snakkar norsk teiknspråk med kvarandre, med aksent, fyrst og fremst i form av noko annleis rørsler med hendene og munnen. Meir enn 30 døve ungdomar har vore i USA på utveksling eller studietur, så ein god del kan frasar og teikn frå American Sign Language. Dei fleste av dei unge er integrerte i vanleg skule, nokre med teiknspråktolkar. Ein reknar med at 30 % av dei som nå er under tretti år, har gått på døveskular, jamført med 90 % av dei som no er over 60. Såleis har mange ungdommar gått i ørsmå klassar eller i klassar med tolk. Somme trur at tekniske hjelpemiddel skal gjera døve og høyrslehemma høyrande, men dei vil alltid halta i talespråkleg kommunikasjon. Eg har måtta vera tolk mellom mor mi og dotter mi av di dei brukte nokre vendingar og uttrykk ulikt. Mor mi kunne t.d. seia på teiknspråk ved seinare leilighet, medan dotter mi trudde at ho skulle ha ny leilighet! Omvendt er det eigne teikn for teit, sinnsjukt, som eldre døve ikkje kjenner.

Det er meir enn 10 år sidan dei fyrste døve elevane i grunnskulen fekk teiknspråk som eige fag. Mange går no i vidaregåande skule og har eksamen i teiknspråk. Døve elevar får tospråkleg undervisning. I nærkommunikasjon skapar teiknspråk gruppekjensle der høyrsletapet er mindre viktig. I fjernkommunikasjon er norsk heilt naudsynt. 50–60 døve har teke eksamen på universitetsnivå i teiknspråk med 60–80 studiepoeng. For tida held fire døve på å skriva mastergradsoppgåve om teiknspråklingvistiske emne.

Normering?

Noregs døveforbund freista på 1970- talet å normera norsk teiknspråk ut frå det synet at teiknspråk ikkje er eit språk, men er underordna norsk. Men det gjekk ikkje.

Det som påverkar norsk teiknspråk, er sjølvsagt norsk frå alle kantar gjennom grannar, vener og slektningar som snakkar norsk, norske aviser og tekstar på tv. Alt dette gjev omgrep som det vert skapa nye teikn til. Teiknspråk frå andre land kan òg påverka. Mange døve nyttar teikna ekte og professor frå svensk teiknspråk, tre frå amerikansk, buss frå nederlandsk og pedagogikk frå dansk. Ein nyhendeopplesar på tv nytta i ei og same melding tre ulike teikn for politi! Dialektskilnader eller aldersskilnader!

Me kan merke ulike retningar når Teater Manu (norsk teiknspråkteater) oppfører skodespel. Skal det vera norsk teiknspråk på scenen eller eit høglitterært kunstspråk (frå andre land i Europa og frå USA, som ikkje alle skjøner) med utanlandske skodespelarar (som ikkje kan norsk teiknspråk)? Diskusjonen kan minna om striden på 1800–1900-talet, fyrst om dansk eller norsk scenespråk, sidan om bokmål eller nynorsk på scenen.

Dei viktigaste kjeldene for nyskaping og utvikling er norsk teiknspråk på scenen og nyhendesendingar på tv, som Tid for tegn og andre teiknspråkprogram. Men også folk med høgre utdanning lærer seg nye fagtermar og gjev dei teikn. Det er i dag ingen som normerer norsk teiknspråk.

 

--Odd-Inge Schröder er førsteamanuensis i teiknspråk og tolking ved Institutt for spesialpedagogikk, Universitetet i Oslo.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter