Leiar: Samfunnsansvar

I dette nummeret fortel norskfilologen Mona Hansen om ei undersøking som viser at vekeblada skriv (minst) like korrekt og god norsk som våre store landsfemnande aviser. Dette overraskar nok mange. For det betyr at om foreldra tenkjer på det reint språklege, bør dei heller gje tenåringane Hjemmet, Norsk Ukeblad eller Familien å lesa enn VG, Dagbladet og Aftenposten. Etter det eg kan sjå, er det ingen større aviser som har fortalt lesarane sine om undersøkinga. Argumentet kan knapt vera at nyheita ikkje har allmenn interesse.

Språkrådet sit ikkje på steinhard dokumentasjon, men har teke stikkprøver. Eg fryktar at det er ei smal sak å dokumentera at den språklege kvaliteten i avisene går nedover. Framleis skriv eit mindretal framifrå. Men dagleg er artiklar skjemde av slett ordsans, oppsiktvekkjande slurv og elementær språkleg kunnskapssvikt. Nyleg las eg ei halv tabloidside om boka til utanriksminister Støre. Det gav fjorten minus i margen. Ingen krev det perfekte, spørsmålet er berre: Kor dårleg kan det bli, før folkebølgja reiser seg?

Med rette blir det snakka om den kritiske pressa sitt samfunnsansvar. Men bør det ikkje vera eit samfunnsansvar å skriva norsk så pass mønstergyldig at redaktørane med handa på hjartet kan seia at elevar i vidaregåande ikkje tek skade på sin gryande norskkompetanse ved å lesa avisene deira?

Kven skal så ta tak? Det første svaret er det beste: aviseigarane. Løysingane kostar noko, og dei heiter korrektur og språkkunnskapar. Ei løysing kan ein sjå heilt bort frå (i overskodeleg framtid), og det er retteprogrammet Tansa. Verken publikum eller styresmakter meiner at språket i avisene er uvesentleg. Og journalisten Sissel Benneche Osvold uttalte seg slik i 2005: «Avisspråket er viktig i den forstand at det er veldig normdannende. Det er vi som bestemmer åssen folk snakker og skriver.» Nordmenn les stadig meir aviser enn dei fleste andre i verda. Difor måtte denne leiaren handla om samfunnsansvar.

 

Av Sylfest Lomheim

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter