Historia bak

«Juletid» og «yuletide»

Skal me omsetja juletid til engelsk, må me vita at jul heiter Christmas, at tid heiter time, og at dei to orda til saman heiter Christmastime. Christmastide finst òg, så vårt ord tid har ein nær slektning i engelsk tide. Tide tyder ’tid’ berre i samansette ord.

Christmastime viser til Christ og mass, altså Kristus og messe, og derfor er det ingen tvil om at jula er ei kristen høgtid. Jul seier ikkje noko om Kristus eller messe, for ordet er mykje eldre enn kristendommen i Noreg. Opphavet er norrønt jól, som var ei heidensk høgtid. Jólatíð kunne det også heita. Kva jól tyder, er ukjent.

Inkjekjønnsordet jól fanst berre i fleirtal. Hadde jól vori eintal, hadde det heitt gott jól, slik som t.d. gott hús, men i fleirtal kan det berre heita góð jól. Góð jól liknar t.d. på góð sól, og difor tolka folk etter kvart jól som eit hokjønnsord i eintal. Det heiter jo jula no. Jul har eit sidestykke i engelsk, som har både yule og yuletide, men det er gammaldags. Yuletime har engelsk ikkje.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter