Elevar byter ut engelsk med norsk

Norske nettsider er fulle av engelske ord og uttrykk. Kvifor er det slik? Går det an å finne gode norske ord som kan erstatte dei?

AV OLE VÅGE OG MARITA KRISTIANSEN

Dette har vore utgangspunktet for eit prosjekt der Noregs Handelshøgskule (NHH) saman med klasse 6A ved Fjellsdalen skule i Bergen har leita etter engelske ord og uttrykk på norske nettsider. Prosjektet, med tittelen «Have fun. Be cool», var NHH sitt skuleprosjekt under dei årlege Forskingsdagane i Bergen.

Prosjektet

Elevane fekk presentert ein hypotese, nemleg påstanden om at engelsk vert nytta på norske nettsider, òg i tekstar på norsk. For å teste hypotesen fekk elevane i oppdrag å jakte på engelske ord på norskspråklege nettsider. Dei skulle så prøve å finne ut kva desse orda tydde, leite etter norske termar og eventuelt lage eigne nyord. Dersom hypotesen vart stadfesta, ønskte vi òg svar på kvifor nettsideleverandørane¨ikkje nytta norske ord på sidene sine. Allereie ved starten på prosjektet gav elevane moglege forklaringar på dette spørsmålet: Engelsk er «kulare» enn norsk, det finst ikkje alltid gode norske ord, og – til sist – vi nyttar engelske ord fordi vi ikkje gidd å finne norske ord.

Dei fire nettsidene vi arbeidde med, var 123spill.no, djuice.no, sonyericsson. com og windowslive.no/messenger. Gjennomføringa skulle reflektere dei metodane ein terminolog arbeider etter. På førehand hadde vi difor laga eit termpostskjema der elevane skulle registrere dei engelske termane saman med definisjonar og forslag til norske termar. I tillegg la vi vekt på at gruppene òg skulle skrive ned kva kjelder dei nytta, altså ein nøyaktig referanse til nettadressa.

Resultatet

Å finne termar på engelsk var ikkje noko problem, og hypotesen vår vart stadfesta. Neste steg for elevane var å anten finne eller foreslå norske termar, og det gjekk òg greitt. Elevane stilte seg likevel spørsmålet om dei hadde forstått alle dei engelske termane på nettsidene. Særleg gjaldt det uttrykk der det omgrepet som termen refererte til, var vanskeleg å forstå.

Resultata av forskinga til elevane syner at nokre engelske termar allereie har norske avløysarord, men at dei ikkje nødvendigvis vert nytta på nettsidene. Døme på det er download og bluetooth, der vi har orda nedlaste og blåtann. I andre tilfelle finst det ikkje norske alternativ, slik som for hotmail, der elevane foreslo internettnyheter, fersk post eller varm post. Naturleg nok manglar det norske alternativ for særnamn og produktnamn som er unike for dei ulike selskapa. I desse tilfella har elevane valt to strategiar. Anten har dei omsett det engelske ordet til norsk, som i tilfellet Sandverdenen for World of Sand. I andre tilfelle har elevane foreslått norske ord som dekkjer innhaldet enno betre enn dei engelske. Tegn og gjett i staden for Draw my Thing syner betre kva dette spelet går ut på. På nettstaden djuice.no er det valt engelske nemningar på dei ulike abonnementa. Men det kan vere problematisk. Kva meiner djuice Norge når dei t.d. har eit abonnement som heiter Nonstop? Elevane foreslo her Ringe hele tiden. Eit anna abonnement, Zero, kan gje inntrykk av null kostnader for forbrukaren. Her er nok elevane sitt forslag meir «edrueleg» med Lave kostnader. Likevel var elevane usikre på kva dei engelske termane eigentleg stod for. Kanskje tyder det på at noko går tapt ved å nytte engelsk? Kanskje kan det òg danne grunnlag for mistydingari kommunikasjonen?

Klassa gjennomførte òg ei intern spørjeundersøking om kva ord dei likte best, dei opphavlege engelske, eller dei norske forslaga. Haldningane var delte, nokre meinte at dei engelske termane var best, medan andre føretrekte dei norske. Nokre meinte rett og slett at engelsk var «kulare» enn norsk.

Haldningar til norsk språk

Ein kan jamleg høyre fagfolk hevde at engelsk har eit rikare ordforråd enn norsk, og at det difor er lettare å finne engelske enn norske termar for ulike omgrep. Mobiloperatøren djuice Norge meiner at noko av årsaka til at dei nyttar engelske nemningar på dei ulike abonnementa sine, er mangelen på tilfang av gode norske ord. Elevane sine vanskar med å tolke innhaldet i dei ulike abonnementa tyder likevel på at dei engelske nemningane ikkje er meir presise enn eit norsk alternativ. Målgruppa til djuice Norge er unge mellom 15 og 30 år. Det er nærliggjande å tenkje at denne aldersgruppa kanskje synest det er kulare med engelsk enn med norsk. Testing i målgruppa viser likevel at kundane ønskjer norskspråklege menyval.

At born allereie i sjette klasse gjer seg tankar om at norsk ikkje er dekkjande nok, og at engelsk er å føretrekkje, får oss til å undrast over kva det er som skapar ei slik haldning til språket så tidleg. Det gjer det høgst aktuelt å vidareføre prosjektet og studere språkhaldningar hos born og unge meir grundig med spesiell vekt på korleis det engelske språket vinn innpass i det norske. Kanskje kan ein gjennom ein slik studie få eit grunnlag for å byggje opp eit større språkkulturelt medvit, noko som til dels manglar på norske nettsider, etter det prosjektet viser.

 

-- Marita Kristiansen er førsteamanuensis i engelsk språk ved Noregs Handelshøgskule og arbeider med både teoretisk og praktisk fagspråkforsking. Ho er medlem av Språkrådets fagråd for terminologi og fagspråk. Ole Våge er ph.d.-stipendiat i spansk språk ved Noregs Handelshøgskule. Han skriv ei avhandling om terminologi på norsk og spansk innafor feltet akvakultur.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter