Omsetjingsprogrammet nyno

AV BJØRN SELJEBOTN

Nyno er primært laga for å omsetje tekstar frå bokmål til nynorsk og passar godt for organisasjonar som bruker begge målformer. Det er ikkje ein vanleg stavekontroll og kan så langt ikkje brukast til korrektur av nynorske tekstar. Målgruppa for programmet er for det første offentleg forvaltning, der stadig fleire ser Nyno som eit nyttig verktøy for dei som skal følgje mållova. Dernest kan medium, forlag og servicenæringar ha nytte av programmet. Ein tilpassa studentversjon blir dessutan brukt ved fleire høgskular og vidaregåande skular.

Den profesjonelle versjonen av Nyno kom som versjon 2.0 hausten 1995. I dag leverer Nynodata versjon 3.13 og har med denne versjonen kome opp i ca. 14 000 utviklingstimar. Vi arbeider kontinuerleg med vidareutvikling av programmet. Det aller meste av arbeidet er gjort som eigeninnsats eller er eigenfinansiert på annan måte av Nynodata AS.

Nyno er først og fremst eit hjelpemiddel til å få omsett tekstar på ein enklare måte. Dette skjer dels automatisk og dels i samarbeid med brukaren. Ein bør ha nynorskkunnskapar frå vidaregåande skule for å bruke programmet fornuftig. I ein rapport utarbeidd for Språkrådet blir tidsinnsparinga vurdert til ca. 70 % på visse typar tekstar samanlikna med manuell omsetjing (Michael Everson og Trond Trosterud: Software Localization into Nynorsk Norwegian, juni 2000). Rapporten er lagt ut på adressa www.sprakrad.no/nynorska.pdf.

Korleis arbeider så Nyno? Programmet omset teksten frå bokmål setning for setning og kjem med forslag til nynorsk omsetjing. Der det er mange ulike avløysarord for det same bokmålsordet, kjem det opp fleire forslag som brukaren må vurdere etter konteksten. Avhengige ord blir naturlegvis bøygde. Eit eksempel: «en svært god mulighet» blir til «eit svært godt høve» eller «ein svært god sjanse» + sju andre alternativ.

Programmet gir dessutan forslag til omskriving av genitiv og passiv med nødvendig endring av ordstillinga. Nye eksempel: «den gamle mannens røde og blå bil» blir til «den raude og blå bilen til den gamle mannen» eller «den gamle mannen sin raude og blå bil». Frasen «det kjøpes svært ofte» blir til «det blir svært ofte kjøpt». Nyno kan også varsle brukaren om å skrive om eller kontrollere språket når det gjeld a) ord som ikkje har gode nynorske avløysarord b) verbalsubstantiv på -ing i visse kontekstar c) substantiverte adjektiv med -het og d) særskriving av samansette ord (skule bussen for skulebussen). I visse høve blir det gitt hjelp til slik omskriving, men dette er eit punkt med forbetringspotensial.

Det har vore ein viktig føresetnad i heile utviklingsarbeidet at Nyno ikkje skulle binde resultatet til eitt slag nynorsk. Dette skal brukaren sjølv få avgjere. Programmet har derfor innebygd grammatikk som gjer at ein fritt kan velje mellom ulike nynorskformer innanfor godkjend rettskriving, gruppert etter hovudformer og sideformer. Nyno har med mest alle valfrie nynorske bøyingsformer og mange valfrie ordformer og kan levere frå seg både «radikal» eller meir «konservativ» nynorsk. Brukaren kan velje nynorskformer for grupper av ord (som a- og e-infinitiv), for enkeltord (som skole/skule) eller for bokstaveringar (som komme/kome).

Ulike språkmalar fangar opp dei vala brukaren gjer, og sikrar ein konsekvent formbruk og ordbruk gjennom heile teksten. Gjennom ferdige språkmalar som følgjer programmet, kan ein dessutan tilpasse språket etter landsdel eller dialekt. Organisasjonar som har vedtekne normer for språket, kan lage sin eigen språkmal. Slik hjelper ein dei tilsette til å følgje norma.

Bruken av språkmalar vurderer vi som den sterkaste delen av Nyno når det gjeld å kvalitetssikre språket.

Kva så med syntaks? På nokre område gjennomfører Nyno ein syntakssjekk for å kunne byte ordstilling og gi ei betre omsetjing, som når det gjeld genitiv og passiv. Vi prøver også å kontrollere homonyma, som er eit viktig problemområde når ein omset frå bokmål. Men her vil det finnast ein del feil, så brukaren bør vere særleg på vakt. Vi har dessutan lagt inn manuell kontroll der det er mange homonym i same delsetning som kompliserer analysen. Setninga «En god fører kjører lenger enn en god hopper hopper på ski» blir i Nyno til «Ein god førar <HOM:kjører> lenger enn ein god hoppar <HOM:hopper> på ski.» Markeringa med koden <HOM:…> viser at her skal brukaren velje mellom dei alternativa som kjem opp, med informasjon om ordklasse. <HOM:kjører> gir alternativa kjører (verb), kjørar (hankj. eintal). (Dersom ein har valt å bruke -øy- i staden for -ø-, kjem alternativa køyrer og køyrar.) <HOM:hopper> gir alternativa hoppar (verb), hoppar (hankj. eintal), hopper (hokj. fleirtal).

Syntakssjekken er den svakaste delen av programmet, og det er naturleg at denne delen har høg prioritet i det vidare utviklingsarbeidet. Vi har etablert eit samarbeid med Universitetet i Oslo om bruk av språkreglar for automatisk syntakssjekk. Tilsvarande reglar er lagde inn i Microsofts nye grammatikkontroll for bokmål. Regelsettet kjem med i den neste større oppgraderinga av Nyno. Her kjem også ny ordliste med tilsvarande ordtilfang som i Bokmålsordboka og Nynorskordboka.

Vi håper og trur at Nyno kan vere eit hjelpemiddel til å få meir og betre nynorsk i samfunnet vårt. Valfridommen sikrar at folk kan produsere ein nynorsk dei sjølve kan identifisere seg med, og tidsinnsparinga gjer at kostnadene med å lage nynorsktekstar blir reduserte. Men vi veit godt at programmet kan bli endå betre og endå meir effektivt. Med dei ressursane vi har hatt til rådvelde, er vi likevel nøgde med resultatet så langt. Vi trur nynorske dataprogram er viktige i kampen for å halde på nynorsk som dagleg bruksspråk, og ser fram til resultatet av den nye IKT-meldinga som varslar nye tiltak for å betre programvaresituasjonen.

Den som vil vite meir om Nyno, kan laste ned ein demo frå Nynodata si heimeside: www.nynodata.no

 

-- Bjørn Seljebotn er dagleg leiar i Nynodata.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter