Småstoff


På godt norsk

allround – altmogleg-/altmulig-, allsidig
allrounder – allsidig person
audition – prøvespel/prøvespill, rolleprøve, opptaksprøve, audisjon
bookmark – bokmerke (i nettlesar)
boom – oppsving, bølgje/bølge
canyon – gjel, kløft, juv
canyoning (sport) – juving
dummy – modell, prototyp implementere – setje/sette i verk, setje/sette ut i livet jetlag – jetsjuke/jetsyke, jetørske, døgnville/døgnvillhet
jingle – vignett, lydlogo i radio og TV
link (data) – lenkje/lenke, peikar/peker, kopling
orphan drug – smalt lækjemiddel/legemiddel, fåbrukarmedikament/fåbrukermedikament
overhead – administrasjonskostnader
screening – masseundersøking
understatement – underdriving/underdrivelse; litotes (litteraturvitskap)

Du finn fleire ord på nettsidene våre.

Linux på bokmål og nynorsk

Ein Linux-pakke med program både på bokmål og nynorsk ligg no føre til betatesting. Pakken er laga spesielt med tanke på skuleverket, men har like stor interesse for privatpersonar, offentlege etatar og næringsliv. Pakken byggjer på Debian-plattforma og inneheld mellom anna tekstbehandlar, rekneark, biletbehandlar, nettlesar og e-postprogram. Windows-emulator, DOS-emulator, databaseprogram og skriptprogram skal også vere med i den endelege pakken. Det er laga eit enkelt installasjonsprogram med tre val: tenar, enkeltståande maskin (tjukk klient) og terminal (tynn klient). Betaversjonen har KDE og KOffice som skrivebordsverkty.

Arbeidet med betaversjonen vart gjort av ein dugnadsgjeng i sommar. Nokre av programma var omsette til bokmål og nynorsk frå før. Når betatestinga er fullført, er det meininga at den endelege førsteversjonen skal vere ferdig på nyåret 2002. Dersom det let seg gjere, skal Linux-pakken også omfatte nordsamisk. Vi gjer merksam på at omsetjingane til bokmål og nynorsk skal kvalitetssikrast før den endelege førsteversjonen blir lansert.

I ei evaluering av open programvare i 2000 peika Statskonsult på at open programvare ville ha interesse for skuleverket. Den Linux-distribusjonen som no blir prøvd ut, vil kunne medverke til større mangfald i skulen når det gjeld programvare, vil sikre skulane gratis eller svært billig programvare og vil gje skular og elevar med nynorsk som målform programvare på nynorsk.

Meir informasjon finn ein på: www.skulelinux.no.

Elektroniske læremidler på begge målformer

Forskriftene (§§ 17–1 til 17–5) til opplæringsloven (§ 9–4) stiller krav om at læremidler skal foreligge på både nynorsk og bokmål, og formulerer også hvilke unntak som gjelder. Kirke-, utdannings- og forskingsdepartementet har i «IKT i norsk utdanning – årsplan for 2001» gjort det klart at denne bestemmelsen også gjelder digitale læremidler. Den siste oversikten over elektroniske læremidler, utarbeidd av Nasjonalt læremiddelsenter i 2000, viser at bare en firedel av de pedagogiske dataprogrammene foreligger på begge målformer.

Kontorstøtteprogram («administrativ programvare») er foreløpig unntatt fra opplæringslovens bestemmelser om språklig parallellitet. Spørsmålet om innføring av et slikt krav også for denne type programvare er nå under utredning i KUF etter at Stortingets utdanningskomite bad KUF legge fram en tidsplan for oppheving av unntaksbestemmelsen.

Norsk etternamnleksikon

Ein finn meir stoff om etternamn i Noreg i Olav Veka: Norsk etternamnleksikon. Norske slektsnamn – utbreiing, tyding og opphav (Det Norske Samlaget, Oslo 2000, ISBN 82-521-5432-8). Boka er på 501 sider og kostar 398 kroner. Norsk etternamnleksikon er det første norske leksikonet over etternamn og inneheld 25 000 namn. Boka forklarer opphavet og tydinga til namna og har med namnestatistikkar, kart og innleiande artiklar. Eigne fagfolk har skrive om nordsamiske, sørsamiske og finske namn.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter