Bondevik – typisk norsk

AV OLAV VEKA

Aasen, Bondevik, Kielland, Røkke; Hansen, Gerhardsen; Jagland, Stålsett; Stoltenberg, Koht. I desse ti velkjende etternamna finn me representert viktige namnegrupper i det norske etternamntilfanget, som pr. 1.1. 2000 utgjorde 123 103 ulike etternamn, ein auke frå 104 471 i 1993. Forklaringa på den kraftige auken på noko under 20 000 berre på sju år må liggja i innvandringa i 1990-åra, som også andre tal vitnar om. Heile 35 674 av etternamna har berre éin berar.

Gardsnamn

Dei to største etternamngruppene i Noreg er namn med opphav i gardsnamn eller i patronym, som me også kunne kalla farsnamn eller rett og slett sen-namn. Nærare 70 % av alle nordmenn ber eit etternamn av gardsnamntypen, frå Aa (ingen skriv seg Å!) til Åvitsland, for å nemna det fyrste og siste i registeret over alle etternamn som var førde inn i det norske folkeregisteret pr.1.2.1993. Så vidt eg veit, finst det ingen andre land i Europa der gardsnamn er den absolutt dominerande etternamntypen. For å forklara etternamna Aasen, Bondevik osv. må ein altså gå til gardsnamna. Det finst ei mengd stader i Noreg med namnet Aasen, og alle kjenner tydinga. Skrivemåten med Aa- for Å- heng att frå eldre rettskriving, 4 462 personar skriv seg Aasen, og 708 følgjer nyare rettskriving og skriv seg Åsen. Etternamnet Bondevik kjem frå gardsnamnet Bondevik i Sogn, og føreleddet er rett og slett vårt ord ’bonde’. Slik kunne me halda fram med å forklara Kielland og Røkke og alle dei tusentals andre som kjem av eit gardsnamn.

Færre Hansen

Dersom me samanliknar frekvensen for gardsnamntypen og patronyma, vil me finna ein tydeleg nedgang i bruken av patronym. Øvst på namnestatistikken ligg patronyma Hansen 60 973 og Olsen 56 190, men dei siste sju åra har dei gått attende med 3 746 og 3 180 personar. Hansen og Olsen og alle dei andre utbreidde patronyma er så vanlege at dei rett og slett kan verta upraktiske, fordi dei misser noko av den indvidualiserande funksjonen eit etternamn bør ha. På same tida har mange etternamn av gardsnamntypen fått fleire berarar, t.d. har Helland gått fram med 129 og Tveit med 94. Dei fleste som skifter namn her i landet, går over til gardsnamntypen. Denne namnetypen ser ut til å ha høg status, både fordi han frå før dominerer som namnetype, og fordi han knyter band attende til bondestanden, som i dei fleste slekter ligg i nær fortid.

Overgangen frå patronym til gardsnamntype kan skje på fleire måtar. Dersom ein Ola Hansen gifter seg med Liv Tveit, kan det godt henda at han tek namnet hennar og kallar seg Ola Tveit. Ein Nils Olsen kan verta lei etternamnet sitt og tek Helland etter bestemor si, som var fødd på garden Helland. I begge tilfella vil etterkomarane bera eit gardsnamn som etternamn i staden for eit patronym.

Nylaga namn

Eit godt vitnemål om kor høg prestisje gardsnamn har som etternamn, finn me i alle dei nylaga etternamna som ser ut som gardsnamn. Mange har vore kreative, har bytt om på bokstavane i patronymet, t.d. Olsen, og laga seg eit nytt namn med etterleddet -nes av -sen lese attanfrå, eller kombinert kjende namneledd som hol, brekke, mo, våg, , lyng på ein ny måte. På ståande fot kan eg laga eit par framlegg etter dette mønsteret. Kva med Lynghol eller Lyngbrekke? Namna ser ut som gardsnamn, men så vidt eg har funne ut, finst dei ingenstad, og dersom så er tilfelle, skulle dei kunna takast i bruk som etternamn. Det er aldri undersøkt fagleg kor mange slike nylagingar som finst i bruk, og dei er ofte så godt laga at dei er umoglege å avsløra som "uekte". Personleg kjenner eg så mange i min omgangskrins som ber eit nylaga etternamn av gardsnamntype, at det på landsbasis må vera snakk om fleire tusen med tilsvarande namn. Eit fellestrekk ved dei er at talet på berarar er lite, som rimeleg er, oftast under 25.

Men det finst hjelp dersom ikkje fantasien strekk til. Astrid Moss gav i 1940-åra ut dei to bøkene Forslag til nye slektsnavn og 2000 Nye slektsnavn med til saman godt 3 600 meir eller mindre vellukka namnelagingar av gardsnamntype, som Habbar, Haddli, Haddvåg og Haghus. Ikkje så radt få av desse framlegga vart tekne i bruk, mellom dei meir kjende er Jagland og Stålsett.

Alle desse nylagingane illustrerer tydeleg nordmenns oppfatning av kva eit skikkeleg og fint etternamn er, og korleis det skal sjå ut. Svært få pyntar seg med lånte fjører, det vere seg bokstavar som c, q, w, x, z eller utanlandske namneledd. Den som har endra namnet sitt, veit godt at nylaginga nødvendigvis må verta kjend i omgangskrinsen i ein overgangsperiode, og dei sosiale signala namnet sender ut, er viktige for familien. Sværande få vel eit namn med trekk som kan oppfattast som freistnad på ein snobbeeffekt.

Patronym

Me kan altså observera ein tydeleg nedgang i bruken av patronym, men framleis ber godt 26 % av alle nordmenn eit av dei 1 385 namna som endar på -sen, frå Aadnesen til Åsulfsen. Sidan Ola Hansen slett ikkje treng vera son til Hans, og sidan sonen til Ola også vil heita Hansen (og ikkje Olsen), kallar me Hansen eit sekundærpatronym. Eit skifte av farsnamn frå generasjon til generasjon kallar me primærpatronym eller ekte patronym. Einar Gerhardsen (fødd 1897), som var son til Gerhard Einarsen, bar eit ekte patronym, men sidan lov om slektsnamn frå 1923 kravde at alle nordmenn skulle bera eit arveleg etternamn, fekk barna hans sekundærpatronymet Gerhardsen og ikkje primærpatronymet Einarsen. Derfor heiter sonen til Einar Gerhardsen Rune Gerhardsen og ikkje Rune Einarsen. Dermed vart det sett bom for ein meir enn tusenårgammal skikk som berre islendingane til no har ført vidare. Det ligg føre framlegg om å innføra denne namneskikken på ny i lov om personnamn som skal behandlast av Stortinget med det fyrste. Som mellomnamn har det lenge vore tillate med primærpatronym av typen Gregoriusdotter og Knutsson.

Danmark

I motsetnad til gardsnamntypen er patronyma utbreidde over heile Europa, med Danmark i ei absolutt særstilling. På topp her ligg Jensen (317 759), Nielsen (309 120) og Hansen (260 274), altså ca. 900 000 berarar av berre tre namn! Bortimot 70 % av alle danskar ber eit sen-namn, og to tredelar av folket ber eitt av dei 50 vanlegaste etternamna. Danmark er det landet i Europa som har flest berarar av færrast namn!

Sverige

Patronyma er også svært vanlege i Sverige, med Johansson (306 895), Andersson (301 421) og Karlsson (267 107) på topp i 1995, også her ca. 900 000 berarar av berre tre etternamn, men den mest særmerkte svenske etternamntypen er likevel dei toledda namna eller kunstnamna (ornamentale namn) av typen Lindberg (på 18. plass i 1995), Lindström (20.) og Lundberg (25.). Dei fleste er nokså tilfeldige kombinasjonar av to ledd, mange henta frå planteriket som Cederblom, Löfgren, Lindquist, Lagerlöf, Lagerqvist (lager ’laurbær’). Denne store namneklassen er også spesiell i europeisk samanheng. Ein særsvensk namnetype er i tillegg soldatnamn, som er tilnamn tekne i bruk i militær rulleføring, t.d. Rask, Strid og Ståhl.

Eldre innvandrarnamn

Dei to siste namna i innleiinga, Stoltenberg og Koht, representerer ei gruppe etternamn anten av utanlandsk opphav eller laga her i landet etter mønster av utanlandske namnetypar, til vanleg dansk-tyske. Frå 1600-talet av kom det hit til landet ei mengd handverkarar og andre fagfolk, m.a. til den ekspanderande gruvedrifta. Sidan skikken med faste slektsnamn oppstod langt tidlegare i Tyskland enn i Noreg, bar dei fleste eit slektsnamn med seg då dei kom. Typisk er slektsnamnet Koht, som kom frå Sachsen til gruvedrifta på Kongsberg på 1600-talet, og merkeleg nok har det same språklege opphav som gardsnamnet Kot i Trøndelag, av gammalnorsk kot ’ringt lite hus, hytte’. Særleg i hansabyen Bergen slo det seg ned mange tyskarar med namn som Mowinckel, Konow og Sudmann.

Samiske namn

Sidan samane frå uminnelege tider har vandra på tvers av landegrensene i nord, ber ein del av dei svensk- eller finskpåverka slektsnamn. På førsteplassen ligg Eira (502 berarar) av mannsnamnet Eirik, deretter følgjer Hætta (500) med opphav i det svenske stadnamnet Hedenäset, Sara (475) med uvisst opphav, Gaup (439) av mannsnamnet Jakob og Utsi (315) av tilnamnet ’liten’.

Yrkesnamn og tilnamn

Noreg merkjer seg ut i Europa ikkje berre gjennom den dominerande namnegruppa gardsnamn, men også gjennom eit par namnegrupper som ikkje har utvikla seg her i landet. På eit kart over utbreiinga av yrkesnamnet smed i Europa er berre Noreg og Island utan markering, medan me finn Schmidt i Tyskland, Smith i Storbritannia, Kovács i Ungarn, Ferrari i Italia, Herrero i Spania, Kowalski i Polen osv. Trass i at det må ha funnest tusenvis av smedar her i landet, tok ingen av dei Smed som etternamn, men valde heller eit gardsnamn eller eit patronym. Og kva med alle møllarane, skomakarane, skreddarane og fiskarane som i Tyskland (og Danmark) kalla seg Müller (Møller), Schumacher, Schrøder og Fischer? Desse yrkesnamna var like utbreidde her i landet, men dei fekk aldri status som etternamn trass i eit utbreidd dansk-tysk namnemønster med tilhøyrande høg status som folk må ha hatt kjennskap til. Heller ikkje tilnamn som namnetype slo gjennom hjå oss som i resten av Europa, t.d. Black og White i engelsk, Schwarz og Weiss i tysk. Både yrkesnamn og tilnamn av ulike slag er likevel godt synlege i det norske namnelandskapet etter fleire hundreårs innvandring: Bauer (’bonde’), Brodtkorb (’brødseljar, bakar’), Krüger (’krovert’), Meyer (’godsforvaltar, bonde, slåttekar’), Schreiner (’skrinmakar, snikkar’), Treschow (’treskomakar’), Chruickshank (’med krokute bein’), Willoch (’lyshåra’).

Nyare innvandrarnamn

Av nyare innvandrarnamn når det vietnamesiske Nguyen høgast opp på statistikken, på 81. plass med 4 747 berarar, deretter kjem det vietnamesiske Tran med 2 073 og det arabiske Ali med 1 826 berarar.

Norden

Dei nordiske landa er kulturelt einsarta, men viser likevel klare skilnader i etternamnbruken og skil seg ut på kvar sin måte i europeisk samanheng: Noreg med flest etternamn av gardsnamn, Danmark med dei dominerande sen-namna, Sverige med kunstnamna og Island med primærpatronyma.

Dersom ikkje anna er sagt, er tal og statistikk frå år 2000.

 

-- Olav Veka er lektor ved Ringsaker videregående skole.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter