Arne Garborg og framvoksteren av nynorsk

AV KJELL VENÅS

I 1996 mintest vi verket åt Ivar Aasen; høvet var at det var 100 år sidan han døydde. Året 2001 er kan hende ikkje like offisielt minneår for Arne Garborg, men det er ikkje mykje som skil. Vi minnest Arne Garborg av di det er 150 år sidan han vart fødd. Både Aasen og Garborg var diktarar og skreiv på nynorsk, og båe hadde fyrst prøvt seg på dansk-norsk. Etter at han hadde fastsett ein skrivemåte for målet, brukte Aasen berre nynorsk som diktarspråk. Som poetisk diktar brukte også Garborg berre nynorsk, men han skreiv andre verk både på nynorsk og dansk-norsk.

Både Aasen og Garborg skreiv dansk-norsk så godt at dei fekk lovord for det av kvalifiserte folk. Aasen er kan hende den nordmann som har skrive rein dansk best, og det gjekk lettare for han å skrive dansk-norsk enn nynorsk. Garborg kom ikkje langt etter i så måte. Eit velkjent ord av Garborg er at han 27 år gammal lærte seg sjølv å skrive nynorsk, etter å ha brukt ein sommar på oppgåva. Han bygde på heimemålet frå Jæren, men lempa etter kvart på stavinga, så det skulle vera til å lesa for folk frå andre bygdelag, og slik at det vart «Landsmaal». Dei brukte «landsmål» om nynorsk den gongen, men det ser vi bort frå her. Som mogne menn brukte både Aasen og Garborg bokmål/bymål i daglegtale, men dei tenkte vel med hjartemålet, den eine som sunnmøring, den andre som jærbu.

Vi skal heller ikkje hefte oss ved at Garborg idealiserte kor lett og greitt det var for han å lære nynorsk. Han arbeidde noko meir og lenger med det enn han seinare mintest.

Ivar Aasen hadde skapt nynorsk, fyrst ved å skaffe fram tilfanget frå dei norske målføra, og så ved å fastsetja ein mogeleg skrivemåte bygd på dette tilfanget. Men ikkje alle som skreiv nynorsk etter Aasen, følgde framlegget hans i Prøver af Landsmaalet i Norge, ei bok frå 1853. Også Garborg prøvde seg fram på mange måtar for å finne det han meinte var den beste skrivemåten.

Skriftmålsbrukar og normskapar

Professor Johs. A. Dale granska Garborgs språk i ei doktoravhandling, og han fann fire ulike formperiodar i bruken hans av nynorsk. I den fyrste bolken (1877–88), då Garborg styrte bladet Fedraheimen, låg skrivemåten hans nokså nær Aasens form. Det var mykje ulik bruk av nynorsk, og Garborg ville prøve å semja fleire syn og få målfolket til å dra saman. I den neste perioden (1889–95) svinga han noko bort frå Aasen og nærma seg talemålet, særleg austnorsk. Han la då mindre tyngd på den nasjonale sida ved målreisinga og feste seg i staden ved det praktiske og aktuelle, at nynorsk skulle vera eit dagleg bruksmål, og lett å skrive fordi det låg nær talemålet. Han gjorde nokre andre formval i den tredje perioden (1895–99), då han atter prøvde å finne ei midtline mellom fløyer av nynorskfolk. Diktsamlinga Haugtussa kom i 1895, og for poetisk dikting var det viktig at målet var uttrykksfullt og vakkert. Garborg hadde før til dels brukt hokjønnsendinga -a i prosaskrifter (boka), men skreiv -i att (lufti) i Haugtussa. Kring hundreårsskiftet gjekk han over til det ein plar kalle «midlandsmålet» (sjå nedanfor), som han heldt på iallfall fyrst i den fjerde perioden sin (1899–1924). Etter Heimkomin Son i 1908 kom det ingen nye diktverk frå Garborg, men han skreiv mykje for det. Særleg i dei siste åra omsette han frå andre mål: komediar av Holberg, Odyssevskvadet av Homer og bolkar av Ramakvadet av den gammalindiske diktaren Valmiki, etter ei engelsk omsetjing. I desse verka brukte han ymse eldre former, men heldt på kløyvd infinitiv frå midlandsmålet. Den kvilelause skiftinga åt Garborg mellom ulike skrivemåtar kan ein sjå som ei prøvande leiting etter ei normalform for alle som skulle bruke nynorsk. I det var han lik føregangaren Vinje, for han drogst mellom Aasen-norma og ymse slags talemål.

Det var meir enn éin grunn til at Garborg skreiv nynorsk noko ulikt. Han tenkte mindre på det som kjendest naturleg for han sjølv, enn på dei som skulle lesa og byggje sin eigen skrivemåte på det dei las. Dels ville han finne ei rett nasjonal form, dels ynskte han å byggje nært på talemålet i bygdene for å gjera læringa lettare. Vidare var det strategisk målpolitisk tenking i dette, ein tanke på kva som kunne føre nynorsk framover, men det var òg omsyn til det estetiske, kunstnarlege ynskjemål og krav.

I 1898 kom Garborg med i den fyrste offisielle rettskrivingsnemnda for nynorsk. Det var to andre medlemer: Marius Hægstad, som var skulemann, politikar og målgranskar, og Rasmus Flo, som var filolog, lærar og nynorsk målrettar. Hægstad ville stort sett halde på Aasen-norma, med -a i infinitiv og fleirtalsformer som menner, bygder og visor. Flo og Garborg laga ei skriftmålsform merkt av talemålet i austnorske fjellbygder, med kløyvd infinitiv (fara, men kaste) og fleirtalsformer som mennar, bygdir og visur. Det vart likevel ingen kraftøydande strid mellom dei to leirane. Etter å ha rådspurt andre sakkunnige valde departementet Hægstad-målet som offisiell norm, men det skulle vera høve til å bruke midlandsmålet i skulen.

Her kan det atter vera tankevekkjande å sjå Aasen og Garborg saman. Det gjeld talemålet dei voks opp med, i høve til det dei ville ha som norm i skriftmålet. Ivar Aasen hadde infinitiv på -e i sitt talemål, men han tok på historisk grunnlag -a i skriftmålet. I talemålet sitt hadde Garborg infinitiv på -a, men han valde (frå 1898 iallfall) austnorsk kløyvd infinitiv i skriftmålet. Mange andre formdrag kunne gje døme på korleis Garborg med å byggje på eit visst talemålsområde braut med den historisk baserte normviljen åt Aasen. Somt i midlandsmålet ville ha skapt vanskar som ei norm for alle. Flo og Garborg var vel også nøgde med at midlandsmålet berre vart ei mogeleg sideform i skulen. Dei var opne for ei riksnorm med sideformer.

Strateg og polemikar

Ivar Aasen var fødd i 1813, Arne Garborg i 1851, så det var mest 40 år mellom dei i alder. Den vakne og målinteresserte unge jærbuen Garborg visste nok eit og anna om Aasen då han i februar 1873 kom til Kristiania for å «studere eller døy». Dei to kan ha møtt kvarandre nokså snart etter det, men fyrste gongen Aasen nemner Garborg, var i februar 1876, då Garborg var heime hjå han saman med Hans Ross. Då nokon i 1877 spurde Aasen kva han meinte om Arne Garborg som påtenkt styrar av eit nytt målblad, svara Aasen med å gje han gode lovord, og då bladet Fedraheimen kom i gang, skreiv Aasen i eit brev at bladstyraren «Student Garborg ... er ein herleg gild og dugande Mann». Dei to treftest ofte i dei fyrste åra etter det, men samkvæmet slutta heilt i 1887 då Garborg flytte frå byen, til Kolbotn og seinare Tyskland. Fedraheimen fekk mykje å seia i tida som kom. Historikaren Haugland skriv at med Fedraheimen og Garborg fekk målrørsla «eit samlande talerøyr og ein leiar som nok kan karakteriserast med adjektivet genial».

Alt før han vart bladstyrar, hadde Garborg fått bryne seg som talsmann for målfolket. I 1876 hadde han eit hardsett ordskifte i Aftenbladet med litteraturhistorikaren og journalisten Hartvig Lassen. Emnet deira kan samlast under hovudorda språk og nasjonalitet. Artiklane sine i den polemikken samla Garborg året etter og gav ut som bok under tittelen Den nynorske Sprog- og Nationalitetsbevægelse. Der openberra han fullt ut den kvasse tanken og den drepande polemiske givnaden som seinare skulle setja mang ein mann i beit. At han hadde lese mykje og hadde store kunnskapar om språk og språkvokster, kom klårt fram, endå også Garborg var eit barn av si tid og argumenterte på eit grunnlag som språkvitskapen snart gjekk bort frå. Men tankane Garborg bar fram om nasjonalitet og språk, vart ein viktig del av ideane som nynorsk bygde på. Haugland skriv at boka frå 1877 vart «det sentrale vedkjenningsskriftet», og at målrørsla etterpå vart «revitalisert og konsolidert». I den verbale striden kunne målfolket alltid lite på Garborg.

Garborg var meir enn polemikar. I 1897 let han ei artikkelrekkje frå Morgenbladet prente som skrift med tittelen Vor Sprogutvikling. Det ser ut til at han då hadde fått eit høgare syn på tingen. Garborg-forskaren Sveinung Time har kalla skriftet ei forsoningssamtale. Garborg drog der ei line frå Wergeland over dei to motpolane Aasen og Knudsen og prøvde jamvel å ta den strenge kritikaren Johan Storm med i den store semja. Ved eit meisterverk av strategisk manøver då Wergelands hundreår var i ferd med å raudne ned, peikte Garborg ut ein annan veg enn tjue år før. Han som i 1877 hadde synt fram to nasjonar med ulikt og uforlikeleg grunnlag, hadde i 1897 kome til at språk- og kulturformene i Noreg kunne utfylle kvarandre. Men tanken om forsoning fekk eit negativt svar før hundreårsskiftet – av Bjørnstjerne Bjørnson.

Garborg hadde ofte vore i kast med Bjørnson. Sett frå den andre sida skriv riksmålshistorikaren Lars Roar Langslet at «Polemikken mot Garborg ... går som en rød tråd gjennom Bjørnsons riksmålskamp». Men i 1897-skriftet nemnde Garborg Bjørnson berre ein gong og siterte han elles anonymt i ein fotnote. To år etter gjekk hovdingen frå Aulestad hardt ut mot nynorsk i ei tale om «Maalsagens stilling i vort Kulturliv». Garborg var mellom dei som hadde motlegg i avisene til svar på åtaket. I det siste målpolitiske innlegget sitt, brosjyren Vaar nasjonale strid frå 1911, gav Garborg eit historisk oversyn med den same målpolitiske bodskapen som hadde lege under det livslange arbeidet hans:

... eit folk kann ikkje samle seg um framande merke; i Norig som all stad er det folke-maale som samlar folke, liksom det er heime-maale som gjer lande til heim.

Litteratur

  • Dale, Johs. A. 1950: Studiar i Arne Garborg språk og stil. Oslo: Aschehoug.
  • Garborg, Arne 1877: Den nynorske Sprog- og Nationalitetsbevægelse. 2. utgåva. Oslo: Noregs Boklag 1981.
  • Garborg, Arne 1897: Vor Sprogudvikling. Oslo: utgjeve av «Maalkassa».
  • Garborg, Arne 1911: Vaar nasjonale strid. Oslo: Norigs Ungdomslag.
  • Haugland, Kjell 1971: Målpolitiske dokument. Oslo: Det Norske Samlaget.
  • Langslet, Lars Roar 1999: I kamp for norsk kultur. Oslo: Riksmålsforbundet.
  • Time, Sveinung 2000: «Ei vending? Om Garborgs Vor Sprogudvikling – hundre år etter».
  • I Pål Bjørby, Alvhild Dvergsdal og Asbjørn Aarseth (red.): Eit ord – ein stein. Studiar i nynorsk skriftliv: Øvre Ervik: Alvheim og Eide.

 

-- Kjell Venås er professor emeritus og har vore professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Oslo.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter