Leiar: Informasjons- og kommunikasjonsteknologi

Det er ei lang og uhandterleg nemning, men viktig. Derfor er det tenleg å lære seg forkortinga IKT. IKT dreiar seg ikkje lenger berre om det vi gjer framfor skjermen på ei datamaskin. Teknologien gjeld heller ikkje lenger berre skrift, no gjeld han også tale.

Lenge har vi frykta at denne teknologien dyttar på oss engelsk i alle samanhengar og såleis kjøver norsk språk. Står ein rådlaus og tiltakslaus, er nok faren trugande. Men med å gå aktivt inn for å bruke norsk kan teknologien hjelpe oss å ta vare på språket vårt. Meir og meir blir i dag tilgjengeleg på Internett på norsk og på andre mindre nasjonalspråk. No kjem dessutan taleteknologien, som også både forstår og produserer norsk språk. Datateknologien viser stor tilpassingsevne, og norsken kan greie å ta att noko av domenetapa.

Det må drivast målmedvete arbeid for å sikre norsken som del av verdsmangfaldet. Derfor har f.eks. Språkrådet utarbeidd handlingsplanen Norsk språk og IKT, som Kulturdepartementet og Næringsdepartementet har teke imot med stor interesse. Her er det viktig å skape ein offentleg språkpolitikk.

IKT gir oss også nye normeringspolitiske vilkår. Teknologien kan hjelpe oss å rydde opp i tekstane, men han kan òg rydde opp for mye og einsrette. Han kan endatil bli brukt som normeringspolitisk argument. Da blir han ei ny utfordring for oss.

Men det viser seg at det er mogleg å stille krav: Vi kan utvikle teknologien slik at han tener oss og tilpassar seg det som er naturleg i språksamfunnet, nemleg variasjon. Når dei to skriftspråka våre fungerer godt med ein del indre variasjon – ja, med mye kulturelt innhald i denne variasjonen – da skal maskinene fungere på premissane åt menneska. Fagleg er dette eit fruktbart perspektiv, for når vi skal utvikle språkteknologien til å bli "human", må ein ikkje berre lage meir avansert programvare. Fagfolka må også skaffe seg innsikt i variasjonen, beskrive han og forstå han. Dermed kan teknologi og språkforsking vere med og utvikle kvarandre.

Nyno-programmet, som blir presentert i dette heftet, har gått til verket med den holdninga at språkbrukaren sjølv skal få velje og styre. Å bruke eit slikt program kan skape språkmedvetne og opplyste brukarar, og programmet er dermed meir enn berre eit teknisk hjelpemiddel. Det går altså an.

Frykta for kva som ikkje går, er ofte for stor. Ein språkteknolog har framheva at maskinene (= talegjenkjenningsprogramma) lettare greier å oppfatte ulike dialektar enn å avkode nasale stemmer (på eit standardspråk). Eg kan ikkje kontrollere påstanden, men oppmodinga er at vi ikkje for lett godtek tekniske argument i språk- og kulturspørsmål. Vi skal vete å stille krav både om norsk og om kva slags norsk.

 

Helge Sandøy

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter