Nynorsk programvare

AV JON GREPSTAD

I handlingsplanen for norsk språk og IKT, som Norsk språkråd har utarbeidd for Kulturdepartementet, er eitt av dei overordna måla å auke mengda av norskspråkleg programvare, særleg programvare på nynorsk.

Fleire tiltak i planen er knytte til dette målet:

«NP1: Innføre et regelverk, med forankring i lov eller forskrift, for offentlige innkjøp av vanlig programvare (operativsystem medregnet) slik at det sikres språklige parallellutgaver

NP2: Gi økonomisk støtte til utvikling og bruk av verktøy for oversetting av programvare, også mellom bokmål og nynorsk

NP3: Gi økonomisk støtte til utvikling av elektroniske læremiddel på norsk (bokmål og nynorsk) og til bruk av norske språkteknologiprodukt i brukergrensesnittet deres

NP4: Oppheve unntaket fra kravet om språklige parallellutgaver for administrativ programvare til skolebruk»

Innkjøpsreglar

Tanken om å bruke reglane for offentlege innkjøp som verkemiddel for å fremje nynorskversjonar av sentrale dataprogram går attende til Innst. S. nr. 17 for 1992–93, der fleirtalet i stortingskomiteen (A, SV, KrF og Sp) uttalte:

«Fleirtalet viser til at edb er innført på dei fleste offentlege kontor og at mange arkiv- og saksbehandlingsprogram er utvikla, men at få av desse programma i utgangspunktet har nynorskversjon. Fleirtalet meiner at det bør leggjast inn som eit krav når statsorgan hentar inn tilbod på edb-sida, at programma har både ein nynorsk- og bokmålsversjon.»

Nyleg har 110 ordførarar og fylkesordførarar og 500 rektorar underskrive eit opprop med krav om at nynorskbrukarar så snart som råd får tilgang til nynorskversjonar av vanleg programvare til same pris som bokmålsversjonane. Oppropet, som vart overlevert statsråd Grete Knutsen 10. mars i år, ber mellom anna om at det blir regelfesta i Forvaltningsnettsamarbeidet, innkjøpslova o.l. at programvare som skal kjøpast inn av offentleg forvaltning, må liggje føre både i nynorsk- og bokmålsversjon.

I brev til Kulturdepartementet 27. mars i år har Norsk språkråd bedd departementet greie ut juridiske problemstillingar i samband med reglar som skal sikre nynorskversjonar av vanlege dataprogram og av dataprogram utvikla for offentlege midlar. Spørsmåla gjeld heimelsgrunnlag, korleis reglane blir mest effektive, og kva slags programvare som skal omfattast. Reglane kan til dømes forankrast i lov om målbruk i offentleg teneste eller i lov om offentlige anskaffelser og forskriftene til lovene.

Opplæringslova

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet har nyleg gjort det klart at pedagogisk programvare og elektroniske læremiddel kjem inn under parallellutgåvekravet i opplæringslova og forskriftene til lova. KUF gjorde i rundskriv F–044–99 25. juni 1999 unntak for «administrativ programvare», dvs. vanlege kontorprogram. Spørsmålet om å oppheve dette unntaket er no til utgreiing etter at fleirtalet i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen i Innst. O. nr. 89 (1999–2000) bad KUF leggje fram ein tidsplan for arbeidet med å oppheve unntaket frå parallellutgåveregelen når det gjeld slike program:

«Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Kristelig Folkeparti, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Venstre, mener at spørsmålet om nynorskversjoner av administrativ programvare er en avgjørende faktor i arbeidet for likestilling mellom nynorsk og bokmål, og en forutsetning for at nynorsk- og bokmålselever skal ha samme vilkår i skolen. Flertallet ber derfor departementet legge fram en tidsplan for arbeidet med å oppheve det foreløpige unntaket fra parallellutgaveregelen.»

I handlingsplanen for norsk språk og IKT er det eit sentralt mål at elektroniske læremiddel og anna programvare som blir brukt i skulen, må liggje føre på begge målformer.

Dugnadsinitiativ

Dei siste par åra har privatpersonar lagt ned eit stort gratisarbeid i omsetjing av programvare til nynorsk. Det gjeld mellom anna program og programpakkar som KDE for Linux, nettlesaren Mozilla og tekstbehandlaren AbiWord for fleire operativsystem og e-postprogrammet Phoenix for Windows. Omsetjing av OpenOffice for Linux er i full gang. Og i sommar har ein dugnadsgjeng sett saman ein heil Linux-pakke på bokmål og nynorsk med tanke på grunnskular og vidaregåande skular. Den kommersielle nettlesaren Opera, som no òg er gratis «annonsevare», har funnest i nynorskversjon i om lag fem år. I tillegg har vi mellom anna det kommersielle omsetjingsprogrammet Nyno, som omset frå bokmål til nynorsk.

Stortingsmelding

Det er venta at sentrale spørsmål som gjeld norsk språk og informasjonsteknologi, mellom anna spørsmål som gjeld nynorsk programvare, blir tekne opp i den stortingsmeldinga om målbruk i offentleg teneste som Kulturdepartementet no arbeider med.

Det er på høg tid det blir sett i gang tiltak som sikrar språkleg jamstilling i dataverda. Før sommarferien lanserte Microsoft den nye Office-pakken, Office XP. Tekstbehandlaren har grammatikkontroll for bokmål, men ikkje for nynorsk.

Tilvisingar:

 

-- Jon Grepstad er informasjonsrådgjevar i Norsk språkråd.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter