Forgløym meg ei

No image

Seier du en flaske eller ei flaske? Svaret på det spørsmålet kan kanskje avsløre alderen din. Forskarar har nemleg funne ut at hokjønnsartikkelen er i ferd med å forsvinne hjå den yngre generasjonen.

AV SIGRID SØRUMGÅRD BOTHEIM

Ei ordklasse, ein artikkel, eit språk. I norsk har vi tre grammatiske kjønn, men noko er i ferd med å endre seg. Forskarar har sett at barn i Trondheim og Tromsø brukar hokjønnsartikkelen ei i langt mindre grad enn foreldra og besteforeldra sine. Samtidig held dei på a-endinga i bestemt form og seier en jente – jenta.

Kvifor skjer denne endringa? Kvifor endrar språket seg i det heile? Og gjer det eigentleg noko? Bli med på jakta på hokjønnet!

Språkforskaren

Guro Busterud | Foto: Hans Kristian ThorbjørnsenNamn: Guro Busterud

Yrke: fyrsteamanuensis i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Oslo

Kjem frå: Hamar

Bur i: Bærum; har budd lenge i Trondheim

En eller ei flaske: Eg brukar ei salig blanding. Og eg seier både flaska og flasken.

Guro Busterud er ei av dei som har forska på grammatisk kjønn. Ho meiner det er to grunnar til språkendringa i trondheimsdialekta og tromsødialekta.

– Vi har lenge sett at hokjønn har vore lite brukt i osloområdet, men vi har trudd at systemet med tre kjønn har vore ganske stabilt i resten av landet. Ein av grunnane til at dialektene i andre byar i Noreg er i ferd med å endre seg, kan vere påverking frå språket i Oslo. Ein annan grunn er at det er lov å bruke hankjønnsformer av hokjønnsord i bokmål. Når det eksisterer to parallelle former, kan det vere vanskelegare for barn å få grep om systemet. Når hokjønnsord i tillegg er mindre frekvente enn hankjønnsord, er det ikkje så unaturleg at hankjønnsformene «vinn».

Kjensla av språkleg forfall er svært sterk hjå mange. GURO BUSTERUD

– Det kjem an på korleis ein definerer grammatisk kjønn. Charles F. Hockett skreiv i 1958 at «genus er markert ved frittståande kongruenselement». Det vil seia at det er den frittståande artikkelen ein som markerer kjønn, medan a-endinga i bestemt form heng «fast» i ordet og er uttrykk for ordets bøyingsklasse. Når vi følgjer denne definisjonen, kan vi seia at hokjønn fell bort når ein seier en jente.

Kjønn som klassifikasjonssystem

Busterud fortel at det ikkje finst eit klart system for korleis eit ord får det eine eller andre kjønnet i norsk. Det er eit visst biologisk system, der ord som jente, tante og heks blir hokjønn. Men dei fleste hokjønnsorda, som flaske, geit og bok, viser ikkje til biologisk kjønn. Dei fleste lånorda hamnar i den største kategorien, altså hankjønn. Elles er det ikkje nokon klar grunn til at for eksempel ei bok er hokjønn, mens eit barn er inkjekjønn. Så kva fortel eigentleg grammatisk kjønn oss?

– Det er vanskeleg å sjå eit konkret behov for kjønn i språket. Til dømes greier det engelske språket seg utmerkt utan grammatisk kjønn. Samtidig kan vi sjå på kjønn som eit klassifikasjonssystem. Vi menneske treng å plassere ord og fenomen i grupper. Slik sett er det eit behov for kjønn, fordi det er ein måte å laga kategoriar på, seier Busterud.

Er denne endringa noko som uroar deg?

– Nei, eg er ikkje uroleg! Eg synest det er veldig spennande å forske på grammatikk fordi eg er interessert i dei systema vi har inne i hjernane våre. Vi veit at nordmenn har brukt tre kjønn sidan norrøn tid. Det har vore stabilt så lenge, og plutseleg endrar det seg. Da skjer det òg ei endring i det mentale regelsettet vårt. Det er interessant å sjå både kvifor og korleis desse endringane utviklar seg. Eg er oppteken av dette fordi eg er fagleg nyfiken. Vi forskarar ser ikkje på endringar som forbetring eller forverring – men nettopp som endringar.

Nokre språkendringar kjem og går utan at det blir lagt merke til, men Busterud merkar at mange har sterke kjensler knytt til grammatisk kjønn. Ho trur det heng saman med at språket er eit tydeleg uttrykk for identitet. Endringar som skjer før levetida vår, blir gjerne sett på som endringar til det betre, medan endringar som skjer i løpet av levetida vår, blir sett på som eit teikn på forfall.

– Dette med grammatisk kjønn ser det ut til at nokre er villige til å gå i demonstrasjonstog for! Kjensla av språkleg forfall er svært sterk hjå mange.

Sosiolingvisten

Stian Hårstad | Foto: NTNUNamn: Stian Hårstad

Yrke: professor i nordisk språkvitskap ved NTNU

Kjem frå: Rennebu

Bur i: Trondheim

En eller ei flaske: ei flask

Dei siste tusen åra har det norske språket endra seg så mykje at vi ikkje ville forstått kva forfedrane våre sa. Når nokre nå seier en jente i staden for ei jente, er det berre ei lita forandring i ei lang rekke av språkendringar. Men kvifor endrar språket seg heile tida, dersom dei fleste synest at språkendringar gjer vondt? Dette er litt av eit mysterium, svarar professor Stian Hårstad, som mellom anna har språkutvikling som fagområde.

– Språket ikkje endre seg. Samtidig er det ei feilslutning å tenkje på språk som noko stabilt. Vi bør heller sjå på det som ein flytande masse. Språket endrar seg akkurat slik mange andre samfunnsstrukturar endrar seg. Men vi må vera glade for at endringane går såpass sakte at oldeforeldre kan forstå oldebarna sine.

«En flaske» har kanskje ein dåm av dyre møblar, fulle bokhyller og danning. STIAN HÅRSTAD

Det er ingen tvil om at språk engasjerer nordmenn. Nokre organiserer seg i grupper mot særskrivingsfeil, andre skriv innlegg i lokalavisa. Men det er visstnok ikkje typisk norsk å vera interessert i språk. Å klaga over språkleg forfall er eit nokså allment fenomen, ifølgje Hårstad.

– Det er vanleg å meine at alt var «meget bedre» før. Britiske forskarar kallar dette for klagetradisjonen. Det er ein menneskeleg reaksjon. Vi har behov for stabile strukturar, og det må finnast ein viss konservatisme i språket, elles blir ikkje språket brukbart. Det er lett å forstå at folk kan få panikk, fordi det ikkje er så mykje ein kan gjera. Den einskilde kan ikkje halde fast i språket, for det er eit felleseige.

Hovudstadsspråk er statusspråk

Når det gjeld bortfallet av hokjønn, seier forskarane at ei-artikkelen forsvinn i Trondheim og Tromsø på grunn av påverknad frå oslodialekta. Også i andre vestlege språksamfunn har språket i hovudstadsområdet høgare prestisje enn andre dialekter.

– Språket som er knytt til hovudstaden og maktsenteret, får automatisk status som det riktige, normale og minst markerte. Ofte er det òg slik at talemålet i hovudstaden har størst samanfall med skriftspråket. I hovudet til mange nordmenn har talemålet i Oslo same status som bokmål. Det paradoksale er at Oslo er eit svært komplekst språksamfunn. Det same gjeld for eksempel i England. I London og området rundt finn ein både det som er rekna for den «finaste» og den «styggaste» engelsken.

Kva tyder det om ein seier en flaske i staden for ei flaske?

– Ein lingvist vil seia at det ikkje tyder noko anna enn at det er ein grammatisk skilnad. Ein sosiolingvist vil seia at det ligg mange lag rundt dette. En flaske er i tråd med moderat bokmål og fint oslomål og har kanskje ein dåm av dyre møblar, fulle bokhyller og danning. Ei flaske har smaken av landsbygd, råning, bark og fjøs. Slike assosiasjonar må ein ofte trekkje inn i forklaringar av kvifor visse språktrekk tapar terreng.

Grammatisk kjønn og biologisk kjønn

Det er ei kjend sak at språk og identitet heng saman. Ein som er radikal politisk, vil ofte skrive og snakke meir radikalt. På same måte vil mange meine at det finst eit band mellom grammatikken og biologien. 

For å setja det på spissen: Er det slik at kvinnerørsla burde støtte grammatisk hokjønn?

– He-he, dette kunne eg diskutert lenge og vel. Det er for så vidt naturleg at grammatisk hokjønn finst fordi kvinner finst. Men kvinner finst i England òg, sjølv om dei ikkje har grammatisk kjønn i engelsk. Dersom hokjønn forsvinn i norsk, vil vi neppe tenkje at hankjønn har «vunne», vi vil nok heller sjå på mange hankjønnsformer som det nøytrale. Slik har det òg vore i den språklege likestillingspolitikken i Noreg. Vi har ikkje lenger lærarinner, ekspeditriser og pianistinner. Dei mannlege formene gjeld for begge kjønn. Slik er det ikkje i tysk, som framleis skil strengt mellom kvinner og menn i slike titlar. Men kan vi dermed seia at Tyskland er betre på likestilling enn Noreg? Det er tvilsamt.

Er det eit tap om vi mistar hokjønnet?

– Den kjedelege språkmannen seier at det går bra. Kommunikasjonen kjem ikkje til å stoppe opp. Om eg skal leggje på litt kjensler, så er eg lei meg for at eit raffinement går tapt. Den nyfikne språkvitaren vil gjerne at det tredelte systemet skal halde fram.

Journalisten

Trygve Lundemo | Foto: AdresseavisenNamn: Trygve Lundemo

Yrke: kommentator og språkrøktar i Adresseavisen

Kjem frå: Røros

Bur i: Trondheim

En eller ei flaske: ei flaske

Dei tilsette i Adresseavisen, den største regionavisa i Trondheim, er blant dei som har late seg engasjere av forskinga på grammatisk kjønn. Dei var såpass uroa over resultata av forskinga at dei skreiv ein leiarartikkel i juni 2020 der dei oppmoda trønderane til å ta vare på hokjønnet. «Det gir grunn til å mobilisere. Vi mener tre kjønn er bedre enn to», står det mellom anna i leiaren.

Vi må halde på dialekta vår og ta vare på det regionale særpreget. TRYGVE LUNDEMO

Trygve Lundemo er ein av tre journalistar som arbeider med å røkte språket i Adresseavisen. Han fortel at journalistane står ganske fritt, men at dei har nokre overordna språklege retningsliner.

– Språket i Adresseavisen går nok under det ein kallar moderat bokmål. Alle tilsette journalistar skriv bokmål, men vi avviser ikkje nynorsk. Dei siste åra har vi begynt å bruke fleire a-endingar i både verb og substantiv. Vi vil gjerne leggje oss nært talemålet i Trøndelag.

Kvifor er dette med grammatisk kjønn så viktig for Adresseavisen at de skreiv om det i ein leiarartikkel?

– Eg synest resultata frå forskinga på talemålet i Trondheim er urovekkjande. Det er ikkje eit verdsproblem, men det er trist at det trønderske talemålet endrar seg så mykje. Eg synest vi må halde på dialekta vår og ta vare på det regionale særpreget. Vi må bevara hokjønnsartikkelen i trøndersk. Språket blir fattigare om vi går frå tre til to kjønn. Eg meiner òg at det å bruke tre kjønn heng saman med den regionale identiteten vår. Eg merkar sjølv at eg blir påverka av språket på Austlandet. Eg kan for eksempel ta meg i å seia en tid, sjølv om eg eigentleg seier ei tid.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter