Lovverk for framtida

No image

– Godt terminologiarbeid er avgjerande for eit digitaliseringvenleg lovverk, seier Marit Holm Torseth i Brønnøysundregistera.

AV OLE VÅGE

Eit digitaliseringsvenleg lovverk skal gjere kvardagen enklare for oss. I dag må mange fylle ut dei same opplysingane om att og om att i skjema vi sender inn til offentleg sektor. Det er tungvint og unødvendig sidan ulike etatar i offentleg sektor ofte sit på desse opplysingane frå før.

– Dersom ein etat skal hente inn opplysingar frå ein annan etat, må begge vere sikre på at opplysingane tyder det same, forklarer Marit Holm Torseth, seniorrådgjevar i Brønnøysundregistera.

– Det er eit problem at viktige omgrep er definert ulikt i ulike lover og forskrifter. Til dømes er omgrepet sambuar definert på minst 19 ulike måtar i ulike forskrifter og lover, avhengig av bustad, born, sambuartid og andre forhold.

– Det er òg eit problem at mange omgrep i lovverk ikkje er definerte i det heile. Då blir det vanskeleg for den eine etaten å vite i kva tyding omgrepa er brukte i den andre etaten, seier Torseth.

Be om opplysingar berre éin gong

Det er eit politisk mål at etatar skal be om opplysingar frå innbyggjarar og bedrifter berre éin gong. Etter det skal etatane hente opplysingane frå kvarandre ved at IT-systema utvekslar dei automatisk. Ei slik utveksling vil lette kvardagen for brukarane og gje store vinstar for heile samfunnet.

Fagfolk som utarbeider lover og forskrifter, må lage gode og presise definisjonar av viktige omgrep. MARIT HOLM TORSETH, Brønnøysundregistera

Dersom offentleg sektor skal nå dette målet, må etatane først arbeide systematisk med terminologi på sine eigne forvaltningsområde gjennom det lovverket dei forvaltar. Gjer dei ikkje det, kan digitaliseringa av offentleg sektor bli forseinka.

– Fagfolk som utarbeider lover og forskrifter, må lage gode og presise definisjonar av viktige omgrep. Då må dei ha kompetanse i terminologiske prinsipp og metodar heilt frå starten av. Dessutan må terminologien bli gjord tilgjengeleg i ein felles katalog der alle kan søkje og finne ut kva omgrepa tyder, seier Torseth.

Torseth peiker her på Felles omgrepskatalog, som blei utvikla av Brønnøysundregistera, og som no blir forvalta av Digitaliseringsdirektoratet. I denne katalogen kan etatar og organisasjonar registrere termane og definisjonane sine og gjere dei søkbare for alle.

Heilskapleg og konsekvent terminologi

Det å definere omgrep og gjere dei tilgjengelege for alle er likevel berre det første steget mot eit mål om ein meir heilskapleg og konsekvent terminologi.

– Lover og forskrifter kjem til ulike tider og i ulike samanhengar. Det er vanskeleg for alle som lagar lover og forskrifter, å ha oversikt over terminologien på tvers av regelverket. Det blir for stort og innfløkt. Difor kan det same omgrepet få fleire ulike tydingar, forklarer Torseth.

– Nokre gongar er det naudsynt med ulike definisjonar for det same omgrepet fordi bruksområda for lovverka er ulike, men andre gongar blir det utilsikta skilnader som skapar rot og forvirring. Vi har no byrja arbeidet med å harmonisere omgrep der det er mogleg. Der det ikkje er mogleg, ønskjer vi å gjere skilnadene tydelegare for å unngå mistydingar.

Torseth nemner Regelverkshjelpen, ein prototype av eit verktøy som blei utvikla av Lovdata, Justisdepartementet og Universitetet i Oslo. Verktøyet skal etter kvart kunne gje støtte til å analysere omgrep på tvers av lovverket.

Eit digitaliseringsvenleg lovverk kan gje fordelar på fleire bruksområde. På lengre sikt kan systematisk arbeid med terminologi i lovverket bidra til automatisert sakshandsaming i offentleg sektor. Somme typar tenester for somme brukargrupper kan bli heilautomatiserte dersom lover og forskrifter legg til rette for det, mellom anna gjennom presise omgrep som gjev eintydige opplysingar.

– Digitalisering handlar først og fremst om å gjere forenklingar i lovverket slik at IT-systema kan nyttast der det er føremålstenleg.

Språkrådet på banen

– Språk spelar ei viktig rolle i digitalisering. Kommunikasjon mellom menneske og maskin og mellom maskiner krev langt meir presis og klar språkbruk enn kommunikasjon mellom menneske. Det er ikkje rom for skjøn og vurderingar på same måte som i den mellommenneskelege kommunikasjonen, seier Åse Wetås, direktør i Språkrådet.

Det er eit stort behov for kompetanse i terminologi, ikkje minst i samband med digitalisering. ÅSE WETÅS, Språkrådet

Språkrådet er nasjonalt samordningsorgan for terminologi og samarbeider med fleire etatar for at terminologi skal bli utvikla og gjort tilgjengeleg for så mange som mogleg.

– Vi veit at det er eit stort behov for kompetanse i terminologi, ikkje minst i samband med digitalisering. Difor har vi utvikla eit e-læringskurs som gjev ei innføring i terminologisk teori og metode (sjå faktaboks). Ei viktig målgruppe for kurset er alle som skal arbeide med terminologi og digitalisering i statlege verksemder.

Wetås meiner at det er svært viktig at alle departement og underliggjande verksemder ser til at dei som arbeider med lover og forskrifter på forvaltningsområde som skal digitaliserast, har den kompetansen som trengst for å sikre god nok kvalitet på terminologien.

Språkrådet, Digitaliseringsdirektoratet, Brønnøysundregistera og andre har laga eit sett med standardar som er ei oppskrift for å etablere felles omgrep og definisjonar på tvers av etatar og lovverk. Standardane viser òg korleis etatane kan tydeleggjere skilnader mellom omgrep der det ikkje er mogleg å sameine terminologien (sjå faktaramme).

Systematisk terminologiarbeid på både bokmål og nynorsk kan resultere i ordlister på ulike forvaltningsområde. Etatane er såleis med på å ta sektoransvaret sitt for språk, slik den nye språklova legg opp til.

– Vi ser at terminologien som blir utvikla i samband med digitaliseringa av lovverket, på denne måten kan gje ein tilleggsvinst som ein kanskje ikkje såg for seg i byrjinga av arbeidet, seier Wetås.

Det er viktig å hugse på at nye språkteknologiske løysingar som automatisk omsetjing og snakkerobotar må matast med terminologiske ordlister dersom dei skal kunne nyttast på spesifikke fagområde.

– Eit digitaliseringsvenleg lovverk er noko langt meir enn å gjere lover og forskrifter tilgjengelege i elektronisk format, seier Marit Holm Torseth. – Det inneber ei gjennomgripande endring av måten vi arbeider på i offentleg forvaltning. Då må språket i lovverket vere på plass.

 

-- Ole Våge er tidlegare seniorrådgjevar i Språkrådet.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:21.09.2020 | Oppdatert:25.01.2021