Språkleg jamstilling på datamaskinen

AV JON GREPSTAD

Per 1. august hadde 110 ordførarar skrive under eit opprop der dei ber regjeringa «syte for at nynorskbrukarar så snart som råd får tilgang på nynorskversjonar av vanleg programvare til same pris som bokmålsversjonen». Oppropet ber vidare om at all programvare som skal nyttast i grunnskulen og den vidaregåande skulen, må liggje føre både på bokmål og nynorsk.

Oppropet, som framleis samlar underskrifter, tek opp nokre av dei mest sentrale spørsmåla for jamstillinga mellom bokmål og nynorsk. I dag finst mange av dei vanlege brukarprogramma på bokmål, men nesten ingen ligg føre i fullverdige nynorskversjonar, dvs. versjonar der skjermbiletet (menyar, meldingar og hjelpefiler) er på nynorsk. Og når det gjeld pedagogiske program for grunnskule og vidaregåande opplæring, finst berre 25 % i nynorskversjon – om vi held oss til siste programvarekatalogen frå Nasjonalt læremiddelsenter.

Dersom desse mistilhøva ikkje blir retta opp, vil situasjonen etter kvart svekkje nynorsk som skriftspråk. «Det er viktig for nynorskbrukarane å møta språket sitt i kvardagen, oppleva at det er eit vanleg bruksspråk og at det vert akseptert å vera nynorskbrukar også som brukar av vanleg teknologi,» skriv ordførarkollegaene Nils Taklo frå Ørsta og Bjørn Christiansen frå Voss treffande i følgjebrevet til det nemnde oppropet.

Kva seier styresmaktene?

Allereie tidleg på 1990-talet var Stortinget inne på at staten i samband med innkjøp av dataprogram burde stille krav om at programma låg føre på begge målformer. Fleirtalet i kyrkje- og undervisningskomiteen (A, SV, KrF og SP) uttalte i Innst. S. nr. 17 (1992–93):

«Fleirtalet viser til at edb er innført på dei fleste offentlege kontor og at mange arkiv- og saksbehandlingsprogram er utvikla, men at få av desse programma i utgangspunktet har nynorskversjon. Fleirtalet meiner at det bør leggjast inn som eit krav når statsorgan hentar inn tilbod på edb-sida, at programma har både ein nynorsk- og bokmålsversjon.»

Kulturdepartementet og Norsk språkråd har arbeidd vidare med desse spørsmåla, som òg vart tekne opp i St.meld. nr. 13 (1997–98), det mest grunnleggjande dokumentet styresmaktene har lagt fram dei siste åra om informasjonsteknologi og norsk språk. Kapittel 4 i

stortingsmeldinga drøftar informasjonsteknologiens verknader for norsk språk og måljamstillinga, og formulerer denne overordna målsetjinga:

«Målet er å kunne gi både nynorsk- og bokmålsbrukarane gode reiskapar til støtte for språkbehandling og å tilby relevante informasjonstenester o a på begge målformer.»

Kulturkomiteen slutta seg til denne målsetjinga og uttalte elles i Innst. S. nr. 174 (1997–98):

«Det vil lett kunna bli slik at dersom ikkje staten tek den kulturpolitiske styringa når det gjeld språk og IT, vil tilfeldige programvareutviklarar kunna leggja føringar på utviklinga av norsk språk.»

Da forskrifta til opplæringslova vart behandla i Stortinget i 1999, vart administrativ programvare, dvs. vanlege kontorprogram, etter framlegg frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet unnateke frå kravet om språkleg parallellutgåve. Men i juni i år bad fleirtalet i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen (A, KrF, Sp, SV, V) departementet leggje fram ein tidsplan for arbeidet med å oppheve dette unntaket. Komitefleirtalet peika i Innst. O. nr. 89 (1999–2000) på at «spørsmålet om nynorskversjoner av administrativ programvare er en avgjørende faktor i arbeidet for likestilling mellom nynorsk og bokmål, og en forutsetning for at nynorsk- og bokmålselever skal ha samme vilkår i skolen.» KUF har elles kunngjort at det er meininga at elektroniske læremiddel skal kome inn under kravet om parallellutgåver.

I ei høyringsfråsegn i samband med forskrifta til opplæringslova uttalte elles Norsk språkråd i april 1999:

«Administrativ programvare er vanlege skriveprogram som svært mange både i og utanfor skuleverket bruker dagleg. Datamaskiner blir meir og meir vanlege i klasseromma for alle klassesteg. Det er heilt avgjerande at skulane kan velje målform på styretekstar, menyar osv. på dataskjermen. Det kjem på linje med at dei skal kunne velje mellom bokmål og nynorsk når det gjeld læremiddel elles. Utviklinga av parallellutgåver av administrativ programvare må sjåast i samanheng med måljamstillinga i stat, fylke og kommunar.»

Da regjeringa i juni i år la fram handlingsplanen for informasjonsteknologi – E-Norge 1.0 – gav Kulturdepartementet Norsk språkråd dette oppdraget:

«Det skal i løpet av 2000 i regi av Norsk språkråd utarbeides en språkpolitisk handlingsplan for norsk språk og IKT, som grunnlag for en samordnet utvikling av programvare, informasjonssystemer og språkteknologiske verktøy på norsk språk, både bokmål og nynorsk.»

Norsk språkråd er frå før elles i ferd med å fullføre ei særskild utgreiing om nynorsk programvare, som kartlegg kva det inneber å «lokalisere», dvs. lage ein ny språkversjon av eit dataprogram, om lag kva det kostar, kor stor nynorskmarknaden er, og kva tiltak staten kan setje i verk for å sikre dataprogram på begge målformer.

Kva inneber det å lokalisere eit dataprogram?

To sentrale omgrep i samband med utvikling av dataprogram er «internasjonalisering» og «lokalisering». «Internasjonalisering» vil seie at dataprogramma er lagde til rette slik at det skal vere enkelt å lage nye språkversjonar. «Lokalisering» vil seie å lage ein ny språkversjon, eller meir presist, ein ny versjon tilpassa eit anna språk og ein annan kultur.

Dataprogram består av programkode og naturleg språk. I moderne dataprogramkan det naturlege språket skiljast frå programkoden, ekstraherast og deretter omsetjast ved hjelp av spesielle redigeringsprogram. Når omsetjinga er ferdig, blir språket lagt attende i programmet, og alle programfunksjonar må prøvast ut på nytt.

Dataprogram varierer mykje i storleik og kompleksitet, og kor mykje språk som finst i dataprogramma, varierer òg mykje. Det grafiske programmet Quark XPress har om lag 57 000 teikn, Word 2000 har til saman ca. 486 000 teikn, og i operativsystemet Windows 98 utgjer språket 1 534 000 teikn. Ser vi vidare på vanlege Microsoft-program, har bokmålsversjonen av Excel 2000 om lag 458 000 teikn, Access 2000 ca. 528 000 teikn, og Powerpoint 2000 har rundt 188 000. I Office Pro-filene utgjer språket i bokmålsversjonen til saman ca. 442 000 teikn.

Kostnadene for omsetjing frå bokmål til nynorsk er relativt små. Legg ein dei tilrådde satsane frå Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening til grunn (kr 2 048 per 32 000 teikn for omsetjing frå bokmål til nynorsk), vil omsetjing av Windows 98, Word 2000, Excel 2000, Access 2000, Powerpoint 2000 og Office Pro-tekstar kome på til saman ca. kr 233 000. For denne typen program er sjølve omsetjingskostnadene likevel berre ein mindre del av dei samla kostnadene – kor stor del vil variere frå eitt program til eit anna, og venteleg også datafirmaa imellom.

Omsetjingsarbeidet kan rasjonaliserast ved maskinomsetjing. Språket i dataprogram er kjenneteikna ved enkel syntaks, korte setningar, færre unike setningar enn i til dømes ein roman. Omsetjingsprogrammet Nyno omset frå bokmål til nynorsk. Men ein føresetnad for bruk av maskinomsetjing er at terminologien er tilgjengeleg og kan leggjast inn i omsetjingsprogrammet.

Når eit dataprogram ligg føre på bokmål, er det få terminologiske problem med å omsetje det til nynorsk. Dei terminologiske problema møter ein først og fremst når ein skal omsetje ein ny versjon av eit dataprogram frå engelsk til ei av dei norske målformene.

I tillegg til omsetjingskostnadene kjem eventuelle kostnader som dei språkteknologiske komponentane medfører, til dømes korrekturverkty og talegjenkjenning i samband med automatisk diktering. I dag finst det korrekturverkty for nynorsk, men det blir førebels ikkje utvikla talegjenkjenningsmodular. Behovet for nynorsk taleteknologi kan raskt bli merkbart. Windows 2001 vil truleg ha ein liten modul for talestyring, Windows 2002 er planlagt med talestyring som alternativ til tastaturstyring.

Litt om nynorskmarknaden

Når ein ser under eitt statsorgan med nynorsk tenestemål, kommunale og fylkeskommunale kontor med nynorsk tenestemål, delar av dei statlege og kommunale organa som er språkleg nøytrale, grunnskular eller klassar med nynorsk opplæringsmål, ein del vidaregåande skular, næringsliv i nynorskområde og privatpersonar som har nynorsk som målform, blir nynorskmarknaden ikkje så reint liten.

117 kommunar av i alt 435 har gjort vedtak om nynorsk som målform, dvs. 26 %. 153 kommunar er språkleg nøytrale. 165 har gjort vedtak om bokmål.

Per 1. september 1999 hadde 88 602 elevar i grunnskulen nynorsk som målform, 489 696 hadde bokmål. Ei undersøking frå Statistisk sentralbyrå i 1997 kom til at det var 38 480 elevmaskinar i grunnskulen og 39 027 i vidaregåande skule. Sidan 1997 har talet auka noko.

I rapporten «IT i staten» frå i vår skriv Statskonsult at 81 % av dei tilsette i staten har eigen stasjonær PC, og at det er ein berbar PC for kvar PC-brukar. Populasjonen omfatta ca. 106 000 tilsette (Posten, NSB og den operative verksemda i Forsvaret er ikkje medrekna).

Om lag 11 % ber om å få sjølvmeldinga på nynorsk, og om lag 11 % oppgjev nynorsk som målform på sesjon.

For å setje tala litt i perspektiv kan vi nemne at i 1999 vart det selt til saman 633 000 datamaskinar i Noreg. 231 000 var heime-PC-ar, 302 000 var bedrifts-PC-ar, 19 000 var tenarmaskinar, 76 000 var berbare maskinar, og 5000 var PDA-ar.

Kommersielle program og gratisprogram

Nokre få kommersielle dataprogram har i dag grensesnitt på nynorsk. Det gjeld til dømes den kjende nettlesaren Opera, og det gjeld økonomiprogrammet Agresso. Dei siste par åra har elles enkeltpersonar ved eigen innsats sytt for nynorskversjonar av fleire gratisprogram. Nettlesaren Mozilla er omsett til nynorsk, irc-programmet Fahrenheit Carrera finst på nynorsk, og e-postprogrammet Phoenix likeins. Ein dataingeniørstudent i Bergen er i ferd med å fullføre ei omsetjing av Linux-programmet KDE (K Desktop Environment). KDE svarar meir eller mindre til det grafiske grensesnittet Windows 95/98 i windows-verda.

Verkemiddel frå staten

Staten kan fremje nynorske brukarprogram hovudsakleg ved to kategoriar tiltak: (a) innkjøpsreglar/innkjøpsavtalar og (b) tilskot til utviklingsarbeid og «lokalisering».

Når det gjeld vanlege brukarprogram, er det først og fremst aktuelt å sjå på korleis innkjøpsreglane kan brukast, og korleis staten kan garantere for eit minstetal lisensar. Støtteordningar er mest aktuelle i samband med pedagogisk programvare. Pedagogiske program er elles små og enkle i høve til vanlege kontorprogram.

Dersom staten stiller krav om at vanlege kontorprogram skal liggje føre både på bokmål og nynorsk, og at ein skal kunne velje mellom målformene i programpakkane, før dei kan kjøpast inn av statlege eller kommunale organ og i skuleverket, vil det i sjølve dette regelverket vere ein garanti for eit vesentleg tal lisensar.

Nokre tilvisingar:

Eit oversyn over kva Storting og departement har sagt om norsk språk og informasjonsteknologi. Jon Grepstad, januar 1999: http://home.online.no/~gjon/itbergen.htm

Opprop frå Nynorsk data 2000 – ordførarar: http://www.nynorsk.no/nynorskdata/

Jon Grepstad: Språkteknologi på norsk. Mål og makt nr. 1/1999: http://home.online.no/~gjon/maalmakt.htm

Tiltak for å fremje (a) nynorsk språkteknologi og (b) nynorske brukarprogram elles – notat frå Norsk språkråd til møte med KD, NHD og Noregs Mållag 9. februar 2000: http://www.sprakrad.no/nhdkd0200.htm

Nynorske dataprogram: http://www.nynorsk.no/data.shtml

 

-- Jon Grepstad er informasjonsrådgjevar i Norsk språkråd.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter