Vedtak frå Norsk språkråd 1996–1999

Språkrådet har fullmakt til å gjere endeleg vedtak i saker som gjeld skrivemåte og bøying av nye ord og andre enkeltord som ikkje er normerte tidlegare i norsk. Vidare har Språkrådet fullmakt til å gjere endeleg vedtak når det gjeld forkortingar, teiknsetjing, datering og andre tidsuttrykk, stor eller liten førebokstav, særskriving eller samskriving og orddeling. Vi presenterer nokre av desse vedtaka frå perioden 1996-1999 her. Vedtak om gjennomgripande endringar av heile system og endring av tidlegare rettskrivingsvedtak i norsk skal leggjast fram for Kulturdepartementet til godkjenning (sjå også notisen Ingen rettskrivingsendringar i år i dette bladet).

1 Fastsetjing av skrivemåtar og bøying av ord som ikkje har vore normerte før

I samansetningar: millennium- (ikkje millennie- el. millenniums-). Valfri skrivemåte: pirse el. pierce 'lage hol i kroppen for pyntegjenstandar'.

2 Forkortingar

Generelt vedtak: Den generelle regelen om at punktum kan sløyfast i forkortingar der det ikkje er fare for misforståing, blir teken bort. Det vil t.d. seia at m.a., dvs., m.m. og osv. skal skrivast slik.

IT el. it (for informasjonsteknologi; før: IT). IKT el. ikt (for informasjons- og kommunikasjonsteknologi; før: ikkje normert).

3 Teiknsetjing

Aksentbruk i ord av typen 'allé': I ord som kan skrivast med aksentteikn i grunnforma, kan ein halde på aksentteiknet i alle bøyingsformer, t.d. alléen, alléar/alléer, alléane/alléene.

(Før var regelen at dersom ein brukte aksent i grunnforma, t.d. allé, måtte likevel aksentteiknet sløyfast i dei bøygde formene alleen, allear/alleer, alleane/alleene.)

4 Datering

Det skal vere punktum når vi skriv datoen med siffer og månaden med bokstavar: 5. mars 1998, 15. august 1999. Det gjeld både på eiga linje i brevoppstillingar og i samanhengande tekst.

(Før var det valfritt å setje punktum.)

5 Stor/liten førebokstav

Jorda, sola, månen skal skrivast med liten førebokstav.

(Vedtaket om at desse orda skulle skrivast med liten førebokstav når dei vart brukte som samnamn, og med stor førebokstav når dei vart brukte som eigennamn, dvs. namn på himmellekamar, er oppheva.)

6 Ord som kan takast inn i bokmålsordlister

Bånn kan førast opp som eige ord i ordlister med døme som bånn i bøtta og klampen i bånn.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter