Norsk Ordbok – femtiåring ved ein skiljeveg

AV LARS S. VIKØR

Det største ordboksverket i Noreg, som heiter Norsk Ordbok. Ordbok over det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet, fyller i år femti år. Ordboka blir gitt ut heftevis, og når det er blitt så mange hefte at dei fyller 800 sider (fem stykke), blir dei samla til eit band. Det første heftet kom ut i 1950, som ein del av hundreårsmarkeringa for Ivar Aasens første og grunnleggjande ordbok: Ordbog over det norske Folkesprog. Den sistnemnde er forresten nettopp kommen i ny utgåve for å markere 150-årsjubileet.

Norsk Ordbok kan like gjerne kallast syttiåring, for ho hadde ei lang historie bak seg alt i 1950 – vi kan kalle det ein tjueårig svangerskapsperiode. Eg kjem tilbake til det.

Kva er Norsk Ordbok?

Norsk Ordbok er ei uttømmande vitskapleg dokumentasjonsordbok over dei norske dialektane og det nynorske skriftspråket. Ho blir utarbeidd på Universitetet i Oslo, ved Institutt for nordistikk og litteraturvitskap, og gitt ut av Det Norske Samlaget. Ordboka er planlagd i tolv band, som skal innehalde ei beskriving av om lag 300 000 ord: skriftformer og bøying, dialektformer, opphav, definisjonar av alle tydingsnyansar og mange eksempel på bruksmåtar tekne frå fag- og skjønnlitteratur og frå opplysningar innsende frå bygder og byar over heile landet. Norsk er mye rikare enn det er vanleg å tru, og der vanlege eittbandsordbøker berre inneheld eit lite og forenkla utval av dei bruksmåtane dei vanlegaste orda har, skal Norsk Ordbok prøve å spegle alt så langt det går. Ordboka byggjer på eit arkiv på om lag 3 millionar setlar med innsende opplysningar frå dialektane og utdrag frå litteraturen, ved sida av eldre ordbøker og annan kjeldelitteratur.

Historie og framtid

Prosjektet Norsk Ordbok vart sett i gang i 1930, etter initiativ frå Det Norske Samlaget og med støtte frå staten. Dei første ti åra gjekk med til å samle materiale og lage eit førsteutkast mest basert på eksisterande ordbøker. Så kom krigen, og da den var over, tok ein ny redaksjon til med nyredigering på grunnlag av førsteutkastet og nyinnsamla materiale. Materialet kom frå eit nettverk av opp mot 1000 frivillige medarbeidarar over heile landet, som sende inn setlar, dels med opplysningar frå dialektane sine, dels med sitat frå litteratur dei las og ekserperte (plukka ut sitat frå). Dette innsamlingsarbeidet pågjekk samanhengande frå 1930, men dabba av nokre tiår etter krigen etter som innsamlarane vart eldre og fall frå. Etter kvart har hovudtilfanget av nytt stoff komme frå prenta kjelder. Særleg verdifull er floraen av nye dialektordbøker som er komne i åtti- og nittiåra.

Hovudredaktør frå 1948 til 1978 var Alf Hellevik. Som nemnt kom det første heftet i 1950, og det første bandet kom i 1966. I vår gav vi ut tredje heftet av fjerde band, som går til grøntanlegg. Vi er da over halvvegs i det fjerde bandet, og når det blir ferdig i 2002 eller 2003, har vi begynt på H.

Sjølv om ordboka er eit universitetsprosjekt, kjem noko av finansieringa frå Kulturdepartementet, og i St.meld. 22 1999–2000 om bibliotekstellet o.a. tek departementet opp framdrifta i ordboka og set opp som eit mål at ho skal komme ut så tidleg som i 2014. Derfor står vi no ved ein skiljeveg. Vi arbeider for tida med ein gjennomgang av arbeidsmåtar og ressursbehov med tanke på oppfylling av dette målet, som er svært krevjande om ordboka skal halde eit forsvarleg fagleg nivå. Andre slike nasjonalordbøker har brukt opp imot 150 år på fullføring (Deutsches Wörterbuch (1838–1961), Woordenboek der Nederlandsche Taal (1852–1998), Svenska Akademiens Ordbok över svenska språket (1884– ), som framleis strevar i S og T). Men dei kom i gang på 1800–talet, da folk hadde større vilje til langsiktig tenking enn no.

Arbeidet med ordboka

Tidsbruken i alle desse prosjekta kjem først og fremst av dei store materialmengdene, dernest av at mange ord er svært kompliserte å greie ut. Når vi redigerer eit ord, må vi gjennomgå alle belegg vi har på ordet, sortere dei ut frå ulike tydingsnyansar, setningskonstruksjonar dei blir brukte i, faste uttrykk, vendingar, ordtak, biletleg og overført bruk osv. – det må lagast eit «tydingskart» over ordet. Vi må også lage dialektoversyn for å finne ut kva form, uttale og bøying ordet har i ulike delar av landet. På grunnlag av dette må vi strukturere ordartikkelen, lage definisjonar og velje ut illustrerande sitat blant dei belegga vi har. Eg brukte ordet «dokumentasjonsordbok» ovanfor, og det tyder at alt skal dokumenterast: Kjelde blir oppgitt ved skriftlege belegg og heimfesting ved målføreopplysningar.

Som ein kort-kort illustrasjon på skilnaden mellom daglegordboka Nynorskordboka og dokumentasjonsordboka Norsk Ordbok, siterer eg artiklane om gledskap:

Nynorskordboka:

gledskap m1 glede, gaman der er g- og gaman

Norsk Ordbok:

gledskap m [Va1743,C,A; målf òg glea- (Shl)] det å vera glad, hugnad, glede, moro (S.N.; ShlV,SeljeM): *i heimen allstad er gledskap og gaman (A. I,213) / den rike liver i gledskap og glans (GA.JM 54) / alltid villare vart gledskapen deira (Maul.I 1,213) // òg i pl: alle verdslege gledskapar, er anten tome eller skamlause (Støyl.UKE 110); jfr II glede 2 slutten.

Det er ikkje plass her til å forklare eller kommentere detaljar, men vi ser at Norsk Ordbok gir eit «heilare» portrett av ordet.

Ikkje berre ordbok

Eit stort prosjekt som dette skaper også andre verdiar attåt sjølve ordboka. Ein ting er den kompetansen som blir utvikla, og som kan brukast også til andre språkfaglege føremål. Da den eittbands Nynorskordboka skulle lagast, vart arbeidet lagt til miljøet rundt Norsk Ordbok. Men i vår tid er det ikkje minst nærliggjande å peike på dei elektroniske ressursane dette språkmaterialet gir grunnlag for.

I 1990-åra vart det utvikla ein database som først og fremst skulle vere til hjelp i ordboksarbeidet, men som er tilgjengeleg også for alle andre interesserte. Den inneheld for det første setelarkivet til Norsk Ordbok, dvs. tre millionar setlar med belegg og opplysningar om ord og ordbruk i dialektane og i nynorsk. Der kan ein søkje og få fram setlar på enkeltord, eller ein kan søkje på informant og dermed få fram ordsetlar frå bestemte dialektområde. Etter kvart er det meininga å leggje inn andre ressursar i basen: ei rekkje nynorske ordbøker frå Aasens to klassikarar og ned til Nynorskordboka og dei utkomne delane av Norsk Ordbok, dialektordsamlingar frå dansketida og ned til vår tid, og eit nynorsk tekstkorpus som kan brukast både til ordboksarbeid og til anna språkforsking.

Dette er ein prosess som er i gang og kjem til å gå sin gang parallelt med ordboksredigeringa og -utgjevinga. For tida gjennomgår vi alle oppslagsord for å lage ei fast normert form som inngang til databasen. Når dette er klart og dei ulike delane av basen er kopla saman, er det meininga at folk gjennom å søkje på enkeltord skal kunne komme inn i alle dei ulike delbasane og finne fram til dei opplysningane dei vil ha om det aktuelle ordet. Da vil dei kunne kike Norsk Ordbok-redaktørane i korta, og dei vil kunne finne opplysningar og brukseksempel som ikkje har fått plass i den trykte ordboka. Det vil vere bra, for ordboka må spare mye plass for å komme ut alfabetet på tolv band. Såleis vil vi måtte utelukke mange sjeldsynte eller sjølvsagde samansetningar – mengda av moglege samansetningar er som kjent uendeleg i norsk. Men i basen vil vi ha dei med, så sant vi har belegg på dei.

Den beste måten å studere eit ord på da vil vere å starte med å lese om det i Norsk Ordbok, der ordet er redigert slik at dei sentrale opplysningane om utbreiing, tyding (ofte ulike tydingar, delt opp på ein systematisk måte) og bruksmåtar kjem fram. Deretter kan ein supplere frå dei andre kjeldene i basen om ein vil studere ordet i djupna, eller sjå på enkeltbelegg t.d. frå eins eige distrikt. Ordboka kan såleis tene som ein «inngangsnøkkel» til basen.

Grunnstamma i eit manggreina tre

Norsk Ordbok kan for nybegynnarar verke vanskeleg og utilgjengeleg å lese. Framstillingsspråket blir uunngåeleg svært komprimert og prega av kodar og forkortingar når ein skal beskrive slike enorme stoffmengder på avgrensa plass, som ein kunne sjå jamvel i den vesle artikkelen om gledskap. Kodane og forkortingane er forklarte i ei separat brukarrettleiing. Men ein kjem aldri bort frå at det trengst ei viss innsikt og trening for å meistre eit verk av dette slaget. Vi meiner likevel at ordboka saman med dei andre ressursane vi utviklar som knoppskotsprodukt («spin-off-produkt»), vil bli ein kraftig reiskap for å auke og utbreie kunnskapen om norsk språk – også indirekte gjennom popularisering på ulike måtar. Vi vonar at femtiåringen eller syttiåringen er på veg til å bli grunnstamma i eit stort, manggreina og bladrikt tre.

 

-- Lars S. Vikør er professor i Nordisk språkvitskap ved Universitetet i Oslo.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter