Ordforståing og offentleg språkbruk

AV JOHAN MYKING

Frå slutten av 1950-åra har statsforvaltinga arbeidd aktivt med å skapa eit språk som folk forstår. Ordtilfanget står sentralt i dette arbeidet. Det offentlege språket er fullt av heil- og halvfaglege ord som kan vera vanskelege å forstå, ikkje plent fordi dei er av utanlandsk opphav, men fordi dei ofte viser til nye, ukjende og framfor alt uskarpe omgrep og tydingar. Det er altså kunnskapar og tolkingsevne som ofte vert stilt på prøve.

Prosjektet VON – «Vanskelige ord i nyhetene» – prøvde på slutten av 1970-talet å måla kor godt vanlege nyheitsord i media nådde fram til mottakarane. I dei 20 åra som er gått, er det ikkje gjort større undersøkingar av same typen.

«Vanskelige ord i det offentlige Norge»

Som eit ledd i kampanjen «Eit enklare Noreg», som regjeringa Bondevik sette i verk i 1999, fekk Statens informasjonsteneste utført ei gransking kalla «Vanskelige ord i det offentlige Norge». Målet med denne undersøkinga var å finna ut korleis nokre sentrale ord i norsk politikk og samfunnsliv vert forstått av publikum, og på denne måten kanskje seia noko om trongen for tiltak. Granskinga fekk nærast form av ei stikkprøve.

Til denne granskinga plukka ein ut nokre typiske «forvaltingsord»: prioritere, hjemmel, opinion og legitim, eit viktig nytt omgrep knytt til forbrukarsfæren: matsminke, og nokre (ny)ord frå det politiske området: prinsipielt, innovasjon og infrastruktur. Intervju vart gjennomførte| på telefon av meiningsmålingsfirmaet Opinion AS i januar 2000.

Svara vart analyserte og jamførte med nokre vanlege bakgrunnsdrag. Nokre av desse draga, som t.d. landsdel eller storleiken på husstanden, gav ingen synlege utslag. Andre, som kjønn, by/land og om svararen er tilsett i offentleg eller privat verksemd, gav visse tendensar, men ikkje sterke. Det mest interessante draget ser ut til å vera utdanning, som vi snart skal sjå.

Utdanningsnivået påverkar forståinga

Flest rettsvar, med 95 %, fekk prioritere. I motsett ende av skalaen ligg prinsipielt, innovasjon og infrastruktur, med høvesvis 69, 66 og 64 %. Resten av orda klumpar seg omkring 80 %. Alt i alt er dette ganske høge tal, men tala dekkjer over nokre interessante variasjonar.

Hovudmønsteret i materialet er utan særleg tvil at dei største skilnadene i ordkunnskap kan knytast til bakgrunnsdraget utdanning:

OrdBerre grunnskuleMinst 6 år vidareutd.
prioritere 81 99
hjemmel 70 93
opinion 62 91
legitim 68 95
matsminke 68 90
prinsipielt 50 88
innovasjon 31 84
infrastruktur 41 82

Av personar utan vidareutdanning ut over grunnskule er det, som ein ser, berre 31 % som svarar rett for innovasjon, og 41 % for infrastruktur. Desse orda har òg dei største sprika i mellom høg og låg utdanning.

Innovasjon og infrastruktur er dei einaste orda i materialet som viser kjønnsskilnader, sjølv om desse ikkje er store:

OrdMennKvinner
innovasjon 72 61
infrastruktur 75 54

Dei same to orda viser òg ein viss samanheng med om husstanden disponerer datamaskin eller ikkje:

OrdHar ikkje PCHar PC og Internett
innovasjon 52 76
infrastruktur 51 73

Kanskje kan dette koplast til at tilgang til Internettet heng saman med eit visst utdanningsnivå. Eller kanskje er grunnen at desse to orda er sentrale symbolomgrep i IT-kulturen.

Av og til kan det vera meir interessant at kjennskapen til ord ikkje viser sosiale skilje, enn at han gjer det. Prioritere og matsminke viser t.d. ingen skilnader jamført med alder, medan det stikk motsette er tilfelle med innovasjon og hjemmel:

OrdUnder 30 år30–44 år45–59 år60 år og meir
prioritere 95 98 94 93
matsminke 80 82 82 80
innovasjon 68 70 73 55
hjemmel 71 90 84 85

Når alle aldersgruppene ser ut til å kjenne prioritere og matsminke like godt, må det tolkast som at orda er vortne meir eller mindre allmenne ord. Matsminke var framme i media då undersøkinga vart gjord, og ordet skulle i prinsippet vera like relevant for eldre forbrukarar som for yngre. At pensjonistar har litt mindre interesse av innovasjon enn folk i typisk yrkesaktiv alder, er kanskje ikkje usannsynleg, men det er òg rimeleg at resultatet kjem av ein samanheng mellom høg alder og låg utdanning i folket.

Ordet hjemmel er mykje brukt i trygde- og sosialstøtteinformasjon og i svar på søknader. Og ordet er opplevd som problematisk innanfor forvaltinga sjølv. Det kan såleis vera ein rimeleg hypotese at dei yngste kjenner dette ordet litt dårlegare enn andre fordi færre i denne aldersgruppa har vore i kontakt med trygdesystemet.

Orda innovasjon og infrastruktur gjev mange og sterke utslag og avvik i høve til hovudmønstera elles. Det er tale om nyare omgrep knytte til politikk og teknologisfæren, til økonomi og næringsliv. Orda har eit abstrakt innhald og eit «maskulint» preg.

Kor pålitelege er slike undersøkingar?

Denne undersøkinga inneheldt få ord, det blei stilt avkryssingsspørsmål, og det er ikkje utført avansert statistisk testing. Framstillinga har vist berre dei mest tydelege tendensane, og det er det vi meiner ho kan gjere på grunnlag av 1007 spurde som representerer eit tverrsnitt av folket. Språkforståing, dvs. forståing av innhald i tekst, er ein komplisert prosess der mange andre språklege fenomen kanskje er vel så viktige som orda, t.d. tekststruktur, samanheng og setningsbygnad. Dessutan er det ikkje ein enkel samanheng mellom svar på ordspørsmål, forståing av ord og heile bodskapen. Men ordtilfanget spelar likevel ei viktig rolle, og er truleg det einaste språkdraget det er mogeleg å skaffa fram opplysningar om gjennom telefon.

Dei tendensane vi ser, stemmer overeins med dei forventningane det er rimeleg å ha. Langt på veg kan tendensane forklarast med prinsippet om relevans: Det som er viktig eller interessant, det lærer ein seg. Det kan forklara at alle aldersgrupperingar og begge kjønn ser ut til å forstå eit nytt ord som matsminke like godt, medan det er tydelege kjønnskilnader når det gjeld innovasjon og infrastruktur.

Nyare språkteori lærer oss at kommunikasjon som fungerer, først og fremst er dialog og samarbeid. Rett tolking krev at bodskapen er tilpassa mottakaren, og ansvaret for denne tilpassinga ligg hjå avsendaren. Ikkje minst er kunnskapar og bakgrunn avgjerande. Då er det svært interessant at undersøkinga gav tydelege teikn på at formell utdanning påverkar ordforståinga. For styresmaktene er skilnadene i formelt utdanningsnivå i mottakargruppa derfor ein svært viktig einskildfaktor å ta omsyn til.

For offentleg informasjonsverksemd kunne det ha vore interessant å vita om endringane i utdanningsnivå dei siste 20 åra har skapt nye (dvs. betre) vilkår for språkforståing. Gjennomsnittet for rett i undersøkinga er 77,9 % – det tilsvarande i VON var 78! Dei metodiske atterhalda gjer at vi ikkje kan dra ein einaste konklusjon om at tilstanden har endra seg, verken til det verre eller det betre. Men den som vil vera sikker på å nå fram, bør sikra seg: Det er tryggare å satsa på omstilling og nyskaping enn innovasjon.

 

-- Johan Myking er førsteamanuensis i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Bergen. Ivar Utne er amanuensis i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Bergen.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter