Leiar: Ordtilfanget i nynorsk

Språknytt kjem ut så pass sjeldan at vi fekk venta til dette fyrste nummeret i 1999 med å sjå litt bakover på året som gjekk og framover til året vi nettopp starta. Det kan òg passa bra ettersom dette nummeret kjem ut like etter årsmøtet i Norsk språkråd.

Ei av dei språksakene som det har vore mest ordskifte og merksemd omkring i 1998, er nok spørsmålet om ordtilfanget i nynorsk. Denne saka var oppe på årsmøtet i fjor, men vart utsett til i år. I mellomtida har vi hatt ein frisk debatt i pressa og i etermedia, ein debatt som har vist at det nynorske språket, nynorskfolket og den organiserte målrørsla så visst er både vakne og oppegåande. Dessutan har Norsk språkråd nyleg gjeve ut eit hefte om ordtilfanget i nynorsk, som eg vil nytta høvet til å reklamera for.

Nynorskseksjonen i Språkrådet samla seg (mot éi røyst) om eit framlegg til retningsliner for ordtilfanget som er ein god syntese av dei ulike synsmåtane i fagnemnda og i rådet, og som har fanga opp dei viktigaste synsmåtane som har komme fram i debatten i året som gjekk. Frå fagnemnda si side var det eit ønske at ordskiftet og saksførehavinga skulle få dreia seg om prinsippspørsmål og overordna retningsliner, og ikkje om einskildord. Og slik gjekk det. Ordtilfanget i eit levande bruksspråk som nynorsk er ope og i stendig endring. Folk som bruker språket til dagleg, vil gjerne kunna ty til ord som fell dei naturleg i munnen i daglegtalen. Og nynorsk har, som alle andre levande språk, behov for synonym og stilvariantar. Derfor er det ikkje mogleg for eit normeringsorgan som Språkrådet å laga lister over «tillatne» og «forbodne» ord. Det vi derimot kan og bør gjera, er å fastleggja retningsliner for kva ordtypar og ordgrupper som bør høyra heime i nynorsk, og kva typar og grupper vi kan klara oss forutan.

 

Jan Faarlund

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter