Fornavn i Norge – navnemoter og motenavn

AV ANNE SVANEVIK

Kva for førenamn er for tida mest populære? Aukar eller minkar dei i popularitet? Kor mange her i landet heiter Gerd og Birger? Kvifor får mest ingen born desse namna lenger?

Desse og liknande spørsmål får vi svar på i boka Fornavn i Norge. Navnemoter og motenavn Forfattarane, Jan Erik Kristiansen og Jørgen Ouren, er tilsette ved Statistisk sentralbyrå (SSB). Den førstnemnde er sosiolog og den andre matematikar. Som dei seier i føreordet, har dei valt å konsentrere seg om det dei kan litt om, nemleg å lage og presentere statistikk i tabellar og diagram. Datagrunnlaget er det sentrale personregisteret i SSB, som blei oppretta i 1964 og inneheld alle personar som har vore eller er busette i Noreg sidan då. Tilsvarande gir boka få opplysningar om språklege emne, som til dømes tydinga og opphavet til namna.

Likevel vitnar dei mange sidene med tekst og kommentarar om at forfattarane har god innsikt i fagområdet og er kjende med annan norsk personnamnlitteratur. Dei har ei viss «fartstid» i faget. I 1992 skreiv Ouren ein artikkel om førenamn i Samfunnsspeilet, tidsskriftet til SSB. Artikkelen skapte slik interesse at det etterpå er blitt publisert ei årleg oversikt over dei mest populære namna i året som gjekk.

Som fagperson har eg funne lite å setje fingeren på. Men eg stiller eit lite spørsmål ved at Anders, Lars og Mart(h)e blir kalla norske namn. Dei blir sikkert oppfatta slik blant folk flest, men språkvitskapleg er det meir korrekt å rekne dei som norske former av opphavleg utanlandske namn. Likeins stussar eg over utsegna om at det tidlegare ikkje var nokon tvil om at ei kvinne som heitte Ingrid, var tysk. Dette rimar dårleg med figuren på side 40, som viser at 24 739 norske kvinner heiter Ingrid, og at 2 prosent av norske jenteborn fekk dette namnet kring 1920. Vidare skjønar eg ikkje kvifor Kamilla/Camilla og Markus/Marcus, men ikkje Jan/Jahn, er rekna som ulike skrivemåtar av same namnet i forklaringa på side 115, og kvifor Dagne blir omtala som ein skrivemåte av Dagny på side 135. Anten må ein velje å la alle grafiske variantar stå som eigne namn, eller ein må slå saman etter eit overordna prinsipp. Til dømes er det vanleg å rekne Kamilla/Camilla, Markus/Marcus og Jan/Jahn, der variasjonen i skrivemåten ikkje har noko å seie for uttalen av namnet, som variantar av same namnet og telje dei saman i tabellar og statistikkar. Dagne og Dagny derimot, som blir uttala ulikt, blir ikkje oppfatta som same namnet og bør difor stå kvar for seg. Til slutt ein lapsus: På side 107 får vi presentert ein figur som viser kor stor prosentdel menn og kvinner som har mellomnamn. Eit mellomnamn er det første av to etternamn, t.d. Svarstad i Valgerd Svarstad Haugland. Men i omtalen av figuren øvst på sida står det at figuren viser «i hvilken grad barn får dobbeltnavn ved fødselen» (mi kursivering). Termen dobbelnamn har ikkje noko med etternamn å gjere, men tyder 'to førenamn', t.d. Jan Erik og Anne Marie. Slik blir det også bruka elles i boka.

Tilbake til statistikkane, som utgjer hovuddelen av boka. Det største kapitlet (82 sider) gir ei oversikt over dei vanlegaste førenamna i landet (namn som har fleire enn 100 namneberarar). Vi får vite populariteten til namna sidan 1880, vist i prosent av dei som har fått namna kvart år etter det. I tillegg får vi opplysning om talet på namneberarar pr. 1. januar 1998 og talet på personar som fekk namnet i 1997.

Andre interessante tabellar er «Eksempler på internasjonale navn» i del 1 av boka. I denne delen oppsummerer og kommenterer forfattarane ulike sider ved namnestatistikken. Dei viser at på same måten som namnebruken i Noreg er i ferd med å bli den same over heile landet, er det ein klar tendens til at bruken blir meir internasjonal. Den angloamerikanske namnebølgja vi opplevde i ein periode etter krigen, med namn som Roger, Roy, Jo(h)nny, Frank, Raymond, Jane og Kate, har stogga etter 1980. I staden er vi inne i ei nostalgibølgje med bruk av mange førenamn som var vanlege før hundreårsskiftet. Bølgja er ikkje eit særnorsk fenomen. Namn som Julie, Kathrine, Sara, Sofie, Maria, Alexander, Daniel, Christian, Fredrik og Tobias er også på dei danske, svenske og tyske namnetoppane.

Denne internasjonale tendensen inneber at nordiske namn framleis går tilbake, slik vi har sett nokre år. Derfor er det gledeleg å sjå at Ingrid bryt mønsteret og har fått stadig aukande popularitet gjennom 1990-åra fram til fyrsteplassen i 1997, framfor Ida, Mart(h)e, Karoline/Caroline, Silje, Julie, Camilla/Kamilla, Vilde, Malin og Kristine/Christine. At Ingrid er på namnetoppen, er atypisk og så å seie mot alle reglar: Ingrid var svært populært kring hundreårsskiftet og heilt fram til ca. 1935. Deretter gjekk bruken noko tilbake. På midten av 1950-talet auka populariteten att, og i motsetnad til andre namn har ikkje Ingrid hatt ein lang kvileperiode, men er eit av dei få som har vore i jamn bruk gjennom heile hundreåret.

Namnetoppen for gutar fødde i 1997 har Andreas, Markus/Marcus, Kristian/Christian, Martin, Kristoffer/Christoffer m.m., T(h)omas, Jonas, Fredrik, Daniel og Marius på dei ti fyrste plassane. Overraskinga her er Markus/Marcus, som kom frå ein 11. plass i 1996 til andreplassen i 1997.

Kva får vi elles vite? At foreldra til kring halvparten av nyfødde born kvart år vel om lag dei 50 mest bruka namna, men at det likevel er mindre konsentrasjon om dei vanlegaste namna no enn rett etter krigen. Likeins at norske skrivemåtar av namna no synest vere på frammarsj etter ein periode med utanlandske skrivemåtar. Camilla og Alexander er framleis dominerande, men Kamilla og Aleksander er i framgang.

Dessutan får vi ei fylkesvis oversikt over dei vanlegaste kombinasjonane av dobbelnamn, vi får vite kva for namn som er vanlegast som andrenamn (Marie og André), og vi får vite kva for namn som er på veg opp og ned på namnetoppen. Eigne tabellar gjev oss namnetoppen for 1997 i fylke og utvalde kommunar. Bærum er teke med ved sida av dei største byane av di Bærum og dei vestre delane av Oslo har vist seg å vere «trendsetjarar» for motenamna og kan fortelje kva for namn som truleg blir mest populære på landsbasis i åra som kjem. Vidare har boka eit kapittel om mindre vanlege namn, med nokre meir personlege råd og forslag om namneval, eit kapittel om Statistisk sentralbyrå sin personnamnstatistikk på Internett og vedleggstabellar som viser dei hundre vanlegaste førenamna pr. 1. januar 1998 og «ti på topp» 1880–1997.

«Statistisk sentralbyrå er en institusjon som teller – også navn» står det i føreordet. Eg tykkjer forfattarane har lukkast med å «telle» alt det vi som lesarar kan ynskje oss av ei namnebok av dette slaget.

Jan Erik Kristiansen og Jørgen Ouren: Fornavn i Norge. Navnemoter og motenavn. Ad Notam Gyldendal. Oslo 1998. 159 s. ISBN 82-417-0945-5

Statistisk sentralbyrås navnebase

 

-- Anne Svanevik er cand.philol. og førstekonsulent ved Statens kartverk. Hun har tidligere vært forskningsstipendiat ved Seksjon for navnegransking ved Universitetet i Oslo.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter