Grammatikkbiten – ordklasser

Vi er vane med at orda i språket er delte inn i klasser: substantiv, verb, adjektiv osv. Denne inndelinga ligg gjerne til grunn for disponeringa av grammatikkbøker, og i ordbøker og ordlister er orda merkte med kva slags ordklasse dei høyrer til. Inndelinga i ordklasser er eit døme på korleis ein innafor eit fag kan skapa orden i ein elles kaotisk røyndom.

Men det er ikkje alle ord som like lett let seg innordna i ordklasser. Kva med t.d. «det relative som»? Det er det vi har i uttrykket den boka som du kjøpte? Heile denne konstruksjonen må analyserast som ein substantivfrase (et substantivisk ledd) den boka pluss ei relativsetning som du kjøpte. Her ser vi at det manglar eit objekt i relativsetninga, men vi vil utan vidare tolka inn boka som objekt for kjøpte. Men ein kan rekna som som eit framflytt objekt, og ettersom dette da står i staden for boka, kan det reknast til ordklassa pronomen. Denne eine eigenskapen, å «stå i staden for», er altså nok til at som av visse grammatikarar tidlegare har vorte kalla relativt pronomen.

Men dette vesle ordet har også andre eigenskapar, eller mangel på eigenskapar. Det kan f.eks. ikkje kasusbøyast, slik andre pronomen kan (eg – meg, du – deg), det kan berre stå i leddsetningar, det må alltid stå fyrst (*du kjøpte som går ikkje), og aldri etter preposisjon (*den boka i som du las går heller ikkje). Vi har dermed å gjera med eit ubøygd ord som berre kan stå aleine fyrst i leddsetningar. Andre ord som kan beskrivast på same måten, er at, fordi, dersom, hvis (det siste berre i bokmål). Desse orda høyrer til klassa subjunksjonar (eller underordnande konjunksjonar). Vi ser altså at «det relative som» har ein del eigenskapar felles med subjunksjonane. Den eine eigenskapen det har felles med pronomen, viser seg dessutan ved nærare ettersyn å vera mindre opplagt. Det er fleire årsaker til at ei setning kan mangla eit ledd. I leddsetningar kan det vera ein tom plass der ein kan tolka inn eit ledd frå utafor setninga, t.d. i Den boka synest eg at du bør lesa. Her kan vi også fylla den tomme objektsplassen etter lesa med eit ledd som står utafor leddsetninga, den boka. Det same er også logisk mogleg i som-setninga. Relativsetningar kan altså seiast å ha ein tom plass, som får sitt innhald frå eit ledd utanfor setninga. Dette er den einaste moglege analysen dersom som skal reknast som subjunksjon.

Dette vesle dømet viser at ordklasse ikkje er ein bestemd merkelapp som eit ord har ein gong for alle. Kvar ordklasse har meir eller mindre prototypiske medlemer, og så er det ei rekkje ord som har eigenskapar og særdrag frå fleire ordklasser samtidig. Ein påstand om at eit ord er eit pronomen eller at det er ein subjunksjon, er derfor eigentleg meiningslaus. Det blir eit spørsmål om kva som gjev den beste grammatiske beskrivinga eller innsikta. Av same grunn er heile ordklasseinndelinga gjenstand for diskusjon og revisjon blant fagfolk.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter