Norske ord for engelske

AV MARIT HOVDENAK

Vi møter det engelske språket både ved at vi høyrer og les det. Etter kvart tek vi mange av dei engelske orda i bruk i norsk. Når vi såleis «låner» frå eit anna språk, kan vi gjere det på to prinsipielt ulike måtar: Anten bruker vi det engelske ordet direkte (baby, team, tights), eventuelt i tilpassa form (jobbe, gir, tøff), eller så finn vi eit norsk ord i staden - eit avløysarord. Avløysarorda er ofte omsette ledd for ledd: blodbank, ikkjevald (blood bank, non-violence). Dei kan òg vere laga på meir sjølvstendig grunnlag: hjørnespark, nakkesleng (corner, whiplash). Å komme fram til gode norske ord er ei stor oppgåve og ein svært innfløkt prosess.

I kvardagen kjem vi i kontakt med nye ting og fenomen som først fekk namn på engelsk. Der vi har fått norske avløysarord, kan desse orda ha slått meir eller mindre godt an blant språkbrukarane. Lesarane kan sjølve vurdere kor vellykka fornorskingane på denne sida er:

Skal vi vaske håret ein morgon, tek vi gjerne i balsam (conditioner) for å få det blankt og fint. På varene vi kjøper i butikken, står det ofte berre strekkode (bar code) og ikkje pris.

For å komme til skule eller arbeidsplass kan terrengsykkel (offroad bike) høve for mange. Har vi ein ny, fin bil, er det kanskje ein med kollisjonspute (air bag) og klima- /luftkondisjoneringsanlegg (air condition(ing)). Det kan vere farleg å bruke mobiltelefon når ein køyrer. Kjem det ein handfri (handsfree) type, blir det tryggare. Ved påkøyring bakfrå er det fare for nakkesleng (whiplash).

I skuleverket har «prosjekt» vorte eit nøkkelord (key word). Til startfasen i eit prosjekt høyrer det idédugnad eller idémyldring (brainstorming). Datamaskinen (computeren) har vorte eit vanleg hjelpemiddel, og for skuleelevar blir det ei fast oppgåve å bruke Internettet og vandre eller streife (surfe) på verdsveven (World Wide Web) etter aktuelt stoff.

På jobben har vi gjerne handbøker (manualar) som følgjer datautstyret. Verkar ikkje skrivaren (printeren), treng vi brukarstøtte (support) frå leverandøren. Sender vi brev til ein viss person, kan vi skrive ved NN (attn. NN) attåt firmanamnet. Personen står kanskje på utsendings- eller distribusjonslista vår (mailinglist, distribution list). Brev blir no oftare og oftare sende som e- post (e-mail). E-postadressa har alltid krøllalfa (at) i seg.

Arbeidsseminar (workshops) er ei vanleg møteform i arbeidslivet. Det ei gruppe deltakarar kjem fram til, kan dei skrive på lysark (overhead) og vise fram på ein skriftprosjektør (overhead projector), eller dei kan skrive det på ei stativblokk (flipover) eller ein plakat (poster).

Populære fritidsaktivitetar er å bruke snøbrett (snowboard), rullebrett (skateboard) og seglbrett (surfboard). Ein type rulleskøyter (roller skates) med hjula på éi linje blir marknadsførte under namnet 'rollerblades'. Ei humoristisk fornorsking er «rulleblad», men det beste er vel heilt enkelt å kalle dei rulleskøyter, for det er då det dei er?

 

-- Marit Hovdenak er førstekonsulent i Norsk språkråd. Hun har vært medlem av redaksjonen for Nynorskordboka og var hovedredaktør for Nynorskordlista.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter