Styrer vi unna eit angloamerikansk dataspråk?

AV IVAR UTNE

Dataspråk i Noreg har i lengre tid vore påverka av amerikansk engelsk. I denne artikkelen skal eg sjå på korleis den angloamerikanske påverknaden kjem til uttrykk. Det vi seie slikt som stavemåtar, ordval og stildrag, dels òg uttale. Deretter vil eg sjå på kva reglar og praksis som gjeld for styring av denne språkbruken, og til slutt kome med framlegg til kva ein kan gjere med dette. Først nokre fleire innleiande kommentarar.

Dataspråk, eller edb-språk, er eit fleirtydig omgrep. Det omfattar både programmeringsspråk, fagterminologi og allmennspråklege uttrykksmåtar som er påverka av databruk. I denne samanhengen vil eg leggje mest vekt på slik språkbruk som dei fleste av oss møter, dvs dei opphavleg fagspråklege uttrykksmåtane som blir brukte i allmennspråklege samanhengar.

Dessutan har mange tilgjenge til datanett med internasjonale greiner. Her er kunnskapsflyten og vetetrongen stor, og ein kryssar ofte språkgrenser. Det inneber at engelsk språk har stor plass i den noverande databruken i Noreg. Denne kontakten ønskjer vi neppe å stengje oss ute frå, særleg fordi den stør kunnskapsformidlinga. Og så lenge ein brukar norsk mellom norske deltakarar, er denne bruken av engelsk grei nok.

Skrivinga i samband med databruk er i nokon grad styrd av tekniske rammer, dvs av korleis maskin- og programvarene set grenser for språkbruken. Mest synleg er det med omsyn til plass i registreringsskjema på dataskjerm. Elles gjeld det bruken av særnorske bokstavteikn, som æ, ø og å, i ein del program. Slik avgrensing i den språklege kommunikasjonsforma følgjer med maskin- og programvarene, som ofte kjem frå angloamerikansk språkområde, særleg USA. Slik sett har vi påverknad på språkbruk som følgjer av utstyr laga for angloamerikansk språk.

Vi har fått ei demokratisering av skriving, ikkje minst som følgje av databruk, slik at ein større del av folket skriv meir offentleg enn før. Tradisjonelt har det vel vore dei med god skriftspråkskunnskap og skriftspråksdugleik som har skrive offentleg. Det inneber at dei som ikkje skriv det vi kallar «rett norsk», no deltek på ein arena som var mindre før. Det er vel òg noko av forklaringa på at vi ser mange nye og «galne» språkmønster i dataspråk, som manglande mellomrom, feil bruk av store og små bokstavar, feilstavingar og inkonsekvensar. Det meste av dette er ikkje angloamerikanske drag.

I artikkelen er angloamerikansk og engelsk brukt om det same språket. Det framandspråket vi ser smitte av, er engelsk i forma, men eg reknar med at det stort sett har kome hit frå USA.

Angloamerikanske drag i dataspråket?

Framstillinga her byggjer på stikkprøver i ferske tekstar som omhandlar data, og tekstar der data har vore brukt som reiskap. Det er reklame for folk flest, datablad, eitt fjernsynsprogram (Spider i NRK 2), sider på verdsveven og e-brev.

Svært generelt er inntrykket at engelske uttrykksmåtar finn ein helst i namn på produkt både i reklame og i annan omtale. Det finst rett nok nokre engelskspråklege fagtermar innimellom. Men det er mykje meir iaugnefallande at det er vakling i termbruken og i dei norske stavemåtane, og ikkje minst at det er særskriving av ord.

I store norske datablad som Datatid (DT) og ComputerWorld Norge (CW) er det vanleg med norsk terminologi. Eksempel i vevtekstar frå blada er webleser (CW), nettleser (DT) og surfeprogram (nettleser) (DT) for 'browser', lenker (CW) for 'linker', veveinnholdet (CW) og vevehjemmesider (CW) for samansethingar med 'web', og websteder (DT) for 'web-sites' eller 'web-siter'. I Bergens Tidende 24.8.97, s 33, fanst forresten vevtomt for 'website'.

Engelskspråklege termar finn vi òg, som web-site (CW) og linker (DT).

Surfer og surfe er godkjent av Språkrådet, med norsk u-uttale. Eg har ikkje funne alternative termar i det materialet eg har gått gjennom.

Server, og det nynorske servar, er godt innarbeidd på norsk, det alternative tjener og tenar har eg sett lite av.

I reklamen finst òg engelsk for sentrale omgrep som DAK-software (Intergraph i Microsoft magazine nr 2, 1997), rett nok òg programvare i same tekst, og Hardware (Obs!-reklame i Bergen). Stort sett har dei norske programvare og maskinvare eller andre norske uttrykk slått gjennom. Men eg har ikkje sett at vare i desse orda har vanleg norsk ubunden fleirtalsform, som er varer. På engelsk er software og hardware mengdeomgrep utan fleirtalsbøying.

Eksempel på vaklande termbruk i reklame er minne og hukommelse i same tekst (Bonus i Bergen). Dei to norske synonyma for engelsk memory har vore i bruk jamsides lenge i bokmål, og det er ingen som har høve til å fastsetje norm for val av termar i norsk, som eg kjem tilbake til. I reklame frå andre produsentar finst helst minne, men oftast er dette uttrykt berre med tal og mengdemåla Kb og Mb, som er engelskspråklege forkortingar. Dette blir dårleg uttrykt på norsk i praksis, både pga forkorting og fordi det har så mange alternative former. Minne blir helst brukt i samansetjingar som videominne og hurtigminne.

Eksempel på inkonsekvent skrivemåte er Internett med stor og liten i og ein eller to t-ar til slutt i same tekst. Både i reklame og elles ser skrivemåten som Språkrådet har normert, ut til å ha slått godt gjennom, Internett (Årsmelding 1995, s 27). Den utbreidde bruken av stor i kan òg hengje saman med vaklande bruk av store og små forbokstavar meir allment.

I etablerte norske ord finst det rettskrivingsfeil som kan hende følgjer av engelskpåverknad. Eit eksempel er bruken av prefiksa inn- og in-. Vi finn innstallert (Obs! og Telehuset), men òg installasjon i den same trykksaken (Telehuset). Særskriving av ord er eit anna eksempel. Særleg vanleg er det med særskriving av substantivsamansetjingar, som ein finn i dei fleste reklametekstar, som Student tilbud, Student lisens, data/faks modem, ISDN kortet og multimedia PC. At dette er eit vanskeleg punkt, viser andre overskrifter i den same brosjyren som sistnemnde eksempel stod i: multimedia-PC og bærbar-PC (som må skrivast i to ord).

NRK 2 har det siste året (1996/97) hatt ein programserie med utgangpunkt særleg i Internett-bruk, Spider. Språket er merkt av den internasjonale datakulturen blant ungdom, men likevel slik at engelskspråklege termar er tilpassa norsk, både i bøying og uttale. Navigator blei uttalt med trykk på første staving (som i engelsk) og engelskliknande lydar med unnatak av norske e- og r-lydar, browseren med norsk ending og åv-uttale. Eit surf og surfe blei uttalt med u-lyd, slik Språkrådet tilrår. Kor utbreidd slik norskuttale er, er ikkje undersøkt.

På vevsider og i e-brev slepp ei brei brukargruppe til. Vi finn tekstar som er sterkare påverka av angloamerikansk språkbruk enn det som er nemnt til no. Det gjeld fagtermar, forkortingar og morosame engelskspråklege sitat (truleg helst frå amerikanske kjelder). Og den personlege stilen er særmerkt. Særleg gjeld det bruk av førenamn når ein vender seg til ukjende, ein stil som òg breier seg elles, og som eg reknar med har god støtte frå angloamerikansk språkbruk. Ein personleg stil med mykje personleg tiltale, gjerne med pronomen, har vi òg lenge sett i datahandbøker med amerikansk opphav.

Stikkprøver i vevsider hos ein del norske skoleelevar viste lite språkmateriale og mykje bilete.

Stikkprøver på Spiders vevsider sommaren 1997 viste stort sett norsk tekst, men med ein del særskriving av ord, f eks Intel prosessoren og pris antydning. (Her fanst òg mykje anna for ein raud penn.) Og på NRKs åpningsside på Internett fanst 26.8.97 kykelikokos internett sider.

Derimot er språkstyringa i den statlege ODIN-veven langt på veg god.

Men Utanriksdepartementet sine sider for ungdom, Introducing Norway, er på engelsk. Utanriksdepartementet skriv i ei pressemelding 22.8.97 med tittelen Utenriksdepartementets tilbud til unge nett-surfere: «Utenriksdepartementet har siden opprettelsen av internett-serveren ODIN (Offentlig dokumentasjon og informasjon i Norge) i 1995, lagt stor vekt på elektronisk spredning av informasjon overfor så vel utenlandske som innenlandske målgrupper.» UD nyttar altså engelsk i veven for utanlandske målgrupper og norske ungdommar.

Private spelesider laga av nordmenn, og med norsk adresse, finst det nokre av på engelsk, vel med tanke på ei stor utanlandsk målgruppe.

Oppsummerande kan eg seie at det stort sett er norsk språk i det meste som er undersøkt, både i blad, reklame, vevsider og e-post. I denne framstillinga har eg lagt vekt på å få fram dei angloamerikanske tendensane, utan at eg meiner at dei er særleg synlege. Det er òg inntrykket mitt at mange av avvika frå god norsk ikkje er angloamerikansk påverknad, men meir allmenne skrivefeil.

Styring?

Etter det eg kjenner til, har vi no i liten grad høve til å stoppe særleg mykje av dei angloamerikanske uttrykksmåtane med grunnlag i noverande lover eller andre offentlege pålegg. Språkrådet regulerer berre språkbruken i offentleg teneste og i skolen, og då særleg skrivemåtar, teiknsetjing og datering. Språkrådet eller noko anna organ har formelt sett ikkje høve til å bestemme kva synonym, dvs alternativt uttrykk, for eit omgrep som skal vere påbode verken privat eller offentleg. Formelt sett kan dei altså ikkje stoppe engelske synonym i norsk tekst.

Største delen av språkproduksjonen skjer, etter det eg reknar med, nettopp i privat sektor, der vi mellom anna finn størstedelen av norske arbeidsplassar, dei fleste media, og heime- og fritidssektoren til kvar enkelt av oss.

Store delar av læremidla i skolen fell utanom Språkrådet si språklege godkjenningsordning. Berre lærebøker og rettskrivingsordlister, lærarane sin bruk av skriftleg norsk og språkbruken i elevane sine skriftlege arbeid er styrde av læreboknormalen, rettskrivinga eller andre vedtak frå Språkråd eller departement. Utanfor regulering er alle arbeidsbøker og hjelpebøker på papir, slik Mållaget har peika på i det siste (1997). Dessutan er alt dataleseleg materiale unnateke, jf Årsmelding 1991 frå Språkrådet, pkt 8.3. Det omfattar f eks øvingsprogram, databasar, tekstbehandlingsprogram, og ikkje minst ordrettingsprogram. For alt som her fell utanom godkjenningsordninga, blir det ikkje stilt krav til målform, rettskriving, og heller ikkje til at det må vere norsk.

At Språkrådet kan styre rettskriving, men ikkje terminologi (dvs val av synonym), inneber at det, saman med Kulturdepartementet, kan fastsetje at Internett skal skrivast med stor i og to t-ar til slutt, at innputt skal skrivast med to n-ar og to t-ar, og utputt slik som dette. Men dei kan ikkje bestemme at det må heite inndata eller innputt eller noko anna som nokon kan finne på å skrive, og heller ikkje fastsetje om memory skal heite minne, hukommelse eller memory. Dataordboka, der Språkrådet deltek i redigeringa, er rådgjevande og ikkje normerande.

Dessutan har Språkrådet neppe ressursar til å dekkje meir enn allmennspråket. Dataspråket er i all hovudsak eit fagspråk, med uklare grenser mot allmennspråket.

På denne bakgrunnen kan altså forlag og lærebokforfattarar, om dei ønskjer å presse på, bruke engelsk langt på veg. Og om dei ønskjer det, vil dei kunne stø seg på juridiske argument. Dette vil vel vere særleg aktuelt i samband med val av termar. Men marknadsomsyn set ofte i praksis grenser for framandspråkleg terminologi.

Trass i dette gjer Språkrådets sekretariat ein stor innsats for norske uttrykksmåtar i norske lærebøker. Dette dreier seg om rådgjeving og om utbreidd godvilje for bruk av norsk språk, utan at Språkrådet formelt kan setje makt bak mange av rettingane dei foreslår. Problemet eg tek opp, gjeld minst der norske uttrykksmåtar er innarbeidde, som handbok for manual, men meir for nye omgrep. Rådgjeving frå Språkrådet og lærebokretting er svært sannsynleg ein av grunnane til at norsk vinn fram i dataspråket. Det kan òg sjå ut til at Språkrådets sekretariat har god støtte i eit datamiljø som ønskjer, og som gjerne brukar, framlegg til gode norske avløysarord.

I offentlege dokument som gjeld skolen, blir det lagt lite vekt på at det skal vere norsk språk i norske dataprogram. Det blir lagt vekt på kompetanse i bruk av utstyr (maskinar, nett og program), at ein kan bruke dette for å tileigne seg kunnskap, og at programma skal vere bygde på norsk tenkjemåte. (St.meld. 24 (1993–94) Om informasjonsteknologi i utdanningen, St.meld. 48 (1996–97) Om lærarutdanning). Norsk språk blir nemnt i den innstillinga der stortingskomiteen tek opp St.meld. 24, dvs Innst. S. 135 (1993–94), pkt 2, sitert etter vevversjonen: «Flertallet forutsetter at deler av den pedagogiske programvare som utvikles i regi av NLS, vil være tilgjengelig på nynorsk, bokmål og samisk.»

Norsk læremiddelsenter (NLS) skal organisere tilbodet av dataprogram i skolen. Sjølv om det i dei styrande dokumenta for NLS ikkje går heilt eintydig fram at programma skal vere på norsk, blir det «i all hovudsak» (opplyst frå NLS) stilt krav om norsk (anten bokmål eller nynorsk) i programvareavtalar som NLS gjer på vegner av skolen. Det gjeld kontorstøtteprogram, dvs tekstbehandling, rekneark og databaseprogram, og øvingsprogram. Desse blir til vanleg ikkje kontrollerte språkleg i høve til rettskrivingsreglar. Vidare har eg fått opplyst hos NLS at dei har ein del avtalar som omfattar engelskspråklege program. Det gjeld program som særleg blir brukte i yrkesutdanningar, som teikne-, konstruksjons- og grafikkprogram. Dette er program som elevane òg vil møte i yrkeslivet seinare, som er omfattande, spesialiserte, og som endrar seg ofte. Desse avtalane gjev svært låge prisar. Mangel på slike avtalar vil få svært negative følgjer for skolen, og vil neppe føre til at dei same programma blir utvikla på norsk.

Norsk språk i yrkesfaglege program i samfunnet som heilskap er blant emne som er tekne opp i ei utgreiing frå Kulturdepartementet i oktober 1996 med tittelen Skape – Bevare – Formidle – Grunnlagsmateriale for en IT-plan for kultursektoren. Der lyder mål 2.17: «Norsk språk skal være et fullverdig og naturlig bruksspråk i alle sentrale IT-anvendelser i yrkesliv, kulturarbeid/kulturproduksjon og til privat bruk.» Sjølv om dette ikkje har status som politisk vedtak, skriv Åse Kleveland i forordet om «bruk av norsk språk i IT-området»: «Her er det mange aktører som må samhandle for å sikre at våre to skriftspråk ikke bare overlever i IT-samfunnet, men kan bli styrket som det viktigste uttrykksmiddelet vi har.» Liknande politiske utsegner finst i fleire dokument. Etter det eg kjenner til, er det sistnemnde dokumentet grunnlag for vidare politisk handsaming.

Dette vil seie at mange politikarar og utgreiarar ønskjer at norsk språk skal vere bruksspråket på alle felt i Noreg. Derimot kan eg ikkje sjå at det finst lover som heimlar at ein kan krevje det, slik Frankrike har fått i seinare tid. Eg har heller ikkje lagt merke til krav om strenge lover. Viktige grunnar kan vere kostnadene og vilkåra for internasjonal kontakt.

Vegen vidare

Konstruktive framlegg finst. I Skape – Bevare – Formidle blir det bl a nemnt å gjere eksisterande og komande norske tekstar lettare tilgjengelege på data, og å stimulere, vel med økonomiske midlar, til at det blir utvikla norske språkreglar og ordlister i kontorstøtteprogram. Og vi har den oppmuntringsstrategien som Språkrådet har nytta for namn på verksemder. Noko liknande må ein kunne gjere for namn på dataprodukt og nye fenomen, språket i dataprogram og for språket i datareklame og i lære- og hjelpebøker.

I KUFs IT i norsk utdanning. Plan for 1996–99 finst eit tiltak nr 19 om «Norsk IT-ordbok». Ordboka er meint å bli ein reiskap for å løyse det problemet at "de ulike leverandører [ikke] benytter [...] de samme oversettelser av engelske faguttrykk", som ein vil vurdere å gjere tilgjengeleg på Internett. Det er meininga at den betre enn Dataordboka kan føre til terminologisk styring. Det er ikkje klart kva normeringsstatus boka får. Eg trur rask fremjing av slike føretrekte termar, frå fagfolk innanfor databruk og språk, vil fremje bruken av norsk terminologi.

Alt dette inneber tilrettelegging og oppmuntring. For å lette kommunikasjonen krevst òg styring både av skrivemåtar og termval. For alt dette er det viktig at offentleg og privat sektor er med på det same laget.

Styrer vi unna?

Vi har styrt godt unna eit angloamerikansk dataspråk med mykje god vilje. Det bør vi halde fram med, kan hende i nye former.

 

-- Ivar Utne er bestyrer på Nordisk institutt ved Universitetet i Bergen.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter