Leiar: Norsk og engelsk

Norsk språkråd har i fleire år hatt tiltak for å demma opp for den engelske påverknaden på norsk. Og det er mange som deler otten over «anglifiseringa» av norsk. På den andre sida er det dei som meiner det ikkje er grunn til å overdramatisera; dei viser gjerne til at norsk – som dei fleste andre språk – alltid har vore utsett for framand påverknad.

Dette siste er sjølvsagt rett, men den stoda eit språk er i, og det behovet det har for vern og odling, må sjåast i ein historisk og samfunnsmessig samanheng. Det at eit forhold var uunngåeleg i tidlegare tider, treng ikkje tyda at det er akseptabelt i vår tid. Det gjeld språkpolitikk så vel som helse- og sosialpolitikk. Språket lever ikkje sitt eige liv utanom det samfunnet som bruker det.

Norsk språkråds tiltak mot engelsk påverknad har sjølvsagt ikkje noko med «framandfiendskap» å gjera. Ord er ikkje menneske. Dessutan ser vi heller ikkje språkleg påverknad frå dei asiatiske og afrikanske språka åt dei nye nordmennene som noko problem. Problemet er den unødvendige bruken av engelsk i samanhengar der norsk hadde passa betre. Engelsk må sjølvsagt brukast når vi vil kommunisera med folk som ikkje kan skandinavisk, og det er viktig at nordmenn blir flinke i engelsk. Men tendensen i dag er at engelsk blir brukt meir og meir også når ein vender seg til andre nordmenn, slik vi ser det fyrst og fremst i reklametekstar.

Ein kan skilja mellom to måtar å bruka engelsk på i Noreg. Den eine er å blanda engelske ord inn i norsken når ein talar eller skriv. I moderat form er dette ein vanleg språkleg låneprosess som ein altså finn i dei fleste språk til alle tider. I overdriven form kan det truga strukturen og heilskapen i det norske språksystemet. Den andre måten er å bruka engelsk i staden for norsk i ulike samanhengar, t.d. i næringsliv, forsking og høgare utdanning. Dersom dette blir overdrive, kan det føra til domenetap for norsken, det vil seia at norsk blir heilt borte frå visse samfunnsområde og endar opp som eit reint «kjøkkenspråk». Her ligg det verkelege trugsmålet mot norsk språk i dag.

 

Jan Faarlund

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter