Nynorsk og ulv

AV MAGNI ØVREBOTTEN

Det er to ting som engasjerer folk her i landet, nynorsk og ulv. Hadde ulven prata nynorsk, hadde han garantert vore utrydda, sa Knut Nærum i programmet «Først og sist» i april i år. Det var godt sagt, og artig tenkt, og med større vidd enn vi er vane med at nynorsk vert omtala med.

Det er lenge sidan det har vore så godteke å vere mot nynorsken som no. Elles vert toleranse sett på som teikn på vidsyn og kunnskap. Det er i alle høve ikkje stovereint å syne fram fordommane sine, bortsett frå mot nynorsk, bygdefolk og bønder. Det er tre synonyme ord for mange, og ved å le av eller fordumme dei trur visst mange at dei vert urbane verdsborgarar.

Media er ein viktig trendsettar i så måte og har meir innverknad på haldningane våre enn det er kjekt å tenkje på. I programmet som fylgjer etter det Nærum er med i, må ein mest vere barnefødd i Oslo 1-2-3 for å få vere med, eller på ei eller anna vis ha kome inn i omgangskrinsen til programleiaren Fredrik Skavland. Då vert ein resirkulert til det einsformige. Men ein og annan frå bygda kjem stundom med som eksotisk krydder, som til dømes ein liten gut frå Gaular i Sunnfjord som les bakvendt. Han er trygg som fjellet der han sit, men programleiaren vert utrygg av slike fenomen frå utanverda, eller «der borte på Vestlandet», som han sa då han skulle forklare kvar 6-åringen var frå.

Nokre veker etterpå var det luringen Odd Nordstoga som ikkje lenger let seg oversjå etter å ha toppa VG-lista i vekesvis. Programleiaren tok det for gjeve at denne karen med vest og gamaldags kaps måtte vere eit heimespøta talent frå avkroken Vinje. Difor var det meir naturleg å snakke med Nordstoga om fjøsstell enn om musikk!

I Bergens Tidende – Vestlandets storavis – las eg nyleg eit intervju med den same Nordstoga. Der var fokuset at han hadde studert i Bergen nokre år, og dei hadde teke han med til gata der han hadde budd på hybel. Sjeldan har eg lese eit intervju som tok så lite farge av intervjuobjektet. Bokmålet kunne rett og slett ikkje formidle Odd Nordstoga skikkeleg, og intervjuet var knapt til å kome seg gjennom. For Bergens Tidende finst det inga orsaking, dei har gode nynorskbrukande journalistar, som altfor ofte må skrive på bokmål fordi det er «naturleg» utifrå stoffet. Men det gjeld visst ikkje hin vegen, og her står vi på staden kvil.

Det skjønte eg for alvor då eg i vår sat og las søknader frå mange unge, håpefulle ungdomar som ynskte å bli nynorskpraktikantar i Nynorsk mediesenter i Førde. Ein av dei hadde skrive semesteroppgåve om «Svertedauden – om nynorskjournalistar iført tvangstrøyer i riksavisene». I 1990 skreiv Linda Eide hovudoppgåve om «Språktvang i den frie pressa?», og i 1978 skreiv eg sjølv hovudoppgåve om «Holdningane til nynorsk i Oslo-pressa». Og holdningane er jamt dei same i dag som for 14 og 26 år sidan. Ja, kanskje verre? 

Vi har kome dit at det er naturleg for dei fleste å snakke sin eigen dialekt i dei fleste situasjonar, men den sterke språklege frigjeringa og medvitet som dialektrørsla hadde med seg, er vatna ut.

Språket vårt er for mange ikkje viktig lenger, somme går så langt at dei tykkjer det er like greitt at vi går over til engelsk her i landet. Det fyrste vi lærer ungane i barnehagen, er å synge «Happy birthday», og fleirtalet i Stortinget tykkjer det er skit det same om forskarar og studentar på universiteta brukar norsk eller engelsk Når det er ei så likegyldig holdning til norsk generelt, er det mest så ein skjemst over å ha to jamstilte norske språk. Det er uttrykk for ei husmannsånd, stikk imot dei fleste andre land, som tykkjer det er viktig å ta vare på språka sine i den globaliserte verda vi lever i. Somme ville sikkert tykkje det var greitt å leve i ei verd prega av engelsk, kinesisk og spansk, men mange ville sakne morsmålet sitt. Det er for dei fleste av oss samnemnaren for både identitet, kultur, litteratur, historie og sjølvkjensle. Det har vi som fekk nynorsken i voggegåve, skjønt. Mange av oss tykkjer det er viktig å ta vare på det, og utvikle det, og når ikkje universiteta lenger ser det som ei viktig oppgåve å verne om det norske språket generelt – og slett ikkje nynorsken spesielt – får vi sette vår lit til at det kjem fleire Odd Nordstoga, Side Brok, Jon Fosse, Frode Grytten, Ragnar Hovland, Morten Sandøy, Ingvild Bryn, Are Kalvø, Solveig Barstad, Kjersti Strømmen osv. som kan få nynorsken til å syne att i vande og uvande samanhengar i kultur- og medieverda – og gjere oss stolte av språket vårt. Gode føredøme er og blir viktig same kva det er snakk om.

Radio, fjernsyn og Internett er viktige både for språkleg utvikling og godtaking. Når berre 5 % av dei som lagar barne- og ungdomsprogram i NRK, brukar nynorsk, seier det seg sjølv at det vert få program på dialekt og nynorsk dei åra i livet då vi vert mest forma, både når det gjeld identitet, toleranse og språk. Det er få lyspunkt i så måte. Men i år har Odd Nordstoga toppa VG-lista i rekordmange veker med ein barnesong på vinjemål, eigentleg ein parodi på Fager kveldssol smiler, skriven for 20 år sidan av Ragnar Hovland. Det umogelege er framleis mogeleg!

 

Magni Øvrebotten har tidlegare vore redaksjonssjef og distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane og er frå i år tilsett som leiar for Nynorsk mediesenter.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter