Kven har makt i Norsk språkråd?

AV LARS S. VIKØR

I den omlegginga som Norsk språkråd no står framfor, er maktfordelinga eit kjernespørsmål. Rådet har vore organisert som eit breitt basert organ der mange ulike organisasjonar og institusjonar er representerte, men samtidig har det meste av sjølve avgjerdsmakta vore samla i snevrare organ innanfor rådet, og styre og fagnemnd, og sjølvsagt hos dei som har gjort det daglege arbeidet, sekretariatet. I det opplegget til eit nytt språkorgan som departementet arbeider med, er det gjort ganske klart at «ein» (dvs. departementet) ser med skepsis på denne ordninga. Det ser ut som ein ønskjer eit organ som står mindre fritt i forhold til departementet, samtidig som ein ønskjer å få det meir representativt for breiare samfunnsgrupper enn i dag. Spørsmålet er likevel om det er mogleg å få til begge desse tinga på ein gong, eller om ein må velje eitt av desse prinsippa og velje bort det andre.

No på slutten av Språkrådets funksjonstid går det an å gi eit endeleg oversyn over kven som har hatt mest innverknad – for ikkje å overbruke ordet «makt» – i Norsk språkråd og forgjengaren Norsk språknemnd (1952– 1972) (Eg har laga ein «innverknadsindeks», som kanskje kan kaste litt lys over dette.)

Posisjonar gir makt

Makt i språkrådssamanheng får ein først og fremst ved å få plass i styre og fagnemnd, og leiarane har størst makt. Eg har basert meg på dette.  Indeksen måler den innverknaden ulike oppnemningsinstitusjonar – altså ikkje enkeltpersonar – har hatt ved å besetje posisjonane i desse organa. Eg bereknar eitt poeng for ein plass i styret eller fagnemnda i eitt år. Fagnemndleiarane får to poeng for eitt år, pluss eit tredje fordi dei også har fast plass i styret. Styreleiarane må derfor også få tre poeng for ikkje å komme dårlegare ut. Eg set opp ein separat indeks for kvar av seksjonane, og det er såleis 10 poeng tilgjengelege pr. seksjon for kvart år (tre fagnemndmedlemmer + éin styremedlem pluss dei to leiarane for styre og fagnemnd som altså får tre poeng kvar). For perioden 1972–2004 blir det da 32 x 10 = 320 poeng.

I ein del tilfelle deler fleire institusjonar, t.d. universiteta, som har ein samla pott på tre plassar i kvar seksjon, og ymse organisasjonar på beslekta saksfelt (t. d. tre omsetjarorganisasjonar). Her skil eg mellom dei ulike institusjonane. Såleis reknar eg dei ulike universiteta kvar for seg (det vil vise seg nedanfor at det er interessant). På same måten fører eg dei stortingsoppnemnde medlemmene (som hadde plass i rådet frå 1972 til 1988) til dei partia dei representerte.

Her fører eg opp dei institusjonane som har minst 10 poeng. Da blir indeksen slik:

Bokmålsseksjonen
Universitetet i Oslo – 88 poeng
Universitetet i Bergen – 40 p.
Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur – 33 p.
Riksmålsforbundet – 29 p.
Landslaget for språklig samling – 25 p.
Den norske Forleggerforening – 24 p.
Universitetet i Trondheim (NTNU) – 14 p.
Grunnskolen ved sin lærarorganisasjon – 12 p.
Det norske Arbeiderparti – 12 p.
Landslaget for norskundervisning – 11 p.

Seks institusjonar har færre enn 10 poeng.

Nynorskseksjonen
Universitetet i Oslo – 78 poeng
Det Norske Samlaget – 59 p.
Universitetet i Bergen – 39 p.
Noregs Mållag – 36 p.
Universitetet i Trondheim (NTNU) – 31 p.
Universitetet i Tromsø – 27 p.

Elleve institusjonar har færre enn 10 poeng.

Tre viktige organisasjonsgrupper

Ein kan dele inn institusjonane som nemner opp Språkrådet, i tre grupper. Det er:

  1. dei vitskaplege og pedagogiske institusjonane,
  2. språkbrukarorganisasjonane (t.d. forfattar- og omsetjarorganisasjonane, forleggjarforeininga, NRK og Presseforbundet), og
  3. dei språkpolitiske stridsorganisasjonane.

Lista over viser med all tydelegheit kven som har hatt brorparten av innverknaden, nemleg den første og den siste gruppa, og da særleg universiteta og språkstridsorganisasjonane.

Det er ikkje så vanskeleg å forklare dette. Universiteta har valt den fremste ekspertisen på feltet til å representere seg. For språkstridsorganisasjonane er Språkrådets arbeidsfelt sjølve eksistensgrunnlaget, og dei legg sjølvsagt vekt på å sende sine beste folk med dei største spesialkunnskapane på feltet for å få størst mogleg innverknad. For språkbrukarorganisasjonane er Språkrådets arbeidsfelt berre eitt av mange viktige saksfelt dei engasjerer seg på, og det gjeld også dei personane dei sender inn i rådet. Studerer ein fråverslistene i rådsmøtereferata, får ein eit visst inntrykk av det. Desse organisasjonane er normalt representerte i ei stor mengd av statlege og andre råd, og medlemmene har normalt ulikt språksyn. Dei som mest medvite søkjer innverknad og har den høgaste kompetansen, vil vanlegvis også oppnå mest. Når språkbrukarrepresentantar engasjerer seg i Språkrådet, er det gjerne fordi dei har eit personleg språksyn som plasserer dei i ei eller anna av språkstridsgruppene, slik at dei vil representere den meir enn den yrkesgruppa som har sendt dei inn i rådet.

Slik var det i Språknemnda

Til jamføring har eg òg laga ein indeks for Norsk språknemnd, som eksisterte frå 1952 til 1972, altså i tjue år. Språknemnda hadde ein enklare struktur, med berre eit arbeidsutval på tre medlemmer pr. målform. Dermed blir indeksen enklare her. Eg gir eitt poeng for eitt år som medlem og to poeng pr. år for formannsstillinga (alle medlemmene i arbeidsutvalet i Språknemnda var menn), totalt 80 poeng for kvar seksjon. Språknemnda vart oppnemnd av Kyrkje- og undervisningsdepartementet – for dei fleste plassane etter innstilling frå institusjonar – men dei språkpolitiske organisasjonane var ikkje med, om ein ikkje reknar med Det Norske Samlaget, som nok vart rekna som ein kulturinstitusjon meir enn eit språkstridstiltak. Indeksen er slik:

Bokmålsseksjonen
Universitetet i Oslo – 40 poeng
Norsk Presseforbund – 13 p.
Lærarskolen ved sin lærarorganisasjon – 10 p.

Tre institusjonar hadde færre enn 10 poeng.

Nynorskseksjonen
Det Norske Samlaget – 31 poeng
Kyrkje- og undervisningsdepartementet – 13 p.
Universitetet i Oslo – 12 p.

Fem institusjonar hadde færre enn 10 poeng

Dei høge skårane for Universitetet i Oslo og Det Norske Samlaget i kvar sin seksjon kjem av at desse institusjonane okkuperte formannsstillingane det meste av tida (Alf Hellevik for nynorsk) eller heile tida (professorane Didrik Arup Seip, Trygve Knudsen og Eyvind Fjeld Halvorsen frå Universitetet i Oslo utgjorde ei ubroten formannsrekkje på bokmålssida). Kyrkje- og Undervisningsdepartementets mann i nynorskseksjonen det meste av tida arbeidde òg ved Universitetet i Oslo, rett nok ikkje som nordist (keltologen Magne Oftedal). Også i Språkrådet har desse institusjonane hatt ein slags hevd på desse postane, Universitetet i Oslo rett nok mest på fagnemndleiarplassen. Der har Eyvind Fjeld Halvorsen, Einar Lundeby, Dag Gundersen og Kjell Ivar Vannebo vore leiarar på bokmålssida i 28 år, berre avbrotne av Egil Pettersen frå Universitetet i Bergen i éin periode, og Kjell Venås var leiar på nynorsksida i seksten år uavbrote. Det Norske Samlaget, på si side, har hatt styreleiarane på nynorsksida i seksten år til saman (Leif Mæhle hadde vervet i femten år, men han sat først to periodar frå Universitetet i Oslo, deretter to periodar frå Det Norske Samlaget, og sidan 1996 har leiarane Kåre Lilleholt og Jan Olav Fretland representert Det Norske Samlaget).

Elles kan ein merke seg at språkstridsorganisasjonane har hatt ei sterk stilling. Riksmålsrørsla har over seksti poeng, og har hatt plassar både i fagnemnd og styre i lange periodar, om enn mest i fagnemnda. På syttitalet og åttitalet hadde dei i periodar både leiaren og ein styremedlem. Også Noregs Mållag har stått sterkt. Dei har prioritert å sitje i fagnemnda, og det er vel fordi dei gjerne har oppnemnt fagfilologar, som ofte føretrekkjer å sitje i fagnemnda framfor i styret. Også riksmålsrepresentantane har for ein stor del vore språkvitarar med stillingar på Universitetet i Oslo, så denne institusjonen har eigentleg hatt enda sterkare representasjon enn den som indeksen her viser. Den språkbrukarorganisasjonen som stiller sterkast, er forleggerforeninga, men det er først og fremst fordi Ola Haugen har hatt leiarstillinga sidan 1996. Innverknad i Språkrådet er sjølvsagt i stor grad eit spørsmål om personleg tillit – derfor har Språklig Samling så mange poeng (personen Geirr Wiggen). Men det er ikkje berre eit personspørsmål, som denne indeksen viser klart.

Kva med professorvelde?

Det er blitt klaga over professorveldet i Språkrådet, og det er ikkje utan grunn, som ein ser. Men desse posisjonane har alltid vore besette ved allmenne val innanfor rådet, og professorane har aldri vore i fleirtal der. Hovudgrunnen til at innverknaden har vore ganske skeivt fordelt, er at desse organa har hatt oppgåver som krev høg språkfagleg kompetanse. Når alt kjem til alt, er 192 av dei 320 poenga pr. seksjon i språkrådsindeksen knytte til representasjon i fagnemnda.

Om det nye organet skal kunne opptre med tyngd i offentlegheita, vil språkvitarar måtte ha ei sentral rolle også i framtida, i ei eller anna form. Høg kompetanse, samfunnsmessig representativitet og demokratisk styring er omsyn som det ikkje utan vidare er lett å sameine, og det blir ei stor utfordring å finne fram til ein struktur som kan balansere desse omsyna mot kvarandre og ivareta dei alle.

 

-- Lars S. Vikør er professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Oslo og hovudredaktør i Norsk ordbok.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:23.11.2004 | Oppdatert:15.06.2015