Nynorsk som minoritetsspråk

AV TOVE BULL

Språklege hierarki

Språkmangfaldet og språkforholda i Norge kan beskrivast på ulike måtar. Dei språka som er i dagleg bruk her til lands, kan grupperast på ymse vis, t.d. i høve til talet på språkbrukarar eller i høve til status. Kva for måte ein enn vel å gruppere eller klassifisere på, så vil klassifiseringssystemet vise seg å vera hierarkisk organisert. Etter ei grovsortering kan ein såleis operere med eit statushierarki med fire hovudnivå:

  • norsk (bokmål og nynorsk)
  • samisk (nordsamisk, lulesamisk, sørsamisk)
  • nasjonale minoritetsspråk (t.d. finsk/kvensk, romani)
  • innvandrarspråk (t.d. vietnamesisk, urdu, tamil)

På kvart hovudnivå vil ein kunne finne ei tilsvarande hierarkisering, der bokmål har høgare status enn nynorsk, nordsamisk høgare enn lulesamisk og sørsamisk. Hierarkiseringa mellom språka på dei to lægste hovudnivåa vil det kanskje vere meir usemje om.

Det er altså komplekse tilhøve vi ha å gjere med. Dei blir ikkje mindre komplekse om vi lanserer omgrep som «kryssande hierarki» eller «konfligerande hierark». For det vil nemleg vise seg at dei kriteria vi legg til grunn for klassifiseringa, vil kunne føre til noko ulike hierarkiske strukturar. Om vi i tillegg tek med bruk av engelsk i Norge, vil bildet bli enda mer komplekst.

Eit viktig kriteriesett for studium av forholdet mellom språk eller språkformer er formelt-juridisk. Når det er utgangspunktet vårt, er vi opptekne av korleis det offentlege gjennom lovverk og andre rettstiltak regulerer tilhøvet mellom dei aktuelle språka eller målformene, og korleis ein bestemmer og set grenser for den plassen bestemte språk eller språkformer skal ha i samfunnet. På den andre sida kan forholdet mellom språk studerast i eit meir kontant og reelt maktperspektiv. For det er nemleg slett ikkje slik at juss og realitetar alltid svarer til kvarandre. Eller uttrykt annleis: Det er ikkje alltid tilfelle at lovar og reglar er i stand til å regulere det lovgjevarane hadde meint å regulere, på den måten dei hadde tenkt å gjere det. Eit språk eller ei språkform kan godt ha alle formelle juridiske rettar på si side, men likevel vere diskriminert eller sett ned på, altså ha ein prestisjemessig status som ikkje svarer til den juridiske. Og omvendt kan eit språk mangle formelle juridiske rettar og likevel vere utbreidd og mykje brukt og ha høg prestisje i eit samfunn. Eit av måla mine med denne artikkelen er å prøve å vise at omgrep som jamstilling og likestilling brukte om språk, meir tilslører enn avslører dei røynlege forholda. Om vi seier at to språk er jamstelte, er det i beste fall ein svært overflatisk beskrivelse eller ei grov forenkling.

Nynorsk og bokmål

Denne artikkelen handlar om nynorsk som minoritetsspråk. Det inneber at det er forholdet mellom nynorsk og bokmål som er i brennpunktet. Det gjer saka noko enklare enn om vi skulle behandle heile det norske språkhierarkiet, men det er viktig å ha i minnet at heile den norsk språkrøyndommen er mykje meir mangfaldig enn det som kjem fram her.

Formelt-juridisk er nynorsk og bokmål «jamstelte språk». Nynorsk (det norske Folkesprog) har vore jamstelt med bokmål (vort almindelige Skrive- og Bogsprog) sidan 1885, altså i om lag 120 år. Nynorsk er såleis nasjonalspråk i Norge, på line med bokmål. Dei har begge offisiell status, og er såleis jamstelte, formelt-juridisk. Dei er begge «norsk». Nyare norsk språkhistorie demonstrerer likevel svært tydeleg at ei språkform ikkje nødvendigvis eller automatisk får sosial status om ho blir tilskriven offisiell status gjennom vedtak i Stortinget. Og faktisk heller ikke politisk status. Det finst talrike døme på at styresmaktene sjølve saboterer den jamstellingspolitikken somdei har vedteke. Nyare norsk rettskrivingshistorie er m.a. historia om korleis det offisielle rettsskrivingsstrevet (»norsk på folkemåls grunn) har måtta gje tapt for ei motmakt som i utgangspunktet ikkje hadde dei politiske styresmaktene i ryggen. Om noko blir demokratisk vedteke og erklært som offisielt, betyr det altså ikkje automatisk at det vinn politisk eller sosial prestisje.

Kva er minoritetssspråk?

I eit formelt-juridisk jamstellingssperspektiv gjev det meining å snakke om nynorsk som minoritetsspråk berre om ein definerer «minoritetsspråk» strengt kvantitativt, altså ikkje legg anna i omgrepet enn at nynorsk blir brukt av færre språkbrukarar enn bokmål. Men i gjengs språkbruk tyder «minoritetsspråk» meir en dette. Eit minoritetsspråk er, i høve til eit majoritetsspråk, ikkje berre karakterisert ved at språkbrukarane er færre, men òg ved at maktforholda er asymmetriske. Majoritetsspråket har i regelen høgare sosial prestisje og slik sett større maktpotensial. Og vi har gjennom meir enn hundreårig historie sett at nynorsk er relativt avmektig i høve til bokmål. Nynorsk er markert, mens bokmål er umarkert. Det inneber m.a. at nynorskbrukararar støtt må forklare seg.

«Kvifor skriv du nynorsk?» er eit heilt vanleg spørsmål å få. Somme kan jamvel argumentere med at «det er da ikkje naturleg for deg». Å bruke nynorsk inneber såleis ofte å invitere til språkpolitiske diskusjonar. Bokmål er nøytralt; nynorsk er det ikkje. For den einskilde nynorskbrukaren kan dette ha både fordelar og ulemper. Det hender jo at ein som nynorskbrukar får positive kommentarar. Men ikkje all særbehandling er fordelaktig. Den særbehandlinga som t.d. yrkesforbod representerer, er det desidert ikkje. Og sidan nynorskskrivande journalistar ikkje får skrive på nynorsk om dei arbeider i dei store riksdekkjande avisene, må det vere rett å hevde at dei er utsette for ei form for yrkesforbod.

Andre uttrykk for det same er det når vi stadig høyrer folk snakke om «norsk og nynorsk». Meir enn noko anna avslører denne uttrykksmåten at jamstillinga er ein illusjon. Når skoleelevar med nynorsk som sidemål framleis har moro av å «rette» «nynorsk ordliste» til «spynorsk mordliste», viser det igjen at det ikkje finst noka reell form for jamstilling, verken i skolen eller i samfunnet elles.

Trass den lange historia nynorsk har som offisielt jamstelt mål i Norge, er altså fordommane mot språket framleis store. Det er grunn til å tru at kunnskapsløysa er enda større. Og som elles i livet er det samanheng mellom kunnskapsløyse og fordommar. Ein fordom er ein dom som blir felt på førehand, før ein har grunnlag for å felle dommar. Grunnlagslause dommar om nynorsk er det mange av. Fordi dei blir felt så ofte, står dei nærmast fram som allmenne sanningar. Framleis er det mange som oppfattar nynorsk som «fattigare» enn bokmål; nynorsk skal liksom høve godt innanfor visse domene (lyrikk t.d.), men dårlegare innanfor andre (det private næringslivet t.d.). Slikt hører ein aldri sagt om majoritetsspråket i eit samfunn. Det høver per definisjon til alle formål.

Jamvel om vi alle skal ha lært oss å meistre både bokmål og nynorsk skriftleg, viser dei røynlege tilhøva eit bilde som er eit godt indisium på at nynorsk har mykje lågare status enn bokmål. Det er berre dei som har nynorsk som hovudmål, og bokmål som sidemål, som synest å realisere målet om jamstelte målformer. Dei lærer seg begge, og mange hevdar at dei får bokmålet gratis. Omvendt, så kan dei fleste at dei som har bokmål som hovudmål og nynorsk som sidemål, ikkje seiast å meistre nynorsk på noko som er i nærleiken av eit tilfredsstillande nivå. Det fører til at for dei som bruker nynorsk, er det alltid risikofylt å møte eigne tekstar i aviser eller tidsskrift e.l. I verste fall er dei radbrekte til det ukjennnelege og – unynorske – av nokon som ikkje kan betre. Nett det er vonleg eit problem som hører fortida til; det har datateknologien løyst for oss, i prinsippet, om ikkje alltid i praksis. Dette reflekterer sjølvsagt den asymmetriske situasjonen mellom dei to målformene. Ei anna side ved minoritetsproblematikken er at den som skriv nynorsk, ofte må rekne med å bli attkjend også om han eller ho ønskjer å vere anonym. Igjen: Nynorsk er markert; bokmål er nøytralt. Bokmål finst overalt, i aviser og vekeblad, på reklameplakatar og informasjonsbrosjyrar. Nynorsk derimot kan det gå dagar og veker utan at ein ser i det offentlege rommet, sjølvsagt avhengig av kor ein bur i landet.

No kan vi spørje om det er dei kvantitative forholda som fører til statusskilnaden mellom nynorsk og bokmål, eller omvendt? Det er opplagt ein samanheng her, men kva som kom først, er ikkje så godt å seie. Slik sett er spørsmålet eit klart døme på høna-og egget-problematikk, og slike spørsmål veit vi er uløyselege. Så lat oss i staden kaste eit blikk på dei kvantitavive forholda, på nynorskstatistikken.

Nynorskstatistikk

Tallforhold blir ofte brukte som argument for eller mot, så når nynorskprosenten i skolen går ned, er det straks mange som tek til felts og vil nynorsken til livs. Nett no er andelen av elevar som har nynorsk som hovudmål i grunnskolen, nede på eit historisk lågmål: 14,7 % per 1. oktober 2002. I absolutte tal utgjer det 89 679 elevar. Ein kan sjølvsagt diskutere om dette er mykje eller lite, om det er mange nok i høve til eitt eller anna ideal. Jamfører ein med dei mange små og truga språka som finst i verda, gjev desse tala på ingen måte grunnlag for å rope varsku. Om lag 90 000 grunnskoleelevar + eit ukjent tal elevar i vidaregåande skole i tillegg til alle vaksne nynorskbrukarar, skulle kunne gje oss eit rett nok usikkert tal på om lag ein halv million. Det er slett ikke noko lite tal når det er språk det er snakk om. Om lag ein firedel av kommunane i Norge har gjort vedtak om nynorsk som målform i offisiell kommunikasjon, 116 av 435 kommunar. Desse kommunane utgjer om lag 12 % av befolkninga. Også det peiker i retning av eit totaltal på om lag ein halv million nynorskbrukararar.

Fire fylke har nynorsk fleirtalsmålform etter reglane i mållova, Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Vidare veit vi at i år 2000 oppgav 10,4 % av dei vernepliktige at dei hadde nynorsk som målform, om lag 11 % ber om å få sjølvmeldinga på nynorsk. 9 % av bøkene som blir utgjevne her i landet, er på nynorsk, mens ein firedel av avisene blir redigerte på nynorsk. Ser ein derimot på opplagstala, utgjer dei reine nynorskavisene om lag 6 % av det samla avisopplaget. I tillegg har ein del aviser som i hovudsak bruker bokmål, eit ikkje ubetydeleg innslag av stoff på nynorsk.

Det er viktig å føre statistikk over slike forhold. Men det er like viktig å ikkje la seg forblinde av statistikken. Dei kvantitative tilhøva mellom språk er berre ein del av eit totalbilde, og slett ikkje alltid den viktigaste delen.

Kan eit offisielt språk vere minoritetsspråk?

Nynorskfolk imellom har det ikkje vore stovereint å tale om nynorsk som minoritetsspråk. Helst har ein vilja framheve at nynorsk er eit offisielt norsk riksmål, og derfor ikkje noko minoritetsspråk. Heilt opp til våre dagar hevdar somme at einast nynorsk har den historiske retten til å bli kalla «norsk». No er det sjølvsagt slik at nasjonar, nasjonalspråk og nasjonalkulturar er sosiale konstruksjonar. Slik eg ser det, er det gode grunnar for å hevde at ein aldri har lykkast i å realisere konstruksjonen «nynorsk som offisielt nasjonalspråk i Norge». I realiteten har nynorsk alltid vore – og er framleis – eit minoritetsspråk, både i den kvantitative og den meir utvida meininga av omgrepet «minoritetsspråk». Og det er i denne utvida tydinga at vi ser at nynorsk deler språksosial lagnad med ei rekkje minoritetsspråk verda over, anten dei er «offisielle» språk eller ikkje.

 

-- Tove Bull er professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Tromsø.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:23.11.2004 | Oppdatert:15.06.2015