Leiar: Morsmål

Språk er ikkje alltid språk på same måten. Det heimlege verdsbiletet er prega av idéen om at eit land (ev. ein nasjon) har eit språk, og det har ein litteraturarv på dette språket, som vi har lært å kalle morsmålet. Men menneska har organisert seg og språket på uendeleg mange måtar. Det skal dette nummeret av Språknytt vise; vi presenterer noko av språkmangfaldet i den islamske verda. Vi vil sjå både at ikkje alt er islamsk der, og at ikkje alt er arabisk.

Forholdet mellom språk og religion er sentralt – ikkje minst i dette området. Vi opplever religionen og erkjenner verda kring oss gjennom språket, og dét gir språk ein spesiell kulturell funksjon. Vi brukar språket – ikkje berre lydane, men òg teikna – til å vise forskjellar og å markere samhald. Kunnskap om ulike språkforhold gir oss derfor ein god innfallsport til å forstå kulturvariasjonane. Dessutan får han oss til å oppdage at det sjølvsagde hos oss ikkje er sjølvsagt.

Verda kjem stadig nærmare innpå oss. Dei 38 språka vi omtalar her, er ikkje språk i berre Midtausten og Asia. Dei blir snakka i gata vår, hos naboen. Det bur godt over 100 000 personar i Noreg med bakgrunn i desse språka. I norsk skole er det over 10 000 elevar med morsmålsopplæring i dei språka som er nemnde i dette heftet. Samla utgjer dei over halvdelen av minoritetsgruppene som får slik undervisning i grunnskolen. Dei to største gruppene utgjer urdu med 2807 elevar i 2002, og arabisk med 1679. I tillegg kjem kanskje like mange minoritetsspråkelevar med same språkbakgrunn som ikkje har morsmålsopplæring. (Dei fleste som lærer urdu, snakkar forresten panjabi. Les meir i heftet!)

Det mangkulturelle Noreg hjelper oss til å forstå både nærmiljøet vårt og verda. Og oss sjølve.

 

Helge Sandøy

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter