Språket og det heilage: arabisk og islam

AV KNUT S. VIKØR

At språk og religion kan henge saman, kan ein lett sjå ved tilfellet arabisk og dei banda språket har til islam. Arabisk er eit moderne bruksspråk og ikkje noe avgrensa sakralt språk. Likevel er historia til arabisk – og til arabarane – knytt til islams historie, og ein kan ikkje forstå det eine utan det andre.

Vi kjenner lite til språket arabisk før profeten Muhammads tid. Nomadane på den arabiske halvøya snakka dialektar som må ha vore ganske like det seinare skriftspråket. Lenger nord, i kulturbyar som Palmyra i Syria og nabatearanes hovudstad Petra, var arabisk talespråket iallfall rundt 100- talet av vår tidsrekning, medan arameisk, eit anna semittisk språk, var statusspråk og skriftspråk.

Det starta med Koranen

Startpunktet for det arabiske skriftspråket vi kjenner, er den openbaringa profeten Muhammad fekk frå Gud, Koranen (al-Qur’ân). Muslimane insisterer på at Muhammad sjølv var analfabet, noe som er uttrykt i den klassiske historia om korleis han fekk si første openbaring: Han satt ute i øydemarka for å meditere, da ein overmektig skapning viste seg for han berande på ei bok i grøn fløyel, og befalte: «Les!». Profeten protesterte: «Eg kan ikkje lese,» men skapningen tok han, sa Muhammad seinare, og pressa ansiktet hans mot boka «så eg knapt kunne puste». Til sist sa Muhammad, «Kva skal eg da lese?» og skapningen resiterte for han det første verset som vart openbara: «I namnet til din Gud som skapte deg …»

Denne anekdoten, som stammar frå ein profetbiografi vel eit hundreår seinare, viser kor viktig boka, skrifta, var for dei tidlige muslimane, men også at tekst og resitasjon var nær samanknytt. Qur’ân kjem av verbet qara’a, «å resitere» eller å lese, så Koranen betyr «det som skal resiteras». Muhammad resiterte også openbaringane etter som dei kom fram til han, og tilhengarane la ordlyden på minnet, men dei vart trulig også skrive ned som enkeltvers eller småbitar i hans eiga tid. Prosessen med å samle desse spreidde notata skal etter tradisjonen ha starta mellom ti og tjue år etter Profetens død, og det er trulig historisk.

Dei første systematiske forsøka på å konstruere arabisk skrift

Det er i denne prosessen med å skrive ned den heilage teksta at vi finn dei første systematiske forsøka på å konstruere ei skrift for arabisk. Det har nok alt før eksistert noteringssystem for økonomiske formål i byar som Mekka, i ei skrift henta frå nabatearane i nord. Ho var likevel berre brukt som ei støtte for minnet, og var ganske enkel. Same teikn kunne bli brukt for ulike konsonantlydar (fordi nabateisk hadde færre konsonantar), det var t.d. same teikn for b, t, th, n og y. Korte vokalar har ofte underordna betydning i semittiske språk, og vart ikkje notert i det heile, for lange vokalar brukte ein konsonantteikn. Så lenge skrifta berre skulle hjelpe til å minne om ei tekst som var innlært frå før, var det heller ikkje naudsynt med meir detaljar.

Men ettersom denne spesielle teksta Koranen var så viktig, vart det etterkvart klart at ein måtte ha meir utvitydige noteringsformer, og enda meir da ein begynte å ta skrifta i bruk også til andre former for prosa utover 700-talet. Ein skilte derfor mellom dei ulike betydningane av kvar bokstavform ved å sette ein til tre prikkar anten over eller under teiknet («diakritiske teikn»), mens ein markerte korte vokalar ved å skrive ein kort strek over eller under konsonanten.

Dette var ikkje eit nytt påfunn, modellen kom trulig frå syriakisk skrift. Ein viktig grunn til å gjere det slik og ikkje t.d. lage seg heilt nye bokstavar, var også det religiøse opphavet til teksta. Når ein skilte mellom bokstavane ved å skrive prikkar ved det eksisterande teiknet, slapp ein å endre den teksta som Gud hadde openbara. I staden gav ein berre eit tillegg for å klargjere lesemåten, det opprinnelige skriftbildet stod der uforandra i sentrum. Dette var i seg sjølv omstridt, mange lærde sette seg mot at ein skulle legge til noe i det heile, og i over hundre år finn vi Koran- og andre tekster med og utan diakritiske teikn ved sida av kvarandre, før desse fekk overhand i skrifta. (I dag er det omvendt, Koranen er nå den einaste teksta på arabisk som heilt konsekvent blir trykt med alle vokalteikn på plass, fordi det ikkje skal vere noen uklarheit om uttale og betydning. I andre tekster er dei korte vokalane som oftast utelatt, sidan dei er av mindre betydning for forståinga.)

Hovudbry for grammatikarane

Dette har hatt spesiell betydning for ein enkelt bokstav, som gav stort hovudbry for grammatikarane. Det gjaldt hokjønnsendinga for substantiv. Den vart uttalt «-at»; utan vokalar skrive -t (ei «standardform» med to prikkar over, t¨). Men i Koranen var den skrive -h i slutten av ordet, men ganske riktig -t- dersom det kom eit suffiks etterstilt. Dette meinte ein var ein dialektuttale i Mekka på Muhammads tid som ikkje var i tråd med standard arabisk. Men ein kunne ikkje endre den -h-forma som var skriftfest. I staden sette ein dei to prikkane frå t-en over dette h-teiknet i hokjønnsendinga. Dermed fekk vi ein eigen bokstav, kalla «ta marbuta» [bunden -t], ein h med to prikkar over, h¨ , som berre brukas i denne eine posisjonen: i hokjønnsending av substantiv utan suffiks. (I dag er -t-en uttalt berre i sammentrekningar, elles er uttalen berre -a.) Dette viser altså kor sentral den religiøse bakgrunnen og Koranens status var for utviklinga av det arabiske skriftspråket i tidlig tid.

Dette kom ikkje berre av at Koranen var Guds ord i og for seg, men at Koranen var sjølve Gudsbeviset. Koranen er ifølgje islam den «perfekte teksta» og kan ikkje imiteras. Det mirakelet som beviser at Muhammad er ein profet, er at han fekk den «imitasjonslause» Koranen openbara. Det låg naturligvis også i dette ein kritikk av dei som før hadde fått openbaringar av Gud, jødane og dei kristne. Gud hadde også gitt sin sanne bodskap til deira sendebod, Abraham, Moses og Jesus. Men deira openbaringar hadde ikkje blitt skriftfest i nær samtid, derfor hadde menneska gløymt eller ubevisst forvridd bodskapen. Derfor er Muhammads bodskap den som må vere den rette, fordi han har ei fast og nedskriven form slik orda vart overlevert frå Gud, og derfor kan desse ikkje endras.

Den religiøse autoriteten er altså festa i Koranen og statusen han har som Guds direkte tale. Det at han er gitt på arabisk, gir arabisk ein eigen status som språk i islam. Gud seier sjølv i Koranen: «Eg har gjort han til ein arabisk Koranen slik at de kan ta visdom» (K. 43:2). Om denne særlige statusen kunne overføras på arabarane som folk, var eit anna spørsmål. Folkenamnet ’arabar’ er ikkje nemnt i Koranen i det heile, berre ’dei truande’. Arabaranes rolle i islam er derfor meir eit historisk enn eit teologisk spørsmål.

Islam er en religion for alle folkeslag

Mot fokuseringa på det arabiske låg det i innhaldet til islam at det var ein universalistisk religion, ein religion for alle folkeslag. Som vi veit, spreidde islam seg raskt med den arabiske ekspansjonen, det tok vel eit hundreår frå Muhammads død da knapt den arabiske halvøya var muslimsk, til arabarane styrte eit verdsrike frå Gibraltar til India. I grove trekk kan ein vel seie at dette riket det første hundreåret var først og fremst eit arabisk rike. Arabarane tok med seg islam, men hadde ikkje hastverk i å spreie religionen til dei erobra folka; i staden skaffa dei seg privilegium i riket som arabarar og erobrarar. Andre folk som omvendte seg til islam, vart ikkje likestilte borgarar av den grunn.

Arabisering og islamisering

Men denne haldninga kunne ikkje vare ved, ettersom sjølve erobringa vart til fortid og fleire og fleire av innbyggarane slutta seg til religionen. På 900-talet hadde folkefleirtalet i alle provinsar av riket, frå Spania til Sentral- Asia, trulig blitt muslimar, sjølv om det fortsett var kristne og jødiske minoritetar. Etter eit regimeskifte i 750 vart arabaranes særrettar fjerna, og riket vart meir og meir til eit muslimsk rike heller enn berre arabisk. Dei som snakka andre språk, tyrkarar, persarar, kurdarar og andre, fekk stadig meir viktige stillingar (sjølv om kalifen sjølv måtte vere arabar), og etter kvart vart den etniske bakgrunnen av lita betydning; vi kan som oftast berre gjette oss til den ved å sjå på fødestad eller namn til dei leiande i samfunnet. I ein viss grad gjekk islamiseringa saman med ei arabisering; folk skifta språk og tok arabisk som morsmål. Viktige språk som arameisk i Syria og koptisk og demotisk i Egypt forsvann heilt eller på nær og vart erstatta med arabisk. I noen grad kom dette også av nye og breiare folkeflyttingar, som då Banu Hilal-stammene spreidde seg utover Nord-Afrika frå 1000-talet. Dei to tinga gjekk sikkert også hand i hand, innflyttarane blanda seg med dei fastbuande, og etterkommarane tok arabisk språk og identitet.

Tunge innslag av arabiske lånord

Men mange språk overlevde også, slik som berberspråka i Nord-Afrika og Spania (i Andalus, det muslimske Spania, var folkespråka dels arabisk og dels berbisk) og persisk og kurdisk i aust. Av desse var det persisk som raskast utvikla seg til eit nytt skriftspråk, nå i tilpassa arabisk skrift og med tungt innslag av arabiske lånord (opptil halvdelen av vokabularet i moderne persisk), men med eigen grammatikk og språkstruktur. Tyrkarane som kom frå Sentral-Asia frå 900-talet og utover og slo seg ned i Anatolia, tok vare på og utvikla sitt eige tyrkiske språk, også det med sterke innslag av arabiske (og persiske) lånord.

Kunnskapsspråka arabisk, persisk og tyrkisk

Men språkgrenser og etniske grenser var ikkje så opplagte som i dag. Dei fleste med noen lærdom kunne alle dei tre kunnskapsspråka, arabisk, persisk og tyrkisk, og brukte dei i ulike kontekstar, arabisk i religion, persisk litterært og tyrkisk administrativt. Kva som var ‘identiteten’ til ein lærd person, kan ha vore tilfeldig; alt frå tidlig tid ser vi at dei fremste vitskapsfolka i arabisk språkvitskap har persiske namn, så som Sibawayhi, Fayruzabadi mfl. Under osmanane var ein person med noen status osmanar, korkje arabar eller tyrkar, uansett kor han kom frå. Først på 1800- og 1900-talet vart ein arabisk nasjonal identitet utvikla, og med det ein renessanse for arabisk som bruksspråk i alle former for prosa.

Ikkje berre sakralt språk

På denne måten har arabisk fått eit tosidig forhold til religionen islam. Det er Koranens språk, og dermed islams språk, med ei historie knytt til religionens historie. Men det er ikkje eit sakralt språk i den forstand at det er faststivna eller reservert for bestemte typar bruk. Den arabisk som er brukt i Koranen, er i prinsippet same språket som blir brukt i moderne medium om dagligdagse ting, og som har tatt opp i seg endringar både i syntaks og vokabular ut frå dei språkendringane som særlig den moderne tida har ført med seg. Noen ting ligg nok meir fast enn i andre språk, slik som at språkvariasjonane mellom ulike arabiske land blir oppfatta som «dialektar » heller enn nasjonalspråk, og at desse dialektane i liten grad blir skriftfest (dette er omtalt i ein eigen artikkel i dette nummeret). Men denne ideologiske bindinga til at alt arabisk er eitt språk og knytt til det klassiske skriftspråket, kjem vel så mye frå ei nasjonalistisk oppfatning av arabisk einskap, at arabarane er eitt folk, som av religionen. I den arabiske nasjonalismen har språket vore kanskje den mest sentrale kjernen i omgrepet «den arabiske nasjonen», mens religionen islam spelte ei mindre rolle som ein del av den fellesarabiske kulturarven, men som mange andre folkeslag også har tatt del i.

Muslimar av andre nasjonalitetar har også frigjort seg meir frå det arabiske ettersom deira nasjonalismar har utvikla seg. Det er ikkje lenger noe opprørsk i å omsette Koranen til andre språk enn arabisk, slik det var berre for ein generasjon sidan. Da var tanken at den ekte Koranen kunne berre finnas i arabisk språkdrakt. Omsettingar var i beste fall «fortolkingar » utan guddommelig kraft, og i stor grad også bekjempa av skriftlærde. I dag legg muslimske predikantar større vekt på at folk skal kunne lese og forstå Koran-teksta, og manglande kunnskap i arabisk språk er blitt ein sperre for dette. Derfor blir teksta nå omsett til dei fleste språk, utan hinder. Framleis er det nok slik at skolebarn på «koranskolar» på landsbygda og i byar lærer seg koranversa på rams utan å forstå innhaldet, men dette kan vere ein av dei siste generasjonane der vi kan sjå slikt. Arabisk og islam vil alltid ha eit emosjonelt band til kvarandre. Koranens ord om at han er ein «arabisk koran», vil stå fast og bli «urteksta». Men den moderniseringa og folkeliggjeringa av bodskapen som både «radikale» og «moderate» muslimar står for, vil gjere teksta og religionen meir internasjonal, og dermed føre til at islam blir frigjort frå det arabiske språket, slik nasjonalismen for eit hundreår sidan frigjorde det arabiske språket frå islam.

 

-- Knut S. Vikør er førsteamanuensis i historie og daglig leder for Senter for  Midtausten- og islamske studiar ved Universitetet i Bergen. Han har gitt ut m.a. Ei verd bygd på islam: Oversikt over Midtaustens historie (Oslo 1993, ny utgave 2004), Islam: ei faktabok» (Oslo 2002), Mellom gud og stat: Ei historie om islamsk lov (Oslo 2003).

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter