Djuptloddande prisvinnar

No image

Forfattar Alfred Fidjestøl er vinnar av Språkprisen 2017. Prisvinnaren syner stor breidde i temaval i bøkene sine, med kryssande kulturhistoriske trådar.

Alfred Fidjestøl fekk prisen for bøkene Trass alt. Det Norske Teatret 1913–2013 (2013), Frå Asker til Eden. Historia om Askerkretsen 1897–1924 (2014), Eit eige rom. Norsk kulturråd 1965–2015 (2015) og Nesten menneske. Biografien om Julius (2017).

Kreativ og lettlesen

– Fidjestøl gir ei frimodig, humørfylt og samstundes kjeldekritisk, faktaspekka og språkleg kreativ framstilling av tunge institusjonar. Han har mellom anna demonstrert etisk balansert kjeldebruk, populærvitskapleg formidlingsevne og engasjert forteljarglede i sin perspektivrike biografi om kjendissjimpansen Julius, sa Toril Opsahl på vegner av språkprisjuryen.

«Prisvinnaren er ein djuptloddande formidlar», skriv juryen i grunngjevinga. «Bøkene hans er tidvis tunge kolossar som skaper salrygga bokhyller, men innhaldet er sjeldan tyngande, verken for lek eller lærd. Fidjestøl skriv innsiktsfullt og med snert om menneske, nesten-menneske og institusjonar som har forma kulturhistoria. Han nyttar gjerne den gode historia som berande prinsipp, men saksframstillinga vitnar alltid om kritisk handsaming av vidt og solid kjeldetilfang. Den same engasjerte og grundige innstillinga kjem til uttrykk i ordval og stil.»

Dei andre nominerte til årets språkpris var Åsa Elstad, Jon Hustad, Erna Osland og Morten Søberg.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter