Samlar norsk fagspråk på éin stad

No image

– Vi samlar all fagterminologi i éin nasjonal søkjeportal. Det vil gjera det langt enklare for studentar, forskarar og heile samfunnet å finna fagtermar og nytta norsk fagspråk, seier Peder Gammeltoft ved Universitetet i Bergen.

AV OLE VÅGE

Studentar som les pensum på engelsk, og som treng norske fagtermar, må i dag leita i mange ulike fagordlister, termlister, termbasar, fagordbøker og leksikon. Det same gjeld forskarar, fagekspertar, journalistar og alle andre som nyttar eller møter fagspråk i arbeidsdagen sin.

– Det er frustrerande å bruka mykje tid på å leita etter norske fagtermar. Fagfolk kan koma til å gje opp og nytta engelske termar i staden. Det taper norsk fagspråk på, seier Peder Gammeltoft, leiar for språksamlingane ved Universitetet i Bergen.

Ein prototype vart til

Men det har ikkje alltid vore like vanskeleg å finna norske fagtermar. I fleire tiår år arbeidde Rådet for teknisk terminologi (RTT) systematisk med å laga og samla fagtermar i ein serie fagordbøker, frå byggteknikk og flymekanikk til fiberoptikk og romverksemd. Dessutan vart Norsk termbank utvikla ved Universitetet i Bergen, ein base der titusenvis av oljetermar vart laga og gjorde tilgjengelege for søking. Men utover 1990-åra gjekk arbeidstakten ned, og i 2001 gjekk RTT konkurs.

Det fekk uheldige konsekvensar for fagspråket vårt, fortel Gisle Andersen, professor ved Noregs handelshøgskole (NHH), som har arbeidd med og forska på fagspråk og terminologi i mange år.

– På mange fagområde vart det ikkje lenger laga norske fagtermar i takt med kunnskaps- og teknologiutviklinga. Norsk språk byrja å mista fotfestet på fleire fagområde, særleg i universitets- og høgskulesektoren. Færre lærebøker på norsk har også bidrege til det.

Andersen fortel at det rett nok vart laga ein del termlister på nokre fagområde, men dei var små, hadde ulike dataformat og vart i liten grad oppdaterte. 

– Ved NHH ønskte vi å gjera noko med dette. I samarbeid med andre stabla vi på beina ein prototype på ein termportal. I éi portalside skal brukarane kunna søkja på fagtermar som finst i RTT-ordbøkene, Norsk termbank og fleire andre termbasar. I tillegg la vi til ein god del nytt innhald, mellom anna fagtermar særleg innan maritime og økonomisk-administrative fag, forklarer Andersen.

– Vårt ønske har vore at prototypen skulle verta ein nasjonal termportal for alle samfunnssektorar og fagfelt. Men det var krevjande å utvikla og drifta ein portal som skulle femna så breitt. Vi vart difor glade då Universitetet i Bergen ville ta over og drifta han. NHH tek framleis ansvar for det terminologiske innhaldet frå dei økonomisk-administrative fagområda. 

Stort potensial

Peder Gammeltoft er leiar for språksamlingane, som vart oppretta då Universitetet i Bergen tok på seg ansvaret for å husa og drifta Bokmålsordboka, Nynorskordboka og andre språkressursar som Universitetet i Oslo tidlegare hadde ansvaret for.

For halvtanna år sidan utvida språksamlingane porteføljen sin og tok over prototypen på ein nasjonal termportal frå NHH.

– Termportalen er ein nasjonal ressurs for norsk fagspråk. Vi er glade for å vera vertskap for portalen, og vi ønskjer å vidareutvikla han. Universiteta og høgskulane har eit lovpålagt ansvar for å vidareutvikla norsk fagspråk, seier Gammeltoft.

Sidan Universitetet i Bergen tok over portalen, har det kome ein tilleggsfunksjon som gjer at fagfolk sjølve kan registrera fagtermar frå nye område. Mellom anna har portalen fått påfyll av studieadministrativ terminologi frå Universitets- og høgskolerådet (UHR) og maritim terminologi i eit prosjekt som NHH leier.

Men Gammeltoft påpeiker at mykje står att. Dersom portalen verkeleg skal verta ein nasjonal termportal, må han hausta inn fagtermar som alt ligg lagra i termbasar over heile landet. Det gjeld titusenvis av omgrep frå mange område: tekniske, akademiske, medisinske og mange andre.

– Potensialet er enormt. Men skal vi koma i mål, treng vi stabil finansiering frå Kunnskapsdepartementet. Vi treng pengar både til teknisk utvikling og til eit terminologisk fagmiljø som kan kuratera innhaldet og hjelpa dei fagmiljøa som ønskjer å registrera fagtermane sine i portalen.

Løft for nynorsk fagspråk 

Dersom ei finansiering kjem på plass, vil vi sjå fleire gevinstar, meiner Peder Gammeltoft og Gisle Andersen.

– Nynorsk fagspråk står ekstra svakt i dag. Mange fagområde manglar fagtermar på nynorsk. Eit terminologisk fagmiljø vil kunna bøta på mangelen. Termportalen kjem til å verta eit stort løft for nynorsk fagspråk, seier Gammeltoft.

Termportalen vil ha ringverknader også for norsk språkteknologi, legg Andersen til.

– Skal språkteknologiske tenester som til dømes praterobotar (chatbots) og automatisk omsetjing fungera på arbeidsplassen til folk, må dei tilpassast bestemte bruksområde, og dei vil trenga tilgang til fagtermane på desse bruksområda, forklarer Andersen.

– Termportalen vil såleis gjera fagterminologi tilgjengeleg ikkje berre for personar som søkjer etter fagtermar, men også for maskinar som må matast med fagtermar til språkteknologiske tenester. Termportalen vil slik kunna verta ein viktig leverandør til språkbanken, der terminologi inngår saman med andre typar språkressursar for gjenbruk til språkteknologiske firma.

Viktig for norsk som fellesspråk

Språkrådet har følgt med på utviklinga av norsk fagspråk over mange år. Fleire undersøkingar syner at engelsk har fortrengt norsk som bruksspråk på fleire fagområde i universitets- og høgskulesektoren.

– Det er uheldig for studentar som treng å meistra norsk fagspråk i arbeidslivet. Arbeidsgjevarar etterspør nemleg kompetanse i skriftleg og munnleg norsk, fortel Åse Wetås, direktør i Språkrådet.

– Det er uheldig også for resten av samfunnet, for vi treng eit norsk fagspråk til eit kunnskapsbasert offentleg ordskifte. Skal vi kunna diskutera viktige spørsmål om til dømes folkehelse og smittevern, må vi nytta fellesspråket vårt, som er norsk.

– Dei klare samfunnsbehova gjer at norsk fagspråk treng ekstra merksemd. Språkrådet er nasjonalt samordningsorgan for terminologi, og vi meiner at Termportalen er nødvendig for å kunna røkta norsk fagspråk på ein effektiv måte. Difor samarbeider vi med Noregs handelshøgskole og Universitetet i Bergen om å få på plass finansieringa av Termportalen, seier Wetås.

Wetås framhevar at det trengst eit eige akademisk fagmiljø i terminologi, og det miljøet bør koplast til Termportalen.

– Det er eit paradoks at behovet for terminologisk kompetanse har auka samstundes som fagmiljøet i terminologi har vorte svekt dei siste åra. Vi vonar at Termportalen kan gje grunnlag for forsking og undervising i terminologi som vitskapleg disiplin. Det vil sikra kvaliteten på innhaldet i Termportalen og styrkja norsk fagspråk for framtida.

 Ole Våge er seniorrådgjevar i Språkrådet.

Fakta om Termportalen
  • inneheld 99 251 termpostar (oppslag) med ca. 270 000 fagtermar på ulike språk
  • finst på www.terminologi.no
  • har i dag desse termbasane og fagområda:
    • teknisk terminologi (RTT)
    • Norsk termbank
    • økonomi og administrasjon
    • maritim ordbok
    • marine evertebratar
    • artsdatabanken
    • Universitets- og høgskolerådets termbase
    • tolketenesta

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:26.05.2020 | Oppdatert:25.01.2021