Snakkar så folk forstår det

No image

Epidemiologi, prevalens og serologiske undersøkingar? Koronapandemien har ført med seg ei rekkje ord som ikkje er så lette å forstå. Ei av hovudoppgåvene til journalist Hallvard Sandberg er å forstå og forklare oss kva all informasjonen eigentleg betyr.

AV SIGRID SØRUMGÅRD BOTHEIM

Om du følgjer med på NRK sine maratonsendingar om koronapandemien, har du sikkert sett journalist Hallvard Sandberg på skjermen meir enn éin gong den siste tida. Direktestudioet har nærast vorte Sandberg sin andre heim etter at viruset braut ut her i landet.

Eg jaktar alltid på bilde som folk kan kjenne seg att i.

Til vanleg arbeider Sandberg i utanriksredaksjonen i NRK, og mange veit at han er spesielt interessert i naturvitskap og romfart. Nå om dagen brukar han størstedelen av tida på å forstå store og små aspekt ved virusspreiinga. Til liks med mange andre har han hatt heimekontor med heimeskule og heimebarnehage – men nå er barna attende på skule og i barnehage. Elles brukar han mesteparten av arbeidsdagen i studio. Dessutan blir det arbeidsøkter både om kvelden og om natta.

– Eg likar natta, det heilt stille og uforstyrra, eg konsentrerer meg best om det kompliserte stoffet da. Eg prøver å forstå alle omgrepa som epidemiologane brukar. Eg treng òg å vera oppdatert på fagstoffet for å kunna stille spørsmål ved det politikarane gjer. Følgjer dei råda frå ekspertane eller ikkje? Om dei ikkje gjer det, kva er grunnen?

Søv du nokon gong, da?

– I utanriksredaksjonen er det vanleg å ha trening i å sova lite. Når vi rykkjer ut til ei aktuell hending, kan det bli lange arbeidsdagar. Eg veit at hovudet mitt har omtrent 80 prosent av normal kapasitet når eg søv lite, så det er eit problem. Men det er slik frå naturen si side at vi søv i to strekk. Å sova åtte timar i eitt er noko det moderne mennesket har begynt med.

Brukar språklege bilde

Det finst ei enorm mengde informasjon om koronapandemien, og ein kan lesa seg grøn på rapportar, modellar, teoriar og berekningar. Samtidig kan det vera vanskeleg å forstå kva informasjonen inneber. Sandberg har funne ut at det hjelper å bruke kjende bilde for å illustrere dei ulike sidene ved den alvorlege situasjonen vi er i.

– Eg jaktar alltid på bilde som folk kan kjenne seg att i. Det kan vera kva som helst: bilkøyring, gjær, idrett, kropp. Eller personøkonomi! Med ein gong ein ser for seg noko frå kvardagslivet, blir det enklare å forstå.

Sandberg brukar å samanlikne kampen mot viruset med det å sitja i ein båt med hòl. Vi kan ause båten tom for vatn, men ausing tettar ikkje hòla. Vi må halde fram med å ause heilt til vi kjem i land. På same måte kan vi ikkje lette for mykje på tiltaka sjølv om talet på smitta og innlagde går ned. Så lenge viruset er blant oss, vil det kunna blusse opp att.

– Eg brukar også dette bildet mykje: Å opne samfunnet for tidleg er det same som å klippe av deg fallskjermen medan du framleis er oppi lufta. Alle ser tydeleg kvifor det ikkje er ein god idé. Slike bilde dukkar ofte opp medan eg sit i studio. Som regel greier eg å treffe med desse allegoriane, men når eg er for trøytt, kan eg bomme. Her om dagen sat eg i eit morgonmøte og begynte på ei historie om nokre hestar som stod på startstreken. Det førte absolutt ingen plass, vi måtte til slutt berre le.

Må forstå for å formidle

Sandberg har utmerkt seg som ein journalist som er svært oppdatert på mange fagfelt, anten det er flyulykker, atomulykker, romfart, astronomi eller virusutbrot. Han seier det er nødvendig å forstå fagstoffet så godt at han ikkje er redd for å ha gått glipp av noko viktig.

– Når eg går inn i eit tema, må eg vera trygg på det faglege. Eg prøver alltid å unngå at det skal dukke opp noko i samtalen som eg ikkje kan svara på.

Sandberg siterer den tidlegare amerikanske forsvarsministeren Donald Rumsfeld, som fortalde om «the known unknowns» og «the unknown unknowns» i ein kjend tale frå 2002.

– Det er eit sitat som er latterleggjort, men det er ein kjerne av sanning i det han sa. Det er mykje vi veit at vi ikkje veit. Men det er òg mange ting vi ikkje veit at vi ikkje veit – det er dette som er mest problematisk. Kva er det eg ikkje veit at eg ikkje veit? Eg les og les for å finne ut alt eg kan. Det som er mest sært, kan eg gå forbi, men eg kan aldri hoppe over noko sentralt, sjølv om det er noko eg ikkje forstår. Til slutt har eg lært meg så mykje at det er lite truleg at eg får spørsmål eg ikkje kan svara på. Dessutan blir eg svært engasjert, det er kjempegøy å fortelja om ting som folk ikkje har høyrt om!

Balanse mellom informasjon og skremsel

Media har fått ein del kritikk for å spreie frykt om koronaviruset. Dei skal informere folk og stille spørsmål, men unngå skremsel. Det er ei krevjande øving, vedgår Sandberg.

– Det er mykje som er skremmande med denne sjukdommen. Det er viktig å fortelja kor alvorleg han er. Samtidig ser eg ikkje noko formål med å formidle den mest skremmande informasjonen heile tida. Ein viss grad av frykt er nødvendig for at folk skal bry seg, men det er ingen grunn til å overdrive frykta.

Media har òg fått kritikk for å vera talerøyr for styresmaktene?

– Vi tek samfunnsansvaret vårt på alvor. Vi skal vera kritiske. Samtidig er det viktig å koma med informasjon, og ein del av rolla vår er å vidareformidle informasjon frå kjelder vi kan stole på. Eg har fått kritikk i samband med smitteappen, for at eg ikkje har vore skeptisk nok til han. Eg har prøvd å fortelja nøytralt om han, kva han gjer, og korleis han fungerer. Eg har sagt at mange meiner at personvernet ikkje er godt nok vareteke. Men eg kan ikkje seia at det ikkje er eit gjennomtenkt tiltak. Eg opplyser og informerer, og så må alle gjera sine eigne val.

Må finne dei riktige orda

I ei krisetid blir det ekstra viktig å tenkje over kva ord ein brukar. Sandberg seier at han er særleg varsam når han omtalar dødsfall.

Eg kan ikkje bruke forskarspråket på lufta.

– I starten av dekninga sa vi at det var forventa at så og så mange kom til å døy. Men etter kvart vart det bestemt at vi ikkje skulle bruke ordet forventa, sidan det er knytt noko positivt til det å forvente noko. Eit frykta tal på døde er noko eg tidlegare har brukt i samband med terror, så eg syntest ikkje det passa så godt. Men eg har brukt både eit venta tal på døde og det er sannsynleg at så og så mange vil døy. Eg strevde i fleire dagar med å finne ein god erstattar.

Når du les rapportar på engelsk og anna komplisert fagstoff, må du bruke mykje tid på å omsetja omgrepa til norsk?

– Nei, fordi eg unngår å bruke kompliserte omgrep. Eg kan ikkje bruke forskarspråket på lufta. Eg må skrive om og bruke fleire ord. Det blir ikkje like presist, og det går an å misforstå. Men eg kunne ikkje gjort det på nokon annan måte. Eg refererer ikkje til «serologiske undersøkingar», for eksempel. Når eg snakkar om antistoff, seier eg at det er soldatar i blodet som kjempar for oss. Dei skal banke møkka ut av viruset! Eg prøver å forklare fagtermane med ord vi kjenner att.

Til vanleg normerer Sandberg talespråket sitt til eit konservativt bokmål når han er på lufta. Men han seier at dialekten snik seg fram når han blir engasjert.

– Bøler-målet kjem fram når eg snakkar i timevis på direkten. Da brukar eg a-endingar og slanguttrykk. Eg greier ikkje å seia «hytten», så da seier eg «fritidseigedom» i staden for, he-he. Men det må berre bli slik. Dersom eg må ha på det normerte filteret, ville det stoppa opp for meg. Eg må snakke som eit menneske, slik som eg snakkar med barna og vennene mine.

Koronavenn og koronabursdag

Heldigvis finst det nokre ljospunkt for språkinteresserte i desse rare tidene. Koronakrisen er blitt ei blomstringstid for orddanning. Sandberg prøver sjølv å innføre nokre nye ord og omgrep.

– Barna har fått lov til å ha éin venn dei kan leike med, og det kallar vi koronavenn. Elles prøver eg å innføre koronabursdag. Mange stader i Europa er det portforbod, og familiar sit innesperra, det er heilt ille for barn. Dei kan ikkje springe rundt og leike. Difor fortener dei ein dag kvar månad der dei får kake og gåver. Så om du for eksempel er født 24. mars, kan du ha koronabursdag den 24. kvar månad!

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:26.05.2020 | Oppdatert:25.01.2021